PÅ BORDET: Med sine ca. 5500 innbyggere er Årdal kommune i Sogn og Fjordane en aktuell kandidat for sammenslåing når de borgerlige skal få dagens 428 kommuner ned i rundt 100. Men hvordan det skal skje, har de ingen nye ideer om eller bedre løsninger på, skriver Andreas Hompland. Foto: Lars Lindqvist.
PÅ BORDET: Med sine ca. 5500 innbyggere er Årdal kommune i Sogn og Fjordane en aktuell kandidat for sammenslåing når de borgerlige skal få dagens 428 kommuner ned i rundt 100. Men hvordan det skal skje, har de ingen nye ideer om eller bedre løsninger på, skriver Andreas Hompland. Foto: Lars Lindqvist.Vis mer

Storkommuneminister Sanners sanering

Større kommunar og fleire private leverandørar av velferdstenestar er to sider av same sak i det blåblå prosjektet.

Meninger

SØNDAGSKOMMENTAREN: Kommunestruktur var ein elefant i rommet under valkampen. Mange snakka gjerne om alt det gode ei kommunesanering vil føra med seg for land og folk: At det er milliardar å spara, at det blir lettare å rekruttera kompetente folk når fagmiljøa blir breiare, at det blir mindre byråkrati, betre tenester og mindre forskjellar mellom folk etter kommunegrenser — til fordel for både skattebetalarar, fagfolk, pasientar, klientar og kommunale kundar.

Senterpartiet kjæra for det lokale folkestyret og prøvde å mana fram folke(u)viljen, mens dei andre gjorde sitt beste for ikkje å sleppa laus debatten om baksidene av prosessen undervegs og dei problema den vil dra med seg inn i framtida. For kommunesamanslåingar har sine kostnader. Ein skal ikkje kimsa av kva lokale tilpassingar, oversikt og nærhet, kjennskap, identitet og tilhøyrighet har å seia for eit trygt liv. Og det heilt grunnleggande med kommunane er ikkje at dei er eit praktisk forvaltningsnivå, men eit uttrykk for lokal folkevilje.

Etter valet har den kommunale elefanten vore med i sonderingar og forhandlingar mellom dei fire borgarlige som med ulik grad av frivillig tvang vil ha større kommunar. I samarbeidsavtalen mellom dei heiter det i punkt 3b: «Det gjennomføres en kommunereform, hvor det sørges for at nødvendige vedtak blir fattet i perioden.» Vedtak altså, ikkje gjennomføring på fire år.

I Solberg-regjeringas politiske plattform er dette ført fleire hakk vidare. Med fagre ord om kommunane som grunnmuren i det norske demokratiet, meir makt og ansvar til kommunane, ein god og robust kommuneøkonomi, auka innflytelse for folk flest over deira kvardag og lokalmiljø. Og så vidare.

Men regjeringa skal også gå kritisk gjennom oppgavene til fylkeskommunane, fylkesmennene og staten. Dei vil legga til rette for meir lokal tilpassing i arealpolitikken og redusera fylkesmannens høve til å overprøva dei folkevalde sitt skjønn. Kommunane skal også få større sjølråderett og avgjerande makt i saker om nasjonalparkar, strandsoner, verneområde og asylmottak. Tvistar mellom stat og kommune skal ikkje handterast av forvaltninga og politiske organ, men av eit eige rettslig organ.

Plattforma er blitt litt plattfot og tar mange steg tilbake frå partiprogrammas brageløfte om å kvela fylkeskommunen og avskaffa fylkesmennene i ein fei. Det vil ta tid å nedlegga fylkeskommunen og dela oppgavene deira mellom staten og større og færre kommunar.

Gjennomgang og litt endring altså, men «gradvis og på en forutsigbar måte». Det betyr utgreiingar, komitear, prøveordningar og pilotprosjekt, politisk tautrekking i og mellom partia — nasjonalt og regionalt, lokale folkerøystingar og andre hinder for dei som vil gå fort fram. Implementeringa vil ta tid, som også Frp-arar lærte seg å seia straks dei fekk embetsverk og svarte bilar.

Vilkåret for alt dette, for at staten skal trekka seg tilbake og overføra meir makt og myndighet til kommunane, er at kommunane blir meir robuste, det vil seia større. Då vil det også bli mindre behov for interkommunalt samarbeid som fører til at makta forsvinn frå folkevalde organ til interkommunale selskap og andre ustyrlige gjøkungar. Derfor ser den blåblå regjeringa ein omfattande kommunereform som ein stor demokratireform.

«Robust» er sjølve heidersordet. Det har moderniserings- og storkommuneminister Sanner arva etter Arbeiderpartiets robuste kommunal- og regionalminister Kjell Borgen, og det blir gjentatt og gjentatt som ein besvergelse. Men kordan ein skal koma ned til rundt hundre kommunar frå dagens 428, har dei ingen nye idear om og betre løysingar på. Dei lokkar med noen gulrøter, men viser ikkje fram pisken og riset og trugar med Ernas jernneve.

I Sundvollen-symfonien blir partia på Stortinget invitert til å drøfta den kommunale saneringsprosessen for å koma fram til eit breitt forlik. Målet er sjølsagt å få Arbeiderpartiet til å vera med på den hardhendte kommunesamanslåinga dei også egentlig er for. Men der kan dei blåblå koma til å gjera opp rekning utan verk, for her har Arbeiderpartiet ein velkomen opposisjonsposisjon.

Nestleiar Helga Pedersen, som skal leia kommunalkomiteen på Stortinget, hostar i lovotten og ymtar frampå om respekt for lokale initiativ og ønske. Partisekretær Raymond Johansen har nytta høvet til å stå fram som frivillighetas vern og verje, tar avstand frå tvang og gjer seg til talsmann for dei små og perifere. Mens fylkesordførar Sandvik ertar med at det er rundt dei store byane det er størst grunn til å samordna gjennom å slå saman. Men i slike omegnskommunar er det som kjent tjukt av sjølsikre Høgre-ordførarar som ikkje vil slukast av storbyane.

Dei lokalpolitiske konstellasjonane varierer også på forvitnelig vis. Klassekampen hadde torsdag ein artig reportasje frå Fosenhalvøya. Der har Senterpartiordføraren i Ørland og Arbeiderparti-ordføraren i Bjugn i fleire år arbeidd for å slå saman dei stadig meir innvovne nabokommunane med rundt 5.000 innbyggarar kvar. Det stranda i krangel om kvar kommunesenteret skulle ligga, men nå er det blitt aktuelt igjen fordi det kjem store utbyggingar og folkevekst når kampflybasen blir lagt til Ørlandet. Kommunane har utreda spørsmålet om samanslåing, intensjonsavtalen er framforhandla, og det er lagt opp til folkerøysting på nyåret. Men Høgre, Fremskrittspartiet og Venstre, som på nasjonalt plan er dei ivrigaste for å slå saman kommunar, seier nei lokalt.

Om dette kan ein vel seia at dei vikarierande argumenta er rimelig likelig fordelt. Det er jo ein vanlig lærdom at det kan vera enklare å bli ein del av ein større regionkommune enn å seia ja til den næraste naboen. Noen meiner likevel det er betre å slå seg saman frivillig enn å venta til ein blir slått saman med tvang. Mens andre meiner det er bortkasta møde å slå saman to små kommunar ettersom den blåblå regjeringa snart vil pressa fram mye større kommunar.

Og så er det ei side til ved saka: Forholdet mellom offentlig og privat. I Sundvollen-plattforma heiter det at regjeringa vil utarbeida eit rammeverk som kommunane kan bruka dersom dei vil innføra fritt brukarval. I kapitlet om velferd og konkurranse står det: «Regjeringen mener i utgangspunktet at produksjon av velferdsgoder skiller seg lite fra andre tjenester. Bruk av konkurranse stimulerer til verdiskaping, bedre tjenester og effektivisering. Det er derfor helt nødvendig at konkurranse blir et gjennomgående element i offentlig virksomhet.» For å sikra dette, vil den blåblå regjeringa ha «lovfestede rettigheter til velferdstjenester, kombinert med fri etableringsrett og stykkprisfinansiering direkte (fra staten) til den tjenesteprodusent forbrukeren velger».

Her ligg det ein hund begraven. Jo større kommunar, jo meir sannsynlig at private aktørar ser muligheter, også på velferdsstatens kjerneområde. I små kommunar er det bare kommunen som står til teneste.

Derfor er storkommune- og moderniseringsminister Sanners prosjekt todelt: Færre kommunar med større effektivitet, mindre byråkrati, lågare utgifter, betre tenester og friare val. På den andre sida privatisering, anbod og konkurranseutsetting. Kommunane skal produsera færre tenester sjøl og kjøpa fleire frå private leverandørar.

Er det rart at Petter Furulund i NHO Service jublar? Og Jan Davidsen i Fagforbundet fryktar? Han som var med og åpna døra for Senterpartiet til det rød-grøne samarbeidet for å stagga Stoltenbergs glideflukt mot markedsløysingar.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook