Storm i eit vassglas

LITTERATUR: Den norske Forfatterforening har i det siste fått ei «Valla-sak» på nakken, er det likt til. Mykje urettferdig kritikk har vorte reist mot denne snart 114 år gamle kulturorganisasjonen. Jau visst har mange vorte avviste som medlemer i foreningen, i allfall i fyrste omgang. Tilfellet Ingulstad er ikkje eineståande, men har vorte hetsa fram i media. Dette er storm i eit vassglas, og vår kjære Frid er uskuldig i oppstyret. I staden har det kome sure oppstøyt fordi DnF ikkje voterar inn gud og kvarmann, slik somme av våre søsterorganisasjoner visstnok gjer. Opptaksregelen om litterær kvalitet har vorte drøfta gjennom tidene. Likevel har den litterære kvalitetsrama lege fast.

DET KJEM MYKJE underhaldningslitteratur ut i dag, meir enn nokon gong. Det ser ut til å vera aukande marknad for denne typen litteratur. Dertil har folk med solid økonomi høve til å vera sitt eige forlag, og gje ut bøker av ymse slag. Somt av dette ville ført til medlemsskap om ein hadde hatt ein so open og liberal opptaksordning som somme skrik etter i dag.

SVÆRT MANGE synest ha trong for bøker med lettare innhald, noko som sal av vekeblad òg talar tydeleg om. Her er me inne i eit grenseområde. Kanskje vår tid slår meir av på kravet om litterær kvalitet enn før? Me ser på mange andre område at tida tilpassar seg nye og enklare former. DnF er i grunnen ein forfatterorganisasjon for smale bøker. Dette er naturleg i ein liten nasjon som vår. At dørstokken for å verta medlem er so pass høg som han er, bør ein berre vera glad for. Sjølv sat eg som formann i DnF i tre år, og sju år i Det litterære råd. I ettertid kan eg ikkje sjå at rådet med sine 12 medlemer synda særleg mot skrivande folk som søkte medlemskap og fekk nei. Ved den minste glimt av originalitet og skaparglede var rådet på vakt. Inntaket kunne heller vera for romsleg, for somme skreiv gjerne berre dei to bøkene som gav grunn for opptak, men fylgde foreningen vidare utan meir produksjon. Andre bygde seg opp ved hjelp av stipend frå stat og fagforening, vart gjerne gjæve namn for forlaga og selde i store opplag. So støtta dei vel opp fagforeningen sin? Jau, somme. Andre vokse seg for store, sa gjerne opp medlemskapen sin som Hamsun i si tid, lasta sin eigen forening for retningsliner som i si tid hadde gjeve eit visst grunnlag for skrivekarrieren deira. Eg hugsar eg bad somme av dei kome att, delta i foreningen sitt arbeid. Dei fleste sa tja og synte seg ikkje. Me opplevar noko liknande i dag.

I 64 ÅR HAR EG vore medlem i DnF, kanskje det eldste medlem no etter kvart. Det har vore både stormfulle år og maksver. Samveret med åndsglade menneske har gjennom alle desse åra gjeve meg mykje som ikkje beinveges har med det faglege å gjera. Striden med staten om betring av vilkår for ei veik gruppe i samfunnet som forfattarane er, har eg fylgt på nært hald, gjennom både sigrar og tap. DnF må alltid vera en lavande forening som kanskje i motsetnad til andra fagforeningar må ha eit tosidig mål: Det faglege og dertil skaping av eit levande litterært miljø med nye tankar og straumar. Det siste målet har ikkje alltid vore lett å fylla, for den økonomiske striden for betre forfattarkår har sjølvsagt kome i fyrste rekkje. Kva er det å skriva? Er det å søkja etter det tidlause, det som toler skiftande straumars påverknad? Eller å søkja det populære, som kallar på flest lesarar og kan gje store opplag? Som media omfamnar?Men so er det ei anna side. Mange av desse som utgjer DnF sin «medlemsmasse» skriv det som vert karakterisert som smal litteratur, som forlaga oftast gjev ut på grunn av innkjøpsordninga. Visst vert bøkene deira lesne, det syner bibliotek-statistikkane. Slike oppnår gjerne berre eit opplag på under to tusen; dei treng stipend for å kunne skriva. Ein kan spørja: Er denne litteraturen lite verd for norsk kultur, trass i ofte gode omtalar? Å døma etter mange forlag og bokhandlarar sin praksis er svaret ja. Forlaga trekkjer dei ikkje fram, og bokhandlarar gøymer dei i avkrokar so berre bokormar og lesehestar finn fram til dei, medan store stablar av bestseljarbøker står so nær kassadisken det er råd å koma.

I MI FORMANNSTID møtte eg mange frustrerte forfattarar som på dette viset kjende seg utestengde. Og same salsmetodane har halde fram til denne dag. Det er pengar det gjeld, må vita, økonomisk vinning. Men er pengar alt? Litterær verdi, kva er det for noko?Difor: Slutt med å snakka om «snobbete opptakskrav i DnF. Då får heller «lettles-litteraturen» få sitt eige forum.