MØTES I NORDISK RÅD: Statsminister Erna Solberg i samtale med Danmarks statsminister Lars Løkke Rasmussen under fellesmøtet i Nordisk Råd november 2016.
Foto: Nikolai Linares / Scanpix Danmark / NTB scanpix
MØTES I NORDISK RÅD: Statsminister Erna Solberg i samtale med Danmarks statsminister Lars Løkke Rasmussen under fellesmøtet i Nordisk Råd november 2016. Foto: Nikolai Linares / Scanpix Danmark / NTB scanpixVis mer

Nordisk samarbeid:

Stortinget manglar kunnskap om Norden

Nordisk Råd og Nordisk Ministerråd er ein viktig del av det nordiske samarbeidet.

Meninger

Har politikarane på Stortinget greie på kva nordisk samarbeid går ut på? Frps Sivert Bjørnstad foreslår i Dagbladet å tette det gapet under Stortinget med å kutte løyvingane til Nordisk Råd og Nordisk Ministerråd. Han burde vite kva han snakkar då han var delegat til Nordisk Råd i forrige stortingsperiode.

Norden er den 11. største​ økonomien i verden. Samarbeidet i Norden er det eldste og mest omfattande regionale samarbeidet i verden. Norden har hatt passfridom og fri arbeidsmarknad i over 60 år. Det har vore til stor nytte og økonomisk vinst for dei nordiske landa og vi som bur her.

Dette er ikkje resultat av livet i ein kaffiklubb med øl og god mat, som Bjørnstad syns tru. Det er resultat av politisk arbeid. Såpass kunnskap burde ein stortingsrepresentant ha. Norden var ute med ei politisk løysing lenge før Schengen var påtenkt.

Nordisk Råd blei danna i 1952 og dette samarbeidet har blitt brukt som eksempel på regionalt samarbeid i heile verden.

Det nordiske samarbeidet har blitt litt nedtona dei siste åra, fordi dei nordiske landa har ulike avtaler med EU. På 60-70-80-talet var samlingane i Nordisk Råd i februar-mars ein politiskmøtestad der «alle» var frå nordisk parlament og nasjonalforsamlingar.

Her snakka dei politikk og gjorde vedtak, og fekk med seg middag, øl og kaffi, som virkar som det einaste utbytte Sivert Bjørnstad har hatt.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Eg har dekt Nordisk Råd for Dagsrevyen 8-10 gonger på 70-80-talet. Og Egil Sundar i Aftenposten stilte med 7-8 journalistar.

Her kunne vi oppleve stormfulle møte med Gro og Kåre i Reykjavik. Utanriksminister Knut Frydenlud kom direkte frå møtet i Nordisk Råd i 1987 med fly til Fornebu der han døde like etterpå.

Det handla om politikk i Nordisk Råd. Veit ikkje Sivert Bjørnstad det kan han snakke med Olemic Thommesen som var president i Foreningen Norden eller Michael Tetszshner som er president i Nordisk Råd.

Norden har eit omfattande samarbeid innafor økonomi, kultur og næringsliv. Nordisk Råds Litteraturpris er ein pris som også er høgt verdsett utanfor Norden. Det er lett å finne eksempel på nordisk samarbeid i økonomi og næringsliv.

Snakk med Petter Stordalen, den store nordiske hotellkongen, og Olav Thon kan også litt om dette. Politikarane i Norden har stimulert denne utviklinga. Det burde ein stortingsrepresentant kjenne til.

Før jernteppet falt sende dei baltisk landa observatørar til møte i Nordisk Råd og Solidaritet i Polen sende også folk hit.

Dei nordiske politikarane tørde knapt snakke med dei på grunn av Finlands forhold til Sovjetunionen. Men det viser kor viktig regionen Norden blei sett på i andre regionar og land i Europa.

Sivert Bjørnstad bør lese deg opptil neste gong han vil kutte i støtte til Norden.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook