SENTRALISERES: - Etter at politidistrikta vart kutta frå 27 til 12, er det lensmannskontora og politistasjonane som skal til pers i 2017. Eg meiner det er påfallande at ikkje stortingsfleirtalet som stemte for denne reforma reagerer på korleis reforma har blitt gjennomført til no, skriver Jenny Klinge (Sp). Her, Lørenskog lensmannskontor på Metro-senteret i Lørenskog.
Foto: Heiko Junge / NTB Scanpix
SENTRALISERES: - Etter at politidistrikta vart kutta frå 27 til 12, er det lensmannskontora og politistasjonane som skal til pers i 2017. Eg meiner det er påfallande at ikkje stortingsfleirtalet som stemte for denne reforma reagerer på korleis reforma har blitt gjennomført til no, skriver Jenny Klinge (Sp). Her, Lørenskog lensmannskontor på Metro-senteret i Lørenskog. Foto: Heiko Junge / NTB ScanpixVis mer

Debatt: Politireformen

Stortingsfleirtalet skyver politiansvaret fra seg

Det er rett og slett påfallende at de partiene som stemte for politireformen ikke reagerer på hvordan den blir gjennomført og hva slags resultater den er i ferd med å få.

Meninger

Kva er det ved politireforma som gjer det vanskeleg for dei fleste stortingsrepresentantar å ha ei avgjerande meining? Politikarar liker jo å bestemme. Men her ville ikkje regjeringspartia H og FrP, støttepartia V og Krf, eller Ap at dette lenger skulle handle om politikk. Noko så viktig som ei stor reform av ordensmakta vår, passa ikkje for politiske vurderingar utover dei som vart lagt inn i justiskomiteen si innstilling til Stortinget og dei vedtaka som vart fatta i 2015. I staden er det prosessar i politidistrikta og Politidirektoratet (POD) som no skal fullføre reforma og forme norsk politi.

Vi i Senterpartiet meiner dette er grunnleggjande galt. Vi meinte jo også at den såkalla nærpolitireforma som fleirtalet vedtok var feil, rett og slett fordi reforma ikkje vil føre til eit betre og sterkare nærpoliti. Men det var likevel eit lite lysglimt i det stortingsfleirtalet gjorde trass i at dei la opp til ei massiv nedlegging av lensmannskontor. Dei fastsette nemleg nokre vilkår for tenestestadene og la føringar for dei lokale prosessane. Derfor har eg vore spent på korleis politidistrikta og POD ville følgje opp dette. Konklusjonen min no er: Det er rett og slett påfallande at dei partia som stemte for politireforma ikkje reagerer på korleis ho blir gjennomført og kva resultat ho er i ferd med å få.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ei sak som NTB nyleg skreiv er illustrerande for haldningane mange sentrale politikarar har til lensmannskontora: «Høyre mener små lensmannskontorer ikke har vært i stand til å løse oppgavene, og at store politidistrikter har overtatt oppgavene. – Kun 85 av 357 politi- og lensmannskontorer har mulighet til å stille en døgnkontinuerlig patrulje, sier Hårek Elvenes, stortingsrepresentant for Høyre. -Da er det innlysende at ressursene må stokkes på nytt. Vi trenger et kompetent politi som kommer når behovet er der.» Ein ting er i alle fall sikkert: Opningstida på eit lensmannskontor blir i alle fall ikkje betre av å leggje det ned…

Eg vil understreke at Senterpartiet aldri har meint at lensmannskontor treng å vera opne 24 timar i døgnet sju dagar i veka for å ha ein verdi. Eit kontor som er ope for publikum tre dagar i veka kan drive med både førebygging og etterforsking heile veka, samt delta i vakt- og patruljesamarbeid med nabokontor for å sikre døgnkontinuerleg beredskap. Når lensmannen og andre polititilsette er busette i lokalsamfunnet, bidrar dette i tillegg til å skape tett kontakt mellom innbyggjarane og politiet, noko som har ein førebyggjande verknad i seg sjølv. Å få til betre beredskap framover handlar meir om auke i talet på tilsette og korleis ein brukar ressursane i politiet. Når det gjeld dette siste, må ein prioritere om ein skal ha mest mogleg politi rullande rundt i bilar, eller om politiet også skal drive med viktig førebyggjande arbeid og etterforsking utanfor vakt- og patruljeordningar.

Det er ikkje enkelt å finne balansen i dette, men det må gjerast faglege vurderingar av politiet utifrå politiske mål om kva politiet skal drive med. Det er grunn til å mistenkje Elvenes og Høgre for ikkje å ha tenkt nok over kva rolle dei mange lensmannskontora faktisk spelar rundt om i landet. Det er òg vanskeleg å forstå fornufta og samanhengen i regjeringas resonnement når det gjeld storleiken på lensmannskontora og opningstidene. På den eine sida har lensmannskontor med berre tre dagars opningstid blitt brukt som argument for å leggje ned kontora. Paradokset er at Politidirektoratet og politimeistrane på den andre sida ikkje har operert med krav til lengre opningstider når dei no skal avgjera kva for tenestestader som skal stå igjen og kva slags innhald desse skal ha.

Minstekravet er sett til opningstid på to dagar i veka for fleire tenestestader, samtidig som dei mindre kontora berre skal tilby og utføre avgrensa tenester. Mellom anna har POD tolka bort krava om at det skal utførast sivile oppgåver ved kontora. Kvifor var ikkje slike kontor gode nok før, medan dei plutseleg er gode nok no? Betyr dette at POD no opprettheld kontor som justisministeren eigentleg ser på som overflødige, berre for ikkje å bryte Stortingets føringar om talet på tenestestader? Det er også fristande å spørje seg om partia som stod bak politireforma vil hente fram dei same gamle argumenta for leggje ned desse kontora seinare. Dette er i så fall uakseptabelt. For utviklinga av kontora sin del, for rekrutteringa og for kontakten mellom lokalsamfunna og politiet, må strukturen og framtida for kontora vera føreseieleg.

Vi i Senterpartiet har vore opptatte av prosessen, og av at både tilsette i politiet og kommunane skulle bli høyrt. Tilbakemeldingane vi får, er at dette ikkje har vore bra nok mange stader, og at reformprosessen har tydeliggjort problema med ukultur i delar av politiet.

Ei undersøking som Domstoladministrasjonen nyleg har fått utført, viser at tiltrua til politiet enno er høg, men at den er minkande. Politireforma blir nemnt som ei av årsakene, og eg meiner det er på tide å setje på bremsene no. Etter at politidistrikta vart kutta frå 27 til 12, er det lensmannskontora og politistasjonane som skal til pers i 2017. Eg meiner det er påfallande at ikkje stortingsfleirtalet som stemte for denne reforma - og som la inn fine formuleringar om gode prosessar - reagerer på korleis reforma har blitt gjennomført til no, og ikkje minst det resultatet reforma er i ferd med å få. Stortingsfleirtalet bør vurdere om det som skjer no er i tråd med dei føringane dei la, og om måla dei sette for norsk politi i framtida var gode nok.

Derfor fremjar vi i Senterpartiet ei sak til Stortinget der vi føreslår løysingar som kan bøte på nokre av dei problema som tydeleg har vist seg. Då vil kvart parti måtte ta stilling til om dei vil velsigne prosessane i reforma og resultata, eller om dei vil gjera grep for å sikre at nærpolitiet ikkje blir så dramatisk svekka som det no ligg an til.