Strategispill

Lange liner og perfide finter om kunnskapsregime og styringsideologi.

Då nasjonen var bygd og politikken broten ned til små fortellingar og kortsiktige detaljar, var det eit sug etter store strategar og lange liner i historia.

Då var Rune Slagstad (fødd i Bergen, 1945) si tid inne. Med dragning mot professorpolitikk og handlekraftige farsfigurar trefte han tidsånden med sin sveipande rekonstruksjon av det norske systemet sine verdiar gjennom 150 år. Sjøl kalla han det «et forsøk på å forene abstraksjon med fortelling».

«De nasjonale strateger» er eit krevande og mangslunge idehistorisk verk der Slagstad syr saman sine forskingsmessige spesialitetar i eit tanke- og handlingsmønster. Han etablerer fasar der nasjonale strategar innanfor skiftande kunnskapsregime har hatt hegemoni og vore handlingsdrivande: Embetsmannstaten, Venstrestaten og Arbeiderpartistaten - før det rann ut i skiftande frontar.


Då kvesser Slagstad
sin penn og skriv om det styringsteknokratiske og willochifiserte Arbeiderpartiet «som er blitt et moderne, avideologisert parti som ligner mer på andre partier enn på seg selv». Ein perfid klassikar er denne: «Den dymanitt Martin Tranmæl i sin tid ville stikke i borehullene, fikk sin endelige utløsning på 1990-tallet ved Kjell Opseths utrettelige penetrering av de vestlandske fjellrygger.»

Det akademisk lærde og det polemiske går hand i hand gjennom lange liner og velsmidde finter. Slagstad har frekkhetens nådegave i tillegg til sin faglige ballast. Han foreinar teoretisk kunnskap med poetokratisk fortelling. Stilen har ein frekk eleganse, tonen er lett aristokratisk med ein dasj elitær lede over forfallet.


Slagstad er perfid
og tabloid med hang til bitande personkarakterstikkar. Det rammar store fortolkarar av norsk politisk historie, men også samtidas wanna-be strategar. Som polemikar går han laus på dei han veit vil ta til motmæle, for det er ein heider å bli angripen av ein så fornem fornærmar.


På 10 år har verket
vist seg slitesterkt etter åpenbaringa. Då hadde det sin styrke i kombinasjonen av vitenskapelighet og samtidig samfunnsdiagnostikk. Det furnerte akademia, profesjonar, politikarar og kommentatorar, som elles held seg i kvar sine kontorlandskap, med begrep til å gripa og forstå med. Dei perspektiva og diskursane vil leva etter at tidsånden har skifta. Det er slikt det blir virkningshistorie av.


Som tidligare nestleiar
i SV og nåverande verdikonservativ sosialist står forfattaren i eit partipolitisk nullpunkt og er sin eigen front. Han trivst i rollen som samfunnsdefinator med begrepsmakt, men derifrå gjenoppstår han i sluttkapitlet med lengsel etter politikkens gjenkomst og store grep som synest umulige i den markedsorienterte mediepolitikken. Det er nok den delen av boka som blir revidert i den testamentariske utgaven, for der er polemikken for nær og linjene for krokete. Forøvrig er Fremskrittspartiet ikkje med i Slagstads fortelling.

PRESENTASJON: Slagstads utsyn over norsk historie og samtid blei presentert med aldrande nasjonale strategar på første benk i den historiske Stortingssalen på Folkemuseet. Foto: SCANPIX/JON EEG
PRESENTASJON: Slagstads utsyn over norsk historie og samtid blei presentert med aldrande nasjonale strategar på første benk i den historiske Stortingssalen på Folkemuseet. Foto: SCANPIX/JON EEG Vis mer
Strategispill