Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Straum i storm

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

I ROMJULA skapte eit jordskjelv i Det indiske havet politisk røre på vår side av jordkloten. Departement vart skaka, og statsrådar, både her og der måtte stå til ansvar. Eit naturfenomen i søraust vart politikk i nordvest.

Mindre kjent hos oss er at eit anna naturfenomen, ein storm, samtidig slo til hos grannen, i Sør-Sverige, og trengde seg inn på den politiske arenaen. Skadane var enorme, dei største i manns minne. Økonomisk ruin er lagnaden for mange, og dei første sjølvmorda er komne.

Det er likevel ikkje stormens herjingar med den svenske granskogen som har endra den politiske dagsorden og blåse liv i ein klassisk politisk debatt som hadde sovna litt bort. Det er straumforsyninga. Dei store grantrea har falle over kraftleidingane, og straumen er borte. Då det kom meir kulde, måtte kommunane hente folk heime og køyre dei til offentlege institusjonar så dei ikkje skulle fryse i hel. Forsvaret gjekk frå hus til hus i straumlause lokalsamfunn for å sjå om nokon var gløymd.

Det er ikkje første gongen dette hender. Ved alle stormane i Sverige det siste tiåret har det same hendt, om ikkje så dramatisk og langvarig som denne gongen. Kvar gong har kraft- og nettselskap lova bot og betring, dei skal forsere nedgravinga av kraftliner i skog. Lite har hendt. Og no er tolmodet i ferd med å ta slutt. Det er då politikarane blir kalla inn.

SVENSK KRAFTINDUSTRI er delprivatisert, som norsk. Svensk kraftindustri kjøper og sel kraft- og nettselskap, som norsk. Børskursen er viktig. Det økonomiske resultatet også.

No er raseriet i stigning i Sverige, dei straumlause lagar aksjonskomitear. Orda fell harde i Riksdagen, også frå statsministeren. Det viser seg at Vattenfall, deira Statskraft, siste åra har brukt over 100 milliardar på å kjøpe kraftselskap ute i verda, medan det berre er brukt godt 4 milliardar på å ruste opp det svenske kraftnettet, som no langt på veg har brote saman, i alle fall i sør. Leiinga, som har høge millionlønner med tilhøyrande bonusar, er ute i media og prøver å forklare kor viktig det er at Vattenfall er med i den store dansen om den europeiske kraftmarknaden, at selskapet har den finansielle styrken til det. Den sosialdemokratiske næringsministeren støttar dei i det, og er stolt av selskapet sitt og landnåmet deira i Europa. Dette går ikkje heim hos dei titusenvis som sit utan straum i kulden, heime eller på kommunal institusjon. Dei er rasande. I flokkar forlet dei kraftleverandøren, Syd-Kraft, som er størst i sør. «Har dei ikkje kundar, blir det vel heller ikkje så mykje på aksjonærane,» sa ein rasande kunde på TV her om kvelden. Og selskapet blir jaga frå skanse til skanse når det gjeld erstatning til dei straumlause.

SÅ OPPDAGER dei det dei kanskje burde ha visst før: Dei har ingen å gå til med sitt raseri. No er kraftindustrien delprivatisert. Ein del eigarar, som det finske Fortun, sit i eit anna land. Dei er vanskelege å nå. Andre sit i direksjonsrom, mest i Stockholm. Dei er heller ikkje lette å få tak på. Då kommunane, eller fylket og staten, åtte krafta og nettet, kunne innbyggjarane møte opp på valdagen og føyse bort dugløysa, om dei meinte det var ho som regjerte. Den vegen er no stengd. Regjeringa kjenner på raseriet og si eiga maktløyse, og har problem. Næringsministeren, den blide Thomas Östros, støttar kraftselskapa. Statsministeren bles i nasen og trugar med lovtvang. Dei som ikkje skikkar seg, kan miste konsesjonen, seier han. Svinedyrt, seier juristar, ekspropriasjon og erstatning. Så får dei betale alt tap ved straumen som vart borte, buldrar han. Og vi ser at juristane gnir seg i hendene. Her kan det bli mykje å stelle med.

Og vi ser ein sint og maktlaus statsminister, og frysande svenskar. Ved privatiseringa flytte politikken ut av kraftproduksjon og distribusjon. Og no er det ikkje så lett å kome inn igjen.

Logikken i dette er grei. Det er meir lønsamt å kjøpe verksemder ute enn det er å ruste opp nettet heime. For styre og leiing er det det økonomiske sluttresultatet som tel, det er det dei styrer etter. Og, ved opsjonsordningar, er det også det som bestemmer deira eiga årsinntekt. Så får heller svenskar fryse litt.

DETTE ER NOKSÅ langt frå tanken då den skandinaviske infrastukturen - kraft, tele, post, veg og jernbane - vart skapt. Denne strukturen skulle yte service og binde landet saman. Og det kunne ikkje lønne seg.

Det er denne konflikten mellom gamle og nye tankar som har vakna i svensk politikk, mellom frysande svenskar. Og det er stormen som har kasta han inn i det politiske stormsentret. Når han vil, regjerer han over den politiske dagsordenen, som jordskjelvet sørpå.

Det blir spennande å følgje denne debatten i nabolandet og sjå kva slag samlivsformer politikk og marknad vil finne fram til denne gongen. For det veit vi, det fortel Historia eintydig, desse samlivsformene skifter, som samlivsformer brukar å gjere.

Og det er ikkje nødvendig å peike på at denne svenske debatten også gjeld oss, med høge straumprisar, kopla til vel betalt eksport og rekordoverskot (som rettnok stort sett gjekk rett i statskassa. Er ikkje då straumkostnadene våre delvis ein skatt, som reduserer den utlova og omskrytte skatteletten?), med eit servicenivå i Telenor som ligg under det meste, med framlegg om differensierte portotakstar frå eit postverk der både overskot og direktørlønn set nye rekordar.

Dei kritiske røystene blir fleire og fleire, frå mange kantar. Det var ikkje dette privatiseringa lova oss.

DEN SVENSKE debatten, som stormen sette i gang, kan tyde på at privatiseringstenkinga kan ha sett sine beste dagar for denne gongen. Ho møter aukande motbør i Europa også. Men ho kjem nok tilbake.

For desse to aktørane, den sterke styrande staten og den frie marknaden, er to aktørar som vekslar om makta gjennom historia. Dei har alltid gjort det.

Til tider har folk trudd at denne vekslinga var over, at Historia hadde eit mål, og at vi no var framme ved det. Sovjetkommunistane trudde det, og tok feil. I eit par tiår har det vore rådande lære hos oss at vi var framkomne til målet, den frie marknaden.

At vi er framkomne, at Historia er slutt, og at vi no står ved det endelege målet alle våre forfedrar har søkt og ikkje funne, det er nok ein av dei vanlegaste illusjonane Historia kjenner.

Han har vaka rundt i alle tider, og Historia kostar nok på seg ein klok og velrøynd smil når ho ser han dukkar opp igjen. Ho veit at akkurat denne tanken er svært sårbar og toler lite. Og akkurat no om dagen viser den frie marknaden opp nattsida si, både her og der, og der ein minst skulle vente det. Slik framferd har alltid vekt opp lovgjevarar og kontrollantar, slik ein skikkeleg vinterstorm i Småland ser ut til å gjere i Sverige.

Denne tanken er nok best skikka for godver. Og så krev han nokre mørke kott, der aktørane kan få vere i fred for kundar og anna plagsamt folk. Ein upassande storm, eller ein uventa lyskastar inn i kottet, kan vere farleg. Då kan kunden forstå at det ikkje er sant som dei seier, at kunden alltid har rett. Då kan han bli sint. Nokre titusentals svenskar er det, og flokken aukar i vårt land.

Då kan det bli ugreitt,både i kott og direksjonsrom.

Lyst til å diskutere?

Besøk Dagbladet debatt!