STREIKET: De NRK-ansatte. Her ledet av Dagsrevyen-anker Jarle Roheim Håkonsen. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
STREIKET: De NRK-ansatte. Her ledet av Dagsrevyen-anker Jarle Roheim Håkonsen. Foto: Heiko Junge / NTB scanpixVis mer

Fjern streikeretten:

Streikeretten er umoderne og burde vori fjerna i eit av verdas rikaste land

Ansatte i stat, kommune og hos private arbeidsgivere skrik seg til meir lønn akkurat slik som bortskjemte barn skrik for å få meir sjokolade og dataspel.

Meninger

Igjen er det streik. I eit land der dei fleste av oss er på topp blant verdens rikeste. I ein annonse i Trønder-Avisa opplyses at dei streikande ønsker å oppnå ei minimumslønn på 320000 kroner per år for fast ansatte med fagutdanning i 100 prosent stilling. Dei med 90 prosent av industriarbeidarlønn, i dag 407000 kroner, skal få «lavlønnstillegg».

320000 kroner per år er eit lønnsnivå dei fleste absolutt kan leva av. Grupper med lønningar langt over dette nivået, mellom anna NRK-ansatte, streiker også. Ansatte i stat, kommune og hos private arbeidsgivere skrik seg til meir lønn akkurat slik som bortskjemte barn skrik for å få meir sjokolade og dataspel. For meg så framstår fagforeningsleiarar og ansatte, såkalla vaksne menneskje, akkurat som barn. Streikeretten er umoderne og burde for lengst vori fjerna i eit av verdas rikaste land.

Streikeretten vart innført som eit viktig demokratisk våpen i ei tid då folk svalt. I dag svelt ikkje folk lenger i dette landet, men kastar mat og døyr fordi me blir for feite. Det finst menneskje i verden som har det verre enn oss nordmenn.

Kjøpekrafta for verdens rikaste arbeidstakarar (nordmenn) er nesten tredobla på 30 år. Eg kjenner inga forskning som har dokumentert at folk er blitt verken meir eller mindre lykkelege av den grunn.

Kva er da vitsen? Einaste effektane av høge lønningar er truleg negative, så som meir forureining, som høgare CO₂ utslepp, meir søppel, meir bekymringar (folk skaffar seg meir materielle ting, fleire ting å bekymre seg for og som må passes på), dårlegare offentlege tenester (blant annet kutt i helse og nedlegging av skoler, dyrare å drive med høge lønningar), sentralisering (auker lønningane med to prosent må alt produserast to prosent billegare hvis andre faktorar er konstant – over tid kreves effektivisering – sentralisering er resultatet). Her er berre nokre få eksempel på ulemper for alle. Det er på høg tid med kraftige lønnskutt i Norge, ikkje lønnsauke.

Det er ingen menneskerett at alle skal ha bil til over ein halv million kroner, reise til Syden kvart år eller at alle bortskjemte nordmenn skal få skifte sofa kvar gong ein ny farge kjem på moten, eller bygge mykje større og flottare bad eller kjøkken enn dei har behov for. Dette handlar om eit godt gammalt prinsipp: Å sette tæring etter næring, altså bruke mindre enn ein tener. Då går det utmerket godt an å leva på «minstelønn».

Til dykk som streiker eller vurderer å streike har eg to ting å seia: Begynn å sett pris på det dykk har, og kom dykk tilbake på arbeid. Når dykk har fri, kom ut og nyt kvitveis og hegglukt og lat våren fylle hjarte og sjel.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen! Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukas viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag.