Strutsemetoden

Dersom vi held fram med å jobbe stadig mindre og bruke stadig meir på velferd, slik vi har gjort til no, vil Noreg gå med 600 milliardar kroner i underskot innan 2060.

UREALISTISK: Dersom oppskrifta til Manifest Analyse får gjennomslag, må eg seie at eg gler meg til 2017, skriv artikkelforfattaren. Foto: Eirik Kopperud Edh
UREALISTISK: Dersom oppskrifta til Manifest Analyse får gjennomslag, må eg seie at eg gler meg til 2017, skriv artikkelforfattaren. Foto: Eirik Kopperud Edh Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

Debatten om korleis venstresida skal kome på offensiven mot 2017 er i full gong. I Dagbladet 16. september kjem Ali Esbati med sitt tydeleg råd: Stikk hovudet i sanden. Som representant for borgarleg side er det ingenting som ville gleda meg meir.

I sin kronikk skriv Esbati at «journalister og folk flest må reddes ut av høyresidas ideologiske bakvendtland, der Norge er på konkursens rand». Meldinga frå Manifest er at «Norge er i verdenstoppen når det gjelder produktivitet og sysselsetting», og at velferdsstatens berekraft slett ikkje er ei utfordring, men eit konkurransefortrinn.

At oljerike Noreg er i verdstoppen på det meste er inga overrasking (sjølv om den deltidsjusterte sysselsetjinga vår - 61 prosent - er lågast i Norden). Men dersom venstresida har planar om å halde fram med å ignorere den norske velferdsstaten sine langsiktige strukturelle utfordringar, kan eg love dei at dei ikkje berre vil tape valet i 2017 - dei vil tape alle val heilt til dei stikk hovudet opp av sanden og ser seg rundt.Dei treng for så vidt ikkje sjå særleg langt. Det held å sjå til den raudgrøne regjeringa si eiga perspektivmelding. Dersom vi held fram med å jobbe stadig mindre og bruke stadig meir på velferd, slik vi har gjort til no, vil Noreg gå med 600 milliardar kroner i underskot innan 2060. Oljefondet vil på det tidspunktet vere tomt, og den berømte «sparebøssa til framtidige generasjonar» vil vere tømt av dessertgenerasjonen.

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer