PÅ ALMEDALSVECKAN I SVERIGE: Ytringsfrihet har blitt brukt som argument for at Nordisk Motstandsbevegelse skulle få en talerstol under Almedalsveckan. Absurd, skriver denne spaltisten. På bildet møter Nordisk Motstandsbevegelse protester under arrangementet. Foto: Henrik Montgomery / TT
PÅ ALMEDALSVECKAN I SVERIGE: Ytringsfrihet har blitt brukt som argument for at Nordisk Motstandsbevegelse skulle få en talerstol under Almedalsveckan. Absurd, skriver denne spaltisten. På bildet møter Nordisk Motstandsbevegelse protester under arrangementet. Foto: Henrik Montgomery / TTVis mer

Ytringsfrihet og ekstremisme:

Stuereinifisering av nazisme

Det er gourmetmat for politiske satirikarar når nazistar bruker ytringsfridom som argument for å få marsjere i gatene og delta i Almedalsveckan.

Meninger

I Sverige har dei nyleg avvikla Almedalsveckan, eller politkerveckan, som ho også blir kalla. Dit kjem alt som kan krype og gå av politikarar frå alle slags parti og grupperingar for å sjå og bli sett.

Spaltist

Jarl Wåge

er debattant, skribent og tidligere vinner av forteller-konkurransen «Storyslam». Foto: Sunniva Halvorsen

Siste publiserte innlegg

Dei av oss som er rimeleg interesserte i det som rører seg i det politiske landskapet, men ikkje går i djupna av svensk politikk, har nøgd oss med dei mest markante overskriftene og samandraga av det som har gått føre seg der.

Vi har fått med oss at svensk økonomi går så det susar. Landet som i årevis har sendt titusenvis av ungdomar til den norske jobbmarknaden, har no den høgste sysselsettinga i EU.

Ei anna viktig nyheit frå andre sida av Kjølen, er at Sverigedemokraterna, Frp si brunflekka, populistiske storesyster, er blant dei tre største partia i landet og kan komme til å gjere eit brakval til hausten.

Det som har fått mest merksemd, er truleg at naziorganisasjonen, Nordisk Motstandsbevegelse, fekk ein talarstol under veckan. Argumentet for var at for å hegne om ytringsfridomen, må alle få vere med. Det var sjølvsagt å be om bråk. Nazistane ytra seg mellom anna ved å lage kvalm både mot homofile og jødar.

For nokre år sidan fikk islamisten Ubaydullah Hussain - dømt til ni års fengsel i lagmannsretten for å ha verva folk til IS i ein dom som no skal behandlast på nytt Høyesterett - ein latterleg lav dom for trugsmål mot to journalistar og ein rettssakkyndig.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Hussain meinte han ikkje kunne dømast, for han hadde bare nytta seg av sin sjølvsagde ytringsfridom. Det er så komisk at ein kan le til tårene trillar. Alle veit at Hussain sin aller våtaste draum er eit IS-kalifat. Eit kalifat som vil vere kjemisk fritt for både ytringsfridom og andre demokratiske rettar.

Det er like tragikomisk som når den høgreekstreme 22/7-terroristen med 77 liv på samvitet, klagar til menneskerettsdomstolen i Strasbourg over at han ikkje har menneskeverdige soningstilhøve i fengselet.

Gourmetmat for politiske satirikarar er det også når nazistar bruker ytringsfridom som argument for å få marsjere i gatene og delta i Almedalsveckan. Skulle nazistar nokon gong lukkast med igjen å opprette sitt «drøymesamfunn», vil dei ta livet av ytringsfridom og all annan fridom til og med før dei byrjar å utrydde «minusborgarar» som jødar, muslimar, mørkhuda, homofile og alle andre dei måtte komme på å plassere i kategorien Untermenschen.

Vi amatørsamfunnsdebattantar, som korkje tar turen til Almedals- eller den norske Arendalsveka, har funne ut at Twitter er ein ypperleg og inspirerande stad å boltre seg med synspunkt og meiningsutvekslingar. Der er det òg lett å oppdage nye trendar og retningar. Og la det vere heilt klart; stuereinifisering av nazistar «is the new black». For ikkje å snakke om «the new brown».

Ein twitrar meinte det er stigmatiserande å kalle medlem i høgreekstreme grupper for nazistar. Ja, gudskje lov og takk for at det framleis er det. Den dagen det blir stuereint å vere nazist, er vi verkeleg ille ute. Det blei òg hevda at det ikkje er sikkert at dei er fullblods nazistar om dei er med i slike organisasjonar. Dette blei elegant parert med at det er like absurd å hevde at ein er litt nazist som å påstå at ein er litt gravid.

Ein annan ville minne oss på at det finst «ikkje-slemme» nazistar òg. Ein i seg sjølv umuleg språkkonstruksjon. Sverger du til ein ideologi som opererer med undermenneskje mindre verdt enn skadedyr og som difor må utryddast, er du i utgangspunktet ond heilt inn i ryggmargen.

Same kva nazistar blir kritiserte for, dukkar slike svar opp: «Ja, men Gay Pride. Ja, men Allah. Ja, men muslimar. Ja, men raddar.» Det er alltid nokon som er verre enn marsjerande, nazihelsande, sieg-heilande nazzar.

Den obskure gruppa «Stopp islamiseringa av Norge», SIAN, har òg dukka opp på Twitter. Dei har vel funne ut at dei når fram til fleire der enn dei sju, åtte som møter opp til punktmarkeringane deira i norske byar. SIAN kunne informere om at venstreradikale er 30 gongar så valdelege som nazistar. Dette i fylgje ein Europol-rapport.

Då det blei påpeikt at vi i Noreg har hatt 80 drap utført av høgreekstreme dei seinare åra mot null utført av venstreradikale, var svaret frå SIAN at det er irrelevant. «For Europol!» Irrelevant er det visst òg at ein motdemonstrant blei sparka til døde i Finland. Han var visst både radd og rusa, fekk som fortent, og nazisten sparka i sjølvforsvar

Eit anna ofte brukt argument er at dei er jo så få. Feil! Dei blir fleire og fleire. Høgreekstreme fb-grupper har tusenvis av medlem. Dei blir modigare og meir synlege etter kvart som stuereinifiseringa går sin gang. Faktum er at dei dryp nedover oss som brunt, forureina regn som snart vil finne vegen ned i grunnvatnet.

Det vi treng meir enn nokon gong, er rakrygga politikarar frå alle parti som ser djevelskapen i kvitauget og er krystallklare på at nazisme og all anna ekstremisme ikkje på noko vis høyrer heime i vårt samfunn. Det vi heilt sikkert ikkje treng, er politikarar som leflar med desse kreftene.

Ytringsfridomen er heilag og eit viktig fundament i eit kvart demokrati. Difor kan vi ikkje nekte ekstremistar å utbasunere sin perverse bodskap. Men vi har inga plikt til å leggje til rette for at dei skal få marsjere i gatene våre og spreie gifta si.