PÅ SCENA: Kenneth Engebretsen varmar opp for Lars Vaular på Rockefeller tidlegare i år. (Kjetil Møster på saksofon til venstre.) Foto: Samuel John Ditta.
PÅ SCENA: Kenneth Engebretsen varmar opp for Lars Vaular på Rockefeller tidlegare i år. (Kjetil Møster på saksofon til venstre.) Foto: Samuel John Ditta.Vis mer

Summen av sanning

Dette er Kenneth Engebretsen — ein endå dårlegare rappar enn Kanye West.

Kenneth Engebretsen er frå Stovner, Groruddalen, Oslo. Det påstår han iallfall, heile tida. Han er 34 år, og skal snart gi ut sitt fyrste fulle album. På fredag kom singelen (og videoen) «Kenneth Engebretsen».

Folk i hip-hopmiljøet har kviskra og ropa om Engebretsen i mange år no. Han har vore gjest på nokre låtar her og der, og han har fått varme opp på konsertar med store norske og amerikanske artistar. For tre år sidan slapp han mixtapen «Baksiden av medaljen» på Soundcloud, med låttitlar som «Hustler», «For Groruddalen» og «Stovner». Endå meir heimstaddikting i form av norsk rap, altså — og det på brei groruddalsdialekt, eventuelt det nokre vil kalle sosiolekt.

Eg har lese mange platemeldingar  — ja, mange! — der skribenten påstår at Kanye West eigentleg ikkje er ein god rappar, og så får han terningkast fem. OK, så er han vel ein god rappar? Skribenten har tydelegvis sett seg nøydd til å ty til andre kriterium enn dei mest vanlege. I slike tilfelle tenker eg ofte på den fine scena i den amerikanske filmen «Dead poets society», der professor Keating (Robin Williams) tek eit oppgjer med den dogmatiske og lite fruktbare poetikken i poesilæreboka. I denne boka fortel forfattaren om kva kriterium som tel når ein skal vurdere ein diktar, og korleis ein matematisk kan rekne ut diktarens verdi. Dette er sjølvsagt sprøyt, men her er noko sant òg; me har alle meir eller mindre gjennomtenkte grunnar til å like eller ikkje like noko. Problemet er at ein ikkje kan bruke dei same kriteria på alle diktarane.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sanninga! Sanninga er at det finst like mange svar på kva ein god rappar er, som det finst rapparar. Sanninga er òg at dette er ein viktig grunn til at me skriv denne spalta.

«Kenneth Engebretsen» har ingen vittige punchlines. Det handlar om livet på skuggesida i Groruddalen, og me kan kanskje kalle det sosialrealisme, eller — med eit minst like mis- og oppbrukt uttrykk — gangsta rap! Ja, kvifor ikkje. Me får høyre om paranoide og maskuline dagar med dop, kriminalitet, nære venskap, lokalpatriotisme og automatvåpen. Eit upolert liv, fortalt i ein upolert stil.

Det ville ikkje overraske meg om Engebretsen får nokre meldingar i same stil som dei omtalte Kanye West-meldingane. Kenneth Engebretsen har ikkje dei gode verdiane til Karpe Diem eller dei tekniske ferdigheitene til Lars Vaular. Engebretsen satsar ikkje på ordspel, avanserte rimmønster, litterære referansar eller anna ubrukeleg staffasje. Engebretsens mål er krystallklart: Å fortelje om sitt liv og si verkelegheit på ein så enkel og sann måte som mogleg. Flowet er umelodisk, monotont, og ganske «snakkete» — ein stil som er eit slags varemerke for ein del Oslo aust-rapparar som Kenneth, Jesse Jones og Mae. I tillegg er Kenneth Engebretsen ofte slurvete.

Men kva er kvalitetane, kvifor høyrer eg etter? Noko av hemmelegheita ligg nettopp i det monotone. Musikk handlar i stor grad om repetisjonar, og å få dei til å fungere. Engebretsen har iallfall éin av dei tinga som gjer akkurat dét: Han har ei god og inderleg stemme med mykje personlegdom, og eit enormt nærvær. Eg registrerer at nokre meiner at Engebretsen ropar når han rappar. Det gjer han på ingen måte. Han rappar berre veldig høgt — og med overtyding. Han trur på det han seier sjølv, noko som er avgjerande for ein rappar, det er mellom anna slik han får autoritet.

Ein stor styrke ligg òg i dei enkle og ofte svært skarpe formuleringane, og dei gode bileta det gir: «Klipper gresset kort for å ha oversikt over slangene», eller «Ser em i alle fasonger, alle farger, alle smiler / Samma sort, advokat eller dealer». Appellen ligg òg innblikket i det livet han fortel om. Og kva er det eigentleg han fortel om? Sjølv om uttrykket er enkelt, er teksten relativt kompleks.

Det fyrste verset er skrive i eg-form heile vegen. Kva som skjer, er opent for tolking, og eg tolkar det slik at han snakkar om seg sjølv som ein relativt uskyldig person i eit elles tungt kriminelt miljø. Men det går gale for nokre, og om me tar med informasjon frå refrenget, er det tydeleg at kameraten Marco vart lam etter ein skyteepisode.

Vers nummer to er skrive i tredje person eintal, og 'han' er ein narkohandlar som lever fort og gale, ikkje klarer å slutte, og hamnar i fengsel. I versets siste linje bryt Engebretsen med tredje person-vinkelen, og seier «Detta er meg, detta er Kenneth Engebretsen». Betyr det at han snur på sistelinja, og innrømmer at 'han' i andreverset eigentleg er han sjølv? Eller betyr det at alt dette, alt han har sagt i låten, er han? At han er produktet av denne plassen, dette miljøet og desse motsetnadane? Eg aksepterer lett at svaret ikkje er klart, for i dette såkalla gangsta rap-universet er det så mange hårfine grenser mellom rett og gale, og sant og falskt — eller mellom 'gangster og snobb', og 'advokat og dealer'.

Og kva er dessutan verkelegheit? På elegant vis tar han sjølv opp spørsmålet i refrenget: «Dem tror em kjenner meg på Twitter, mann / Jeg ekke bildene på Instagram». Han veit at eit bilete aldri kan romme heile verkelegheita, like lite som ein låt kan det. For sjølv om dette er ekte, og handlar om sanning, er «Kenneth Engebretsen» ei redigert verkelegheit. Slik må det sjølvsagt vere, elles ville låten vare for alltid.

Dette er altså Kenneth Engebretsen. Det er så sant som det er sagt, verken meir eller mindre.