SÅNN, JA: Innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug og stortingsrepresentant Harald T. Nesvik. Foto: NTB Scanpix
SÅNN, JA: Innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug og stortingsrepresentant Harald T. Nesvik. Foto: NTB ScanpixVis mer

Sunnmørske folkefiendar spikrar fast familiegjenforening

Ein vinn-vinn-situasjon.

Kommentar

DENNE VEKA fall Venstre under sperregrensa. Trine Skei Grande, som lyttar best når ho har noe hjernedødt å halda på med, har ikkje klart å samla nok grøne Pokémon-krigarar. SV er såvidt over sperregrensa etter at partisekretær Kari Elisabeth Kaski har brukt sommaren til å jakta brunsneglar.

Dei grande damene Trine og Siv har vore på jentetur til Canada. Miljøet var ærlig og godt, så dei antagonistiske samarbeidspartia kan ta skeia i ei anna hand, sjøl om det grøne skiftet ikkje er Siv Jensens initiativ, ikkje noe ho ønsker, men som ho likevel vil ta på alvor. Om dei lykkast i dobbelkommunisering, kan det bli ein vinn-vinn-situasjon: Venstrefolk får grøne miljøavgifter og høgare bensinpris, mens Fremskrittspartiet sine veljarar får lågare skatt.

Skei Grandes forgjengar som partileiar, Lars Sponheim, blei kassert som stortingsmann då han gjekk inn for å slå heimeheradet Ulvik saman med dei andre Hardanger-kommunane. Som Jan Tore Sanners fylkesmann i Hordaland ser Sponheimen, som gjerne omtaler seg sjøl i bestemt form og tredje person, fram til å hemna seg. Han trugar med at dersom ikkje politikarane av begge kjønn i Jondal har ballar nok til å slå seg saman med Odda frivillig, vil dei enda som rævediltarar. Per Olaf Lundteigen, som er kjent for sin sarte språkbruk, tar saka til Martin Kolberg i Stortingets ko-ko-komite.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Nominasjonskomiteen i Framstegspartiet har innstilt Sylvi Listhaug til familiegjenforening i Møre og Romsdal etter at Oscar Grimstad let seg utvisa frivillig frå vallista. Romsdal og Nordmøre har ennå ikkje sagt sitt, for det er tre frå Sunnmøre fogderi på topp. Men dei klarer seg nok, for som den arvelig belasta Agnar Mykle(bust) skreiv i Rubicon: «Du kainn spiker en sunnmøring på flate fjøsveggen – jaggu lev’en og bli feit!» Ei oppklaring: I ein kontant telefon frå det indre eksil i Asker mange år seinare, meddelte Mykle meg at han hadde latt den språklige rytmen overstyra uthuskonstruksjonen: Det korrekte skulle ha vore «låvveggen».

Harald T. Nesvik har stått øvst. T-en står for Tom. Han er paramentarisk leiar og har bakgrunn som instruktør på helsestudio, vaskemaskinseljar og dørvakt. I Aftenpostens politiske sommarteater svinga han seg over ævne både ein og to gonger og hamra seg inn i eit drama om asylpolitikken med Jonas Gahr Støre og godhetstyrannar frå den kompakte majoritet som skurkar. Først i siste akt dukka helten opp i form av ein politimann frå Haugesund. Med den sjølutnemnde folkefienden Harald Tom Nesvik som hans profet.

Sunnmørske og doble fornamn kjem ofte i omstokka og umusikalsk rekkefølge. Olav Nils Sunde heiter kvikkasen og Color-kapitalisten frå Ålesund. Hildegunn Moltubakk har steikje fine gardine, men det er ikkje lett å skilja mellom svogeren Leif-Per og ektemannen Per-Leif, ikkje eingong med hjelp av venninna Siv-Perdis. Sjøl har eg ein dirigerande svoger frå Hildrestanda. Han burde åpenbart ha blitt døypt Oddvar Per og ikkje omvendt.