Foto: Nina Hansen / Dagbladet
Foto: Nina Hansen / DagbladetVis mer

Supermann i rullestol

Styggen er gammalt nytt. Han har vore der heile tida, skriv Runar Gudnason i ukas «Vers».

«I got mo' styles than the miles to the sun / Ninety-three million, five thousand flows» påstod E-Swift frå Tha Alkaholiks ein gong. Det finst tusenvis av liknande linjer. Dette er nemlig eitt av mange mantra innan sjølvhevdinga i rap; ein rappar skal ikkje berre ha stil, men gjerne mange stilar, mange flows.

OnklP har ikkje for vane å skryte av sine mange flows. OnklP treng ikkje fem tusen flows. Han har berre eitt, og det verkar kvar gong. Viss ein ikkje likar stilen, kan det kanskje verte einsformig, men at det fungerer seier noko om kor mykje stilen er hans eigen, at versa er han; det finst ikkje avstand mellom han og papiret han skriv på. Å få det til å høyrest lett ut er berre forbokstaven. Du høyrer at mannen eigentleg berre pustar. Han er kanskje det mest udiskutable og reinaste raptalentet Noreg har høyrt.

I det siste har mange hylla OnklP for den nye Slekta-singelen «Styggen på ryggen». Han vert hylla for å vise den mørke sida si, for å vere sår, ærleg og open — som om han ikkje har vore det i snart ti år. «Styggen på ryggen» er ein sterk tekst, men det er ikkje ein heilt ny Onkl.

Jaa9 & OnklP albumdebuterte med Sjåre brymæ i 2004, éin lang fest med skryt, «Kjendisparty» og punchlines. Allereie året etter kom Ps fyrste og hittil einaste soloplate, Det kunne vært deg, éin lang jammerdal av fyll, angst, noia, dop, psykosar — og eminente vers. Vekas vers er opninga av denne plata.

Musikken er skummel og seig. Rytmen har mindre enn eitt slag i sekundet, og gir OnklP god plass til å breie seg. Verset har 16 takter, 16 linjer, men på grunn av det lave tempoet kan det oppfattast som 32 takter, noko P utnyttar og doblar talet på enderim. Han bryt heller aldri med enderima i denne teksta. I tillegg brukar han sin særmerkte teknikk med fallande intonasjon i linjene, han begynner alltid på ein høgare tone enn han sluttar på. Det er som om han begynner på nytt heile tida, som om kvar to-linjar er eit minivers. Dette repeterande mønsteret bidreg til kjensla av monotoni, klaustrofobi og kjensla av å ikkje kome nokon veg, mens mengda av komplekse rim på fleire stavingar bryt det opp og gjer det svært musikalsk.

Bileta er sterke. Dei verste er kanskje fiksjon, men sjølvsagt ikkje mindre sanne av den grunn. Kjenslene er ekte. Ikkje berre i orda, men òg i framføringa: Heile albumet er prega av bitre, stive kjakar og tenner som kleiar.

«Sirkus av psykoser» er porten inn til dette dystre universet, og dei to siste linjene seier det i relativt klar tekst: Denne plata er eitt langt sjølvmord — og du får observere det på uhyggeleg nært hald. Det kunne faktisk like godt ha vore deg. Nærare er det vanskeleg å kome.

Styggen har altså vore der heile tida, men med den aktuelle hitten har Styggen fått eit namn og ein fast plass; frå å vere i Onkls hovud, i spegelen, og rundt han heile tida, har han no vorte plassert trygt på ryggen. Ironisk nok får Onkl skryt for å ha det jævlig når han endeleg begynner å få kontroll på det. Og ikkje minst har Styggen fått gitarar som komp, og eit melodisk og patosfylt refreng. Handlar det om at norske øyrer ikkje høyrer skikkeleg etter på raptekstar dersom det ikkje er rock?