PÅ FESTIVAL: Kjetil Aarseth kan styre seg for den sure, middelaldrende festivalgubben. Foto: Privat
PÅ FESTIVAL: Kjetil Aarseth kan styre seg for den sure, middelaldrende festivalgubben. Foto: PrivatVis mer

Sur gubbe på festival

Den sure gubben. Mellom blide og lykkelege kulturelskarar dukkar du opp.

Meninger

Festivalane lokkar fram det suraste i gubbane og det beste i ungdommen.

Gjennom jobben blir eg eksponert for kulturinntrykk heile tida. Eg elskar det! Mat og drikke fyller magen med næring. Kultur fyller skallen med inntrykk. Meining. Varme hjerter. Smil. Dette gjeld heile året, men i sommarhalvåret er kulturen overalt. Festivaltid.

Eitt fenomen slår sprekker i idyllen: Du. Den sure gubben. Mellom blide og lykkelege kulturelskarar dukkar du opp. Overalt. På bygda. I byane. Over heile landet.

Du er typisk ein mann mellom 55 og 70 år. Du er ofte disponent, dagleg leiar, konsulent eller noko anna fint. Og du eig byen tydelegvis. Hårfestet er alltid høgare enn dømmekrafta.

Allereie timar før festivalstart er du på plass. Du likar ikkje lyden av lydsjekk. Elles i året sutrar du over at ingenting skjer i denne jævla byen.

Du trampar rett inn i det som skal bli backstage. Du har gått samme ruta i mange år. Du likar ikkje endring. Du blir høfleg orientert om at det er ingen gjennomgang. Gir deg ikkje.

Det er spesielt leit for deg at du må ta beskjed frå eit menneske som er betydeleg yngre enn deg. På toppen av det heile ei jente. Eller - skrekk og gru - ein asylsøkar som jobbar som frivillig.

Åpning. Det vil seie før åpning. Du kjem gjerne ein halvtime før innsleppet startar og insisterer på å komme inn. Du gir blaffen i at åpningstidspunktet står på billetten du held i handa og på plakatar over inngangspartiet.

Eller så møter du opp utan billett og er uvillig til å kjøpe deg ein. Du seier gjerne eit eller anna om at du sjølv eller bestekompisen din eig den og den bygården.

Er du skikkeleg frustrert slår du til med «veit du ikkje kven eg er?».

Så godt det då er å fortelle deg at du kan være sultanen av Brunei for min del. Oppfører du deg ikkje, så kjem du ikkje inn. Så godt å seie at du er den einaste av 2500 menneske som ikkje har forstått korleis dette fungerer. «Kanskje du skal gå i deg sjølv?». Så godt å sjå deg bli irettesett av ei jente på 19 år, med vesten, autoriteten og sjølvtilliten til å sette deg på plass. Du er utan bakkekontakt. Etterkvart også bokstaveleg. Det er få ting som slår synet av ein såkalla næringslivstopp sprellande mellom to vektarar på veg ut.

Du eig byen. Vanlegvis. Du blir truleg aldri sagt i mot elles. Her er du ein fisk på land. Spelereglande dine gjeld ikkje lenger. Disponenten er indisponert.

Det beste av alt: Ein dag står ho jenta på 19 eller venninna eller kompisen hennar ikkje i refleksvest på festival.

Ein dag står dei i posisjon til å avslutte eit oppdrag med deg i næringslivet.

Og - tada! - då er karma-sirkelen komplett.

Neste gong: Hald deg heime. Eg skal med glede refundere billetten din.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook