DEBATT

Økosystemet

Surr om pollinerande insekt

Noreg treng ein god plan for å ta vare på insekta. Alle som forvaltar eit område, eit areal eller ein plass kan gjere ein forskjell for pollinerande insekt. Ikkje minst regjeringa.

OVERVAKING: Vi treng meir kunnskap om tilstanden for insekt i Noreg for å sikre at vi set inn tiltaka der det nyttar mest. Difor vil miljøforvaltinga starte eit nasjonalt overvakingsprogram for insekt, skriv innsendaren.
Foto: Paul Kleiven / NTB Scanpix
OVERVAKING: Vi treng meir kunnskap om tilstanden for insekt i Noreg for å sikre at vi set inn tiltaka der det nyttar mest. Difor vil miljøforvaltinga starte eit nasjonalt overvakingsprogram for insekt, skriv innsendaren. Foto: Paul Kleiven / NTB Scanpix Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert

Marie Simonsen har gått litt i surr i sin kritikk av regjeringas tiltaksplan for pollinerande insekt i Dagbladet 1. mai 2020. Meir om det litt seinare, først vil eg summera opp kva regjeringa gjer for å ta hand om insekta og kvifor.

Økosystema på land er avhengige av insekt og bestøving. Difor laga regjeringa i 2018 ein nasjonal pollinatorstrategi. Strategien set mål om å styrke kunnskapen, målrette etablerte tiltak og setje i verk nye tiltak for å sikre levevilkåra for pollinerande insekt.

Vi har allereie set i verk ei rekke initiativ for å sikre fortsatt mangfald av ville bier og andre pollinerande insekt. Til dømes innførde vi i 2018 ei eiga tilskotsordning for pollinerande insekt på 3 millionar kronar årleg.

Regjeringa har òg styrka budsjetta til truga natur og nedkjemping av framande artar, og vi har lagt til rette for 242 km blomesonar i jordbruket. Dette er viktige grep for dei mange sjeldne insekta. Vi har vidare dobla talet på utvalde kulturlandskap i jordbruket.

Samstundes treng vi meir kunnskap om tilstanden for insekt i Noreg. Det er viktig for å sikre at vi set inn tiltaka der det nyttar mest. Difor vil miljøforvaltinga i år starte eit nasjonalt overvakingsprogram for insekt.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer