Suverene dikt fra Vold

Volds diktarunivers presentert i suveren samling.

BOK: Det er noko eige ved å få ei ny diktsamling av Jan Erik Vold i hendene. Fryden over den gjennomførte bokbunaden, alle desse innarbeidde og gjenkjennelege elementa.

Nobelprisvinnar Bei Dao skriv at poeten må skapa si eiga verd, prega av rettferd og humanisme. Vold har skapt eit eige diktunivers, og han har etablert ei mengd kontekstmarkørar. Nokre av desse seier «Velkomen inn i diktet!» Men andre har eit bittert sting av ein blankslipt brodd som fortel oss at diktet liknar på verda.

Kittelsen

Noen sa det var stillhetens form. Framsida denne gongen er utsøkt burgunder botn med eit utsnitt av Kittelsens «Sorgen». Den mørke menneskeskapnaden minner oss om ein av figurane på Saitos bilete på «Sorgen. Sangen. Veien» frå 1987. Medan baksida minner om «Tolv meditasjonar» frå 2002. Sistnemnde har like mange sider, dikt og linjer som «Drømmemakeren sa». Vold viser oss inn i Kittelsens bilete med bokas første dikt:

PÅ VEI

inn i mørket, på

vei inn i

lyset -  

hvem? Intet ansikt

men en

kropp. Ingen

kropp men en rygg. Hun

som. Han som. Den som. Det

som

verken

tier

eller taler.

Alle element frå eit Vold-dikt er gjenkjennelege her, og likevel: resultatet er nytt og står der sterkt med sin milde tale om essensielle ting. Vold viser vidare til si 1970-bok; «spor, snø»: SPOR. /Snø. /Spor/bare en stund. Noen //gikk der, men er/gått. Det var engang// en kropp. På vei til, på vei/fra/en/annan kropp.

Gjenkjenneleg

Med få og enkle ord sirklar Vold inn grunnelementa i tilværet til menneska, og etterkvart dukkar det eine gjenkjennelege tema opp etter det andre: Svarttrosten, trikken, sola, auga og et GNORE i GIRK. Det er imponerande, og samtidig ser det så lett ut!

Lesaren kan la seg lure av at denne poesiens Jan Groth tilsynelatande gjentek seg sjølv. Men diktet er nytt. I likskap med Georg Johannesen og Robert Bly samlar han inn trådane frå sitt lange virke og sine livserfaringar og føyer det saman med poesiens karakteristiske lim.

Som i dei siste dikta til Georg Johannesen hender det nok ein sjeldan gong at limet kan verta litt for tynt, og bileta fell frå kvarandre. Men Volds store vekt på struktur og rammer blir svært sjeldan opplevd som maniert. I dei fleste dikta der samanhengen ikkje er heilt klar, er dette ein føremon, ein mangetydig invitasjon til å la diktet veksa seg innover i lesaren og leva vidare og gje frå seg meir meining for kvar gong ein les det.

Fridom

Det er dette møtet mellom stramme rammer og spontan fridom i assosiasjonane, som skapar denne voldske krafta og musikaliteten. Han som i Det Norske Syndromet sette «besinnelse» over «besvergelse», kan nå tillata sitt diktareg å seia: JEG TENKER/ikke. Jeg/synger . Det er fabelaktig at han framleis kan gje liv til denne forma som han har dyrka så lenge! Og kvar gong ein les kan ein fokusera på nokon nytt. Her er 12 x 12 dikt!

Og det er møtet mellom filosofiske, religiøse og politiske spørsmål og dei konkrete, små detaljane som skapar dei sterke ladningane her. Kvardagens løft. Det taoistiske og zenbuddhistiske inkje-omgrepet i form av kvinnenamnet Nada, som tyder «inkje» på spansk, men som også tyder «håp» på serbisk. Assosiasjonar til Guernica og Beograd opnar seg for denne lesaren. For sjølv om boka ikkje føyer seg inn i dei meir direkte «Politiske dikt», som er selde i 30 000 eksemplar, finst også her indignert refleksjon og kjensler kring overgrep og vulgær dumskap. Og ein eigen tilbakeskodande avdeling om sanninga som vart borte.

Timeglaset

Vold overraskar framleis med sine raffinerte og enkle setningar om kjende og vanskeleg ting. «Å tie er å tale ved å lytte.» Han viser korleis ordsamansetningar og personifisering som «høstens kompetanse» kan gje klo til dikt om ordinære hagemøblar, og han skildrar den ekspanderande kriveligheten. Timeglaset er eit tema og bilete som Vold vender attende til. Symbolsk og konkret som det er, viser det til døden og tida, men og til dryss av sand som gjev eit slik miniperspektiv som Vold er dyktig til å utnytta. Sin språklege suverenitet viser han gjennom uttrykk som «Snabel tenderness» og «de fjernstyrte ravnene» og gjennom sin kommunikasjon «på et ikke navngitt språk». Les! Les!!

Han peiker på mangt i vår kulturarv og viser også til to av våre døde samtidspoetar, Mjelve og Ulven, gjennom linjer om svarttrosten som syng like etter regnet og «Solen den lortkulen».

Det er elles fleire overgangar denne gongen, frå side til side, frå dikt til dikt. Noko som er med på å understreka det gjennomtenkte og heilstøypte i ei bok som klart stadfestar Volds heilt eigne posisjon i norsk lyrikk.