SV på NUPI

TIL VANLEG er Dagbladets Halvor Elvik treffsikker i sine analysar. Men eg trur grunnen til at det er vanskeleg å skjøne logikken hans i analysen av SVs skuffande valresultatet, er at den manglar (Dagbladet 10/10). Eg forstår det slik at Elvik meiner NUPI-talen til Kristin Halvorsen 23. august var katastrofal for partiet. Han meiner talen, med ein meir moderat USA-kritikk og med markering av realpolitisk ansvarsmedvit, førte til at SV la «seg selv vid åpent for skyts fra alle til høyre for partiet». Men NUPI-talen utløyste ikkje angrepa frå dei borgarlege politikarane. Høgresida og VG-kampanjen var alt godt i gang, dei hadde heilt på eiga hand funne fram til skyteskiva. Ikkje berre for SV, men for heile regjeringsalternativet var det difor god grunn til å frykte konsekvensane av hardkjøret deira mellom annan om kva som låg i den famøse programformuleringa om USA som det største trugsmålet mot verdfreden. Det var grunn til å frykte at heile regjeringsalternativets seriøsitet ville bli svekt. Kristin Halvorsen gjorde då på mange vis det motsette av Carl I. Hagen. Ho tona ned uansvarleg eigenmarkering som kunne skade regjeringsalternativet medan Hagen jo gav blaffen i dei borgarlege for å få Framstegspartiet ut av regjeringsspørsmålets skuggedalar. Dette var medverkande til at SV tapte valet, men vann regjeringsmakta medan Framstegspartiet vann valet, men tapte all makt. SV synte ein type lojalitet og ansvarleg framferd som på sikt kan løne seg for partiet, slik eg ser det.Prio-direktør Stein Tønneson peika nyleg på at hovudvalet når det gjeld utanrikspolitisk strategi for den nye regjeringa, står mellom på den eine sida ein litt støyande symbolpolitikk eller på den andre sida å tone ned erklæringane, men så jobbe langsiktig for å etablere kursendringar i det stille innanfor realpolitikkens rammer (Verden i dag, NRK 8/10). Symbolpolitikk vil bety små reelle endringar. Den fornuftige strategien er å dempe retorikken, men endre kursen. Dette har mange SV-arar - som ikkje tilhøyrer venstreopposisjonen - alt skjøna.