Sveinung Rotevatn (V) er ute i rotete vatn

Det liberalistiske rommet i norsk politikk er lite, men ledig for innflytting.

SØNDAGSKOMMENTAREN: Trine Skei Grande sa i Magasinet for to veker sidan: «Ethvert sivilisert land må ha et stort og godt liberalt parti.» Å vera liberal er eit heidersteikn mange vil pynta seg med, også politiske parti. Men ikkje i USA: Der betyr det mektig og overvektig stat, sentralisme, elite, gudløyse, sosialisme og det som verre er. Og ikkje i Kristelig Folkeparti her heime: Der det betyr liberalt lauslivnad og verdiløyse.

Men elles er liberaliteten godt planta over det meste av fjøla. Arbeiderpartiet bruker sjeldan merkelappen, men har meint at fridomen er størst der staten rår. Den fordums revolusjonære marxisten Audun Lysbakken leikar seg med liberal sosialisme. Rune Slagstad kallar seg «liberal, verdikonservativ sosialist». Han blei overgått av Erling Norvik som under høgrebølga på 80-talet, for at alt og alle skulle med, snakka om «det progressive, liberal-konservative og moderate sentrumspartiet».

Kvar står Venstre? Kvar har Venstre stått? I hundre år har svaret vore ganske greitt: I midten. Ikkje bare som geografisk plassering på partiskalaen, men også som ideologisk posisjonering i sentrum.

Venstre ville ikkje ha ein tilbaketrekt nattvektarstat, men ein stat i fullt dagslys. Den ideelle venstrestaten skulle vera opplyst, liberal og vennlig - med venstremenn i alle ombod, som einslags nasjonens overlærarar. Staten skulle stå imellom og forsona klassemotsetningar. Derfor hadde Venstre ingen fidus til fagforeningar og var sterk tilhengarar av voldgift.

Venstre vingla mye og var eit samlingsparti også innvortes. Det fanga Halfdan Hegtuns alter ego Even Brattbakken opp slik: «Naboen min og je er begge venstrefolk, og vi står følgelig langt fra hverandre politisk». Men trass i aksept for langt spenn i meiningar, splitta partiet seg rett som det var - i reine, moderate, radikale, liberale, bønder og kristelige. Og det skala av i alle retninger, også til det reformistiske Arbeiderpartiet som i tradisjonen etter Jens Arup Seip hadde «Venstres meningers mot».

Kvar gong Venstre har konsolidert seg på vegen frå 50 prosent til 5 prosent, har det funne tilbake til den pragmatiske midten, med mennesket i sentrum, og med fløy-strid mellom sentrum og periferi. Det var langt frå det motkulturelle og kristelige sørvestlandet til dei kulturradikale i hovudstaden. Partiet var for småbedrifter, men hadde ikkje statsskrekk og sto ofte Arbeiderpartiet nær i sosiale og økonomiske saker. Særlig den delen som gjekk under merkelappen Dagblad-Venstre. Etter kløyvinga på Røros i 1973 understreka Helge Seip at utbrytarane i Det liberale folkepartiet skulle ligga nær «den demokratiske arbeiderbevegelsen», i motsetning til rest-Venstre, som var med i Korvald-regjeringa.

PÅ SPERREGRENSAS RAND har Venstre sidan prøvd med mange manøvrar. I Dørums epoke som Unge Venstre-leiar studerte ein den sosiale liberalismen hos Hobhouse, som også prøvde seg med begrepet «liberal-sosialisme». Radikal-liberalt var eit alternativ til sosial-liberalt. Etter at dei statsvitenskapelige ideologane hadde funne opp den politiske trekanten, plasserte partiet seg på den irrgrøne polen, med brodd mot den kapitalistiske blå og den stats-sosialistiske røde med LO og Arbeiderpartiet som siamesiske tvillingar. Men ikkje verre enn at Dørum blei kledd ut som brur for Gro og Sponheim sa heller Jens enn Jensen, etter at dei hadde sete i Bondevik to og kjempa mot merkelappen «Høgre light». Og kome sterkare i utakt med dei gamle sentrumskameratane: Senterpartiet i næringspolitikken og Kristelig Folkeparti i moralspørsmål som smakar av kristenmanns blod og formyndarsk arv.

Skirbekkane har i sine analyser av det norske, politiske landskapet stadig peika på det manglande samanfallet mellom økonomisk liberalisme og kulturell liberalisme. Partia til venstre er dei kulturliberale. Høgre har tendert mot liberalisme i økonomisk politikk, men balansert mot embetsmannstradisjonen og dei verdikonservative i Minerva-kretsen. Bare i ymse småkretsar rundt Farmand var det ei meir solid legering av fritt næringsliv og fritt og liberalt åndsliv.

Framstegspartiet bruker gjerne «liberalistisk» når dei pyntar seg med ideologi. Men når liberalistane blir for konsekvente, blir dei reinska ut. For Carl I. Hagens høgre-populistiske parti for folk flest har alltid vore autoritært og hylla konforme kulturverdiar. Under ei retorisk kappe av liberalisme står dei til høgre for Høgre i skattespørsmål og valfridom, men til venstre for Arbeiderpartiet i etatisme og statlig paternalisme: Alt som er galt med trygdevesenet og kommunale tenester for dei verdig trengande, ville løysast dersom staten overtok butikken, ausa av oljefondet og skreiv ut individuelle sjekkar.

Etter Dolksjø kalla dei utstøytte liberalistane seg ei tid Fridemokratene og ga Egil Bakke, Ole-Jacob Hoff og Jan Arild Snoen frihetsprisen. Dei som ikkje melde overgang til PR-bransjen, søkte politisk asyl både her og der; Snoen i Minerva. Ei seinare bannlyst gruppe med Danielsen-brørne og Fri og Frank Gundersen prøvde å kuppa dei gjenoppliva restane av Det liberale folkepartiet, som stadig finnest som ei sekt med junioravdelinga Liberalistisk Ungdom.

Det liberalistiske rommet er foketomt og politisk ledig. Fremskrittspartiet har bare vore der på framleige hos folk flest. Høgre har lukka døra for å bli eit breitt og «Ernafisert» folkeparti og velferdsparti i sentrum.

Den som vil flytta inn må merka billetten med høgt utdanna og velberga individualist frå den urbane middelklassen. Som har hospitert hos Civitas og klarer seg sjøl utan plagsame bekymringar med NAV, innvandrarar og endringar i norsk kultur og dagligliv. Som ikkje ser muslimar og andre nye landsmenn som farlige typar eller ei glupsk gjedde, men som god arbeidskraft og ein del av friheten og mangfaldet i eit liberalt samfunn. Bør helst kjøra elbil, vera økologisk connaisseur og like grøn som herr og fru Stordalen, à la carte. Mindre stat og meir individ, både i økonomien og i livet. Mot det formyndariske, for det er ditt frie val, di eiga forteneste og ditt ansvar.

Ungtyrkane i Venstre er gode kandidatar til det ledige romet. Unge Venstres motstraum i partiet er ein høgrestraum. Dei fiskar i ganske uklart og rotete vatn. Det er ikkje eit lapskaus- og Grandiosa-Venstre, og heller ikkje eit kaviar-Venstre, men eit tapas- og sushi-Venstre.

Den liberale dama som bur med to kattar i Gamlebyen, nærar liberalistsike slangar ved sitt bryst. Skei Grande og Dørum kan protestera for all verda, men for tida går ferda for Venstre i ei anna lei enn deira sosial-liberale. Ungdommens kall er alltid å vera meir prinsipielle enn opphavet, og mellom dei prinsipielle får gjerne dei mest prinsipielle hegemoniet. Dei er landets ivrigaste EU-tilhengarar. Dei frir til moderniseringas, individualiseringas og mangfaldets vinnarar. Det er meir snakk om frihet enn likhet. Derfor drar dei det liberale partiet i liberalistisk retning.

Kvar går Venstre? «Gode, gamle Venstre», seier unge Sveinung Rotevatn. «Venstre er gjenkjennbart», seier den eldre Dørum. Tru kor lenge det varer, som same same, but different.

Min gamle onkel, bonde og med i kommunestyret for gamle Venstre i to mannsaldrar, ville ha rykka uvel tilbake over utviklinga. Han hadde vanskar nok med å begripa kva det var å vera liberal, om han ikkje skulle ha måtta slita med dette liberalistiske også. «Det er vel eit nytt påfunn dei har kokt i hop der inne i Oslo», ville han nok ha sagt. Og håpa at det gjekk over.

Men det er denslags som kjem frå dei gamle venstrebygdene no til dags, pene i tøyet, med gelésleik og hornbriller. Ikkje røiselandar, ramndølar, dørumar, sponheimar og skeigrandar. Slikt blir det neppe noe stort og liberalt parti ut av, men kanskje ei konsekvent, liberalistisk sekt med Høgres og Fremskrittspartiets meiningars mot. Utan indianarar. Og under sperregrensa.

Spaltisten var leiar av Studentvenstrelaget i Oslo våren 1969, men har aldri stemt Venstre.