PÅ TUR: Innvandring- og integreringsminister Sylvi Listhaug besøkte denne uken Sverige og den Stockholms-forstaden Rinkeby. Foto: Øistein Norum Monsen / Dagbladet
PÅ TUR: Innvandring- og integreringsminister Sylvi Listhaug besøkte denne uken Sverige og den Stockholms-forstaden Rinkeby. Foto: Øistein Norum Monsen / DagbladetVis mer

Sverige:

Svenske tilstandar

Svenskane kan prise seg lukkelege over at dei har gode naboar.

Meninger

Spaltist

Jarl Wåge

er tidligere lærer ved Norsk Toppidrettsgymnas, skribent og forfatter. Han vant forteller-konkurransen «Storyslam» på Rockefeller i Oslo i november 2016. Foto: Sunniva Halvorsen

Siste publiserte innlegg

Ein kan seie mykje og mangt om Sverige og søta syster och bror. Men tilstandar har dei. Noko så inn i hampen med tilstandar. Overalt. Det forunderlege er at svenskane ikkje let til å ha den minste aning om desse tilstandane dei vassar rundt i. «Dei stikk som vanleg hovudet i sanden og lar det skure,» som ein nordmann sa på Twitter her om dagen

Carl Bildt, til dømes, påstår at det går fint i Sverige. At dei har sine utfordringar. «Men kven har ikkje det?» Makan! «Han veit ikkje kva han snakkar om,» fnysetwitra enkelte her på berget. Korleis kan Bildt vite korleis dei har det i Sverige der han står med hovudet ned og rumpa opp.

Ein ting kan svenskane prise seg lukkelege over. Dei har gode naboar. Naboar som bryr seg. Som har hovudet så langt unna sanden som det er muleg for hovud å komme unna sand. Eg snakkar sjølvsagt om oss nordmenn. Som ser. Og veit. At i grannelandet går det til helvete på fyrste klasse. Då gjer vi som gode naboar skal gjere. Tar affære. Blir nabokjerringar og ordnar opp.

Ansvarsmedvitne politikarar til dømes. I ein valkamp for nokre år sidan harry-tura Siv Jensen til Sverige. Og ho stoppa ikkje på Svinesund slik mange nordmenn gjer. Nei, ho tok turen til Malmø, heilt sør i landet. For på den tida var det stappfullt av tilstandar der. Sjølv om det ikkje heitte tilstandar den gongen.

Men fare på ferde var det verkeleg i Malmø. «Delar av byen er snikislamisert og styrt av Sharialover,» kunne Siv Jensen rapportere heim om. Samstundes som ho melde at styggedomen kom snikande inn over Noregs grenser òg. Så om vi ikkje var på vakt, som folk i Malmø tydelegvis slett ikkje hadde vore, ville Groruddalen brått kunne sitte i islamklisteret akkurat som Skåne-byen.

Folk i Malmø høyrde med undring på kva den norske politikaren hadde å berette. Dei kjende seg slett ikkje att i omtalen. «Sjølvsagt har Malmø problem,» sa dei. «Alle byar i vekst og endring opplever det.» Typisk svensk! Ansvarsløyse og fornekting av verkelegheita frå dei som bur i byen. Som om dei kunne vite korleis det var der? Heldigvis var det mange nordmenn som kjøpte Jensen sin bodskap. Dermed kapra ho nokre vettskremte stemmer frå gode nordmenn som knapt våger å reise til Strømstad.

I sommar kikka eg av og til innom programmet «Allsang på Skansen.» Tusenvis av sommarkledde, sommarglade svenskar som tralla og song. Sidan Twitter er staden for raske svar, spurte eg der om dette også var svenske tilstandar. Snakk om å bli idiotforklara. Ein heil gjeng overdynga meg med linkar til tekstar om bilbrannar, mord, valdtekt og annan styggedom. Ekte svensk verkelegheit. «Dei sluttar nok å synge når dei skal hente bilen etterpå og ser at han står i full brann,» sa ein.

Siv Jensen har ikkje tid til harry-tur no om dagen. Ho har meir enn nok med å rekne ut enda meir skattelette til dei som treng det minst. Heldigvis har ho ein interneringsminister som meir enn gjerne tar ansvar og reiser over Kjølen. Ei som er langt over gjennomsnittet opptatt av svenske tilstandar.

Nyleg var ho der borte. I Rinkeby. Som visstnok er det nærmaste ein kan komme helvete på jord. Mens Holmlia visstnok er det nærmaste ein kan komme Rinkeby i Noreg. Ho oppfordra i alle fall Jonas Gahr Støre til å flytte dit for å sjå kor ille det kan gå her i landet. «Eg kjem for å lære av dei fæle feila de har gjort her i Sverige,» kunngjorde ho for frammøtt presse, «og for å snakke om svenske tilstandar, sjølvsagt.»

Ein del svenskar blei fornærma og skjønte ikkje kva dama snakka om. Typisk hovudet i sanden igjen. Hennar svenske ministerkollega nekta til og med å møte henne. «Eg gidd ikkje bli med på norske valkampstunt,» sa ho. Noko som ikkje fall i god jord i den norske heiagjengen. «Hamas kan ho ta imot, men ein norsk minister med dei beste føremål, skyr ho som pesten,» twitra dei og var minst like fornærma som enkelte svenskar.

Det er ikkje så veldig lenge sidan eg sjølv drista meg ein tur til ein av dei finaste byane eg veit om, Stockholm. Der såg eg rett og slett ikkje ein einaste tilstand. Folk gjekk på jobb, var ute på byen, sat på cafè og shoppa som om dei ikkje hadde ei bekymring i verda. Dette twitra eg om. Tenkte det kunne vere greit at det ikkje berre kjem skremmebilde om grannelandet. Det skulle eg visst ikkje ha gjort. «Du skulle ha dratt til Rinkeby, svarte dei. «Det er ikkje sikkert du hadde kome deg levande der i frå.»

I samband med den norske innvandringsministeren sitt Rinkeby-besøk, gjekk den stockholmske byråden ut og opplyste at arbeidsløysa blant unge i bydelen har gått ned med 30 prosent. I tillegg skal dei byggje 5000 boligar der for å skape eit meir mangfald av innbyggjarar.

«Strålande,» tenkte eg. «Dette vil nok imponere ministeren vår. Dette kan ho ta lærdom av. Dette er Rinkeby-tilstandane sine det. Dette kan ho slå stort opp på Facebook-sida si, i møte med veljarar og i intervju med norske media.» Førebels har vi ikkje høyrt eit pip om det. Men det tek vel tid å fordøye alle inntrykka og sortere ut kva ho meiner er nyttig at vi veit om tilstandane der borte.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook