Svimlande

Fabulerande og rå og med Beethovens musikk surklande i brønnen.

BOK: Med tjue diktsamlingar bak seg og ingen veldige sprang i utviklinga, trur ein at ein veit så nokolunde kva ein kan venta seg frå denne poeten. Ingenting galt i det.

Likevel vert det både uventa heftige og sterke rundar på denne karusellturen , og nokre skikkeleg urovekkande rikkelause og nedslitne ponyar å sitja på av og til.

Her er mange greie dikt om barar i Roma og Oslo, og her er nokre dikt og mange songar på slutten av boka som er for slapt utforma og for lite gjennomarbeidde til å nytta mykje plass på i ei melding.

Uventa gudsbilete

Men sjølve opninga er noko av det sterkaste i boka, der Wolf køyrer ut med eit dikt om Gud som inneheld uventa og originale gudsbilete: «Gud er en birøkter» og «Gud kan også være en sebra som vrinsker». Rett nok endar diktet opp i det meir velkjente wolfske:

Forvirring er alt eg kan skrive om

«Du lider av akutt forfølgesesvanvidd,»

sa psykiatern og krevde meg for tusen kroner.

«Du tror Gud er snill mot deg

Det du trenger er medisiner!»

Wolfs diktar om psykosar med kjennarens avsindige erfaringar: «fjernsynet snakker til meg,/ telefonen er avlyttet,/ det ligger beskjeder i bunnen av alle pilleeskene til meg» , og avsluttar diktet med eit ønske om å bli teken hand om: «Vil du synge meg bitte liten,/ så eg kan ligge i noens lomme/til doktoren har sett på tungen min?»

Artikkelen fortsetter under annonsen

Andre gonger tek dei hand om diktets «eg» når han ikkje vil det:

Til asylet

De sender meg til asylet

når stemmene i hodet mitt

minner meg om min fars og bestefars skjebne,

gir meg håndjern, kalde blikk, transport

til lukket avdeling

Det er mange linjer i desse dikta som er slåande og fengjande og gjev frå seg sine bilete med trøkk og truverde, men det er òg ein del ting som for denne lesaren vert for mykje av ei oppatt-taking, ikkje bare av Wolfs eigne ting, men av sjablongaktige framstillingar av alt frå psykiske symptom til kjærleikserklæringar.

Strålande

Det er nok erfaringar bak, men uttrykket vert ikkje nært nok eller nytt nok til at det maktar å bera den energien som Wolf postulerer over til lesaren.

I tillegg til portretta av barar som Lorry og Fyret, Mono og Bar & Cigar, er her fire ramsterke menneskeportrett. Eitt om den polskspråklege og jødiske grafikaren og avantgardeforfattaren Bruno Schulz, som vart drepen av ein Gestapo-offiser i ein polsk getto.

Om den serbiske forfattaren Danilo Kis heiter det at «tre kulturer sloss om hans barndom,/Tre folk lærte ham sitt alfabet, han tok imot brød og vin nok/til å være slave, magyar, jøde,/i den årstid friheten viste sitt ansikt» . Eit opprivande dikt om poeten Anne Sexton viser at her er Wolf ute av karusellen og øvst oppe i Pariserhjulet. I desse portretta har han skapt nokre av sine beste dikt.

Fabulerande og rå, med eit svakt dunkande hjarta vist fram «til Gud ved språkets grense» og med Beethovens musikk surklande i brønnen.