Påska er ein saga blott. Drøymepåske for mange på jakt etter vinter då våren endeleg var her. Men med hyppige innslag av klabbeføre. Du veit; når snøen er grov og råten, og det går like sakte nedover som oppover.
For Frp, som avviklar landsmøte denne helga, er det klabbeføre heile året. Det tidlegare så potente partiet for «folk flest», der enkelte er mot el-sparkesyklar, men for Segway, har elendig glid og ligg og vakar rundt 10 prosent oppslutnad (i ei måling for Oslo i april, stusselege 3 prosent). Definitivt folk, men ikkje akkurat flest.
«Lov og orden-partiet» som dei òg kallar seg, har smurt seg fullstendig bort. På fem og eit halvt år har dei forbrukt seks og er på sjuande justisministeren. Den fyrste fekk det ikkje til og slutta. Nummer to blei bytta ut. Den tredje måtte gå for å hindre regjeringskrise. Vikaren måtte abdisere på grunn av Iran-gate. Tor Mikkel Wara, som skulle gjenreise Fru Justitia, måtte også gå av. Jon Dale var fungerande (!) i nokre veker. No er Jøran-politi-inn-i-kyrkjeasyl-Kallmyr den sjuande i rekkja.
Det dei har klart, er å setje nærpolitireformen ut i livet. Det heiter faktisk så; nærpoliti! Verken i politiet eller distrikta tar dei bølgja. Avstanden mellom politi og folk flest er større enn nokon gong. Reine lissepasninga til Trygve Slagsvold Vedum. Han scorar billege distriktspoeng, og SP forsyner seg grovt med Frp-veljarar.
For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn
Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.
Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger