LEIARSTJERNE: Innvandring- og integreringsminister Sylvi Listhaug, her under besøket i Sverige og den beryktede forstaden Rinkeby. Foto: Øistein Norum Monsen / Dagbladet
LEIARSTJERNE: Innvandring- og integreringsminister Sylvi Listhaug, her under besøket i Sverige og den beryktede forstaden Rinkeby. Foto: Øistein Norum Monsen / DagbladetVis mer

Facebook:

«Sylvi Listhaug som statsminister for nasjonen Norge»

Det er grumsete og dårleg sikt i ein del fjesbokgrupper. Men ein ting har dei til felles: Ei helteforklara leiarstjerne.

Meninger

Spaltist

Jarl Wåge

er tidligere lærer ved Norsk Toppidrettsgymnas, skribent og forfatter. Han vant forteller-konkurransen «Storyslam» på Rockefeller i Oslo i november 2016. Foto: Sunniva Halvorsen

Siste publiserte innlegg

Med jamne mellomrom («Litt for jamne,» vil enkelte hevde) har eg dukka ned i dei iskalde, bekmørke monsterdjupnene til enkelte facebook-grupper. Forrige gong i «Fedrelandet viktigst» sine.» Derifrå kom eg opp att til overflata, rysta og mørbanka på sjela, og kunne konstatere at det i den mørke iskulda ikkje var liv laga for kristne, norske verdiar.

No har eg avlagt gruppa «Sylvi Listhaug som statsminister for nasjonen Norge» eit besøk og sit att med ei slags «Fedrelandet viktigst revisited» kjensle. Eg har sett brungrums light-utgåva.

Det heile startar riktig så pynteleg med bilde av ei smilande Listhaug med fylgjande utsagn: «Så lenge det er pust i meg, skal jeg kjempe for at vi ikke får svenske tilstander i Norge.» Ho som har starta gruppa, har heilt sikkert hatt dei beste intensjonar. «Vi holder oss for gode til hat og rasistiske kommentarer,» skriv ho innleiingsvis. «Konsekvensene for å spre slikt, er blokkering for alltid.»

I denne gruppa er Listhaug den einaste stjerna. Ho blir omtalt i panegyriske vendingar. Vår leiestjerne og framtidige statsminister. «Tenk at en MODIG, karismatisk, klok, Nordisk kvinne har tatt rotta på hele regjeringen. Bra jobba, Sylvi!» skriv ein.

Eg trengde ikkje skrolle langt nedover i kommentarfelta før det blir tydeleg at det å spreie hat og rasisme likevel ikkje får konsekvensar som blokkering for alltid. Eller konsekvensar i det heile tatt. Medan Listhaug omtrent blir gudinneforklara av medlema, er Arbeiderpartiet hatobjekt nummer ein. Sjølve reinkarnasjonen av store Satan.

Om Jonas Gahr Støre skriv ein: «Han er alt en statsminister ikke skal være. Frekk. Arrogant. Notorisk løgner. Til å spy av. Den som stemmer på denne mannen, må ha en hjerneskade.» «Han er en stygg, ond djevel,» skriv ei anna. Plutselig er Bill Clinton trekt inn i kommentarfeltet. «Støre selger deler av befolkningen og sender 420 millioner til Clinton. Alle vet at Clinton og co er pedofile som tilber djevelen.»

Det er brei semje om at AP aldri har gjort noko godt for Noreg. «De har heller ødelagt,» skriv ei. «Norges parasitter,» seier ei anna. «Hamas-løgneren Støre,» er ein kommentar. «Støre og Giske er skapmuslimer,» kan ein berette.

Den som verkeleg skaper temperatur i kommentarfeltet, er AUF-leiar Mani Hussaini. Her står ikkje fjesbokgruppa «Sylvi Listhaug som statsminister for nasjonen Norge» noko tilbake for «Fedrelandet viktigst» når det gjeld menneskeforakt, hat og raseri. Hussaini har uttalt seg provoserande om Listhaug, og det skal blodfansen pinadø ikkje ha noko av.

Det haglar med meldingar som: «Hele Auf drittungen er en møkka Ape.» «Se å få denne halvsvarte dritten ut av landet.» «Stå på Sylvi!» «I følge deres religion er det lovlig å lyve for ikke-muslimer.» «Bare skyt den jævla niggern.» «ABB var også i kontakt med AP (!) da han var ung. Vi vet hvordan det gikk med ham.» Ein annan bidrar med bilde av eit grisehovud. Ei dame deler ein emoji som spyr grønn galle. Og så vidare, og så vidare i det uendelege.

Dette var så langt eg orka dykke ned i materien. Det finst hundrevis av kommentarar der. Men ikkje ein einaste som tek til motmæle. Ikkje eit einaste kritisk spørsmål til hatmeldingane.

Nokon spør om eg har ei slags masochistisk glede av å trengje ned i grums på denne måten. Drivkrafta er nok ei heilt anna: Å ta med meg faenskapen som gøymer seg i myrkret opp i ljoset og eksponere det for all verda.

Enkelte seier: «Slutt å skrive om Listhaug. Det er dette ho vil. Ha merksemd. All slags merksemd.» Og eg tenkjer at dei kanskje har rett. At eg skal la henne få fred. Men ikkje pokker!

Så lenge det er pust att, for å bruke Listhaug-retorikk, skal eg vere ein irriterande klegg som zzzummar rundt henne og stiller spørsmål om når ho skal ta eit skikkeleg oppgjer med det brunflekkete halehenget som gong på gong gjer henne til sin gallionsfigur.

Spørre henne kvifor ho ikkje klikkar seg inn i desse gruppene og brøler at ho ikkje kan godta slike haldningar. At ho ikkje ikkje er interesseert i deira støtte. At dei skal lage seg andre heltar.

Her vil ein eller annan rådgjevar sikkert presentere ein link der Listhaug tar avstand frå all rasisme. Ho har gjort det. Det er prisverdig. Men det er tydelegvis ikkje nok å bruke innestemme. Ho må seie det med store bokstavar. Brøle det med desibel på flymotor-nivå. Sånn at det ikkje er eit fnugg av tvil.

Ho må gå i seg sjølv enda ein gong og spørre kvifor ho, som ikkje er rasist, likevel stadig inspirerer og tiltrekkjer seg slike element. Kvifor det stadig ligg slikt snusk i kjølvatnet etter henne. Finne ut kva det er med henne som triggar slike krefter og haldningar som i til dømes «Sylvi Listhaug som statsminister i nasjonen Norge.»

Det er valkamp. Listhaug kan bli minister i fire år til, for alt vi veit. Som ansvarleg politikar, som erklært kristen, korleis kan ho leve med å bli sett på som fyrtårn av ein stadig veksande hatgarde som bare vil ha ein einaste leiar; nemleg henne?