LISTHAUG-STØTTE: Vis meg kven som lagar støttedemonstrasjonar for deg, og eg skal seia deg kva du framstår som. Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix
LISTHAUG-STØTTE: Vis meg kven som lagar støttedemonstrasjonar for deg, og eg skal seia deg kva du framstår som. Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpixVis mer

Sylvi Listhaug veit nøyaktig kva ho held på med

Fryktens fyrstinne.

Kommentar

DENNE VEKA har Ketil Solvik-Olsen fått på plass «Jernbaneinfrastrukturforetaket». Om det er kompleksiteten i namnet som avgjer om det alltid går ei tog, har han ikkje bomma. Styreleiar er - som vanlig - Siri Hatlen. Ryddepiken har mellom anna bestyrt Lånekassen, Samlaget, Universitetsforlaget, Vinmonopolet, Helse-Øst og Oslo universitetssjukehus. For tida er ho i styret i Nye veier AS, Entra ASA, Norske skogindustri ASA, Ungdoms-OL på Lillehammer og familieforetaket Magnus Invest AS. Ho veit kva ho held på med. Førr ei dame.

REKLAMEMANNEN Ingebrigt Steen Jensen advarer mot «fryktens fyrster og hatets håndlangere» i eit hårete og ubetalt innlegg i Aftenposten. Han etterlyser Arbeiderpartiet; dei som var best, men har gøymt seg back, som det heitte då han fjerna det trygge, norske flagget på halen og innførte klasseskille i kabinen i flyselskapet Braathens SAFE. Etter det måtte dei nødlanda hos SAS.

INNSTRAMMINGS- og utvisingsminister Sylvi Listhaug blei boren på gullstol inn på tilbudsida i Erna Solbergs regjering. Ho smugla med seg eit gullkors rundt halsen og fire talepunkt frå tida i First House, som ho nyter å klynga seg til mens ho yter. Eg seier som Marco Rubio on reapeat: La oss kvitta oss med forestillinga om at ho ikkje veit kva ho held på med; ho veit nøyaktig kva ho held på med.

Artikkelen fortsetter under annonsen

DEN privatpraktiserande statsråden krev nå arbeidsro for å gjennomføra forlikspolitikken utan at dei liberale og kristelige henger seg opp i den splittande retorikken. Ho er som ein vaktmester Narvestad: Først smella og skjella ut alt og alle, deretter bli såra og vonbroten når dei tar orda på alvor, og så framstå som eit offer når han blir aleine på dugnaden.

ASYLVI SLYEHAUG er listig, dyktig og skamlaus. Ho hamlar opp med sine fiendar blant biskopar og andre godhetstyrannar, men vennene er det vanskeligare å bevara seg for. Ho er ikkje guilty by association, men vis meg kven som lagar støttedemonstrasjonar for deg, og eg skal seia deg kva du framstår som. «Hurra for Sylvi Listhaug», sa Max Hermansen frå Pegida i sin appell på massemønstringa ved House of Commons framfor Stortinget. Den som ikkje er redd for sine barns framtid og fryktar henne nå, er dum eller ein løgnar.

FREMSKRITTSPARTIETS prinsesse overtok stafettpinnen som varslar då Per Sandberg gjekk på kroken og blei fiskeriminister. Dersom Erna Solberg blir så forlegen at ho må målbinda henne, er den ustyrlige og ustoppelige Aina Stenersen, nyvald leiar i Oslo Frp, klar på reservebenken.

ROMSDALINGEN Jøran Kallmyr deserterer frå posisjonen som statssekretær for å få meir tid til familien. Han har aldri kome over at han alltid har stått i skuggen av sunnmøringen Sylvi Listhaug, heilt frå den gongen dei kjempa om leiarvervet i Møre og Romsdal FpU. Det er ein evig forbannelse over den fogderigrensa.

AUKANDE FARE for terror frå provoserte høgre-ekstremistar og anti-jihadistar er ein del av PST og Benedicte Bjørnland sitt trusselbilde. Det er ei betryggande trøyst å få forklart at også det er innvandrarar og asylsøkarar si skuld.