- Sympatisk dikt med neddempa kjensler

Dagbladets lyrikkanmelder vurderer keiserens dikt.

(Dagbladet.no): I Japan har diktet og diktskriving ei særstilling i danninga - ikkje minst har det heilt frå den klassiske japanske poesien vore prinsar og prinsesser, keisarar og hoffdamer blant dei kjende poetane. Det aktuelle diktet har altså vorte framført på ei årleg nyttårsdiktopplesing, og det er eit dikt i den eldgamle diktforma waka eller tanka som ein ofte kallar det. På japansk skal desse versa vera på 31 stavingar på fem linjer, der stavingane er fordelt på linjene etter mønsteret 5,7,5,7,7. For dikta som tok del i denne nyttårsdiktopplesinga har det vore gitt eit tema, slik ein ofte ser det gjort også på haikukonkurransar på nettet i dag. Tema var her «smil».

Det er vanleg at dei første tre linjene i eit slikt waka gjev eit bilete av ein naturscene og dei siste to linjene dreier seg meir om menneske og kjensler. Slik sett held keisaren seg her openbart til forma. Det er også typisk på den måten at det ofte er knappe framstillingar og raske karakteristikkar av stemningar eller inntrykk som pregar dikta. Dette har jo japanarane findyrka i det endå kortare haikudiktet, som er ei nyare form, men er meir kjend.

Eg opplever diktet til keisar Akihito (som eg les i engelsk omsetjing) som typisk for eit waka, og som eit sympatisk dikt med neddempa kjensler og varsemd i ordbruken. Den engelske versjonen har døme på alliterasjon, (cruising - canal, seen - smiling, windows - waving), som er eit mykje nytta verkemiddel i waka, men me ser jo ikkje korleis originalen er med omsyn til dette. Sjølv om det er eit kvardagsleg og enkelt dikt, fortel det også noko karakteristisk om korleis nett dette paret vert møtt når dei kjem siglande i ein båt saman med Mette-Marit.

Poesien kan jo elles møta oss over alt, og i ei av mine første bøker har eg også teke med nokre linjer av ein annan turist i Noreg, ein tilfeldig kanadisk sjåfør eg haika med i Nord-Noreg. Kanskje han fekk sagt like mykje med desse orda:

This is Norway

Sitting in the car

Waiting for the ferry

In the rain