Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Synd på dei nominerte?

Det vil alltid vera nokon som ikkje får, skriv Helge Torvund om Nordisk råds litteraturpris.

HANS HERBJØRNSRUD er skuffa på vegne av norsk lyrikk som ikkje får Nordisk Råds Litteraturpris. Fredrik Wandrup lurer på kor audmjukande det er å verta nominert år etter år utan å nå opp. Artikkelforfattaren såg gjerne at både Vold og Mehren hadde fått prisen for lenge, lenge sidan, men prøver å sjå saka i eit vidare perspektiv.

Når ein deler ut ein pris, vil det alltid vera nokon som ikkje får prisen. Det er den negative sida som heftar ved alle konkurransar. Om ein skal meina at den einskilde vinnar si glede veg opp for alle dei triste taparsinna, handlar vel eigentleg mest om ein skal ha prisar og konkurransar i det heile. Men nå må det sterkt understrekast at føremålet med Nordisk Råds Litteraturpris er å auka interessa for nabolandslitteraturen i Norden. Og sjølv om ein og annan poet kan ha blitt skuffa over kor lite som har skjedd etter at ho fekk prisen, må ein nok seia at prisen har fungert som den skal. Alle som kan gleda seg på andre sine vegne og på litteraturen sine vegne, får ein pris kvart år.

DET ER ALLTID veldig vanskeleg straks å vurdera litterære verk i eit lengre tidsperspektiv, men her satsar ein på aktuelle bøker frå føregåande år, og finn fram til verdige vinnarar. Mange nominerte vil då ikkje få prisen. Men det å vera nominert tydar at ein kunne ha fått han. Og det er veldig nær umogleg å samanlikna ei merkeleg diktsamling som «på era platser» av Anna Hallberg med romanen til Knausgård. Eit element av det tilfeldige vil snika seg inn ein stad i prosessen.

Nå er det mange gode forfattarar i Norden, og det vert bare delt ut ein slik pris i året. Me skal i det følgjande, utan nedvurdering av prisvinnarane, sjå at det er vanskeleg å laga noko skilje mellom forfattarskap på grunnlag av denne prisen. Det vil finnast ein viss grad av tilfeldigheit som gjer at nett den rette nominasjonsjuryen det året fangar opp den forfattaren med den boka og får gjennomslags hjå den nordiske juryen. Slik den norske juryen gjorde til dømes då dei dristig satsa på den tredje boka av Kjartan Fløgstad i 1978, «Dalen Portland».

Men ikkje alle vil påstå at Kjartan Fløgstad er ein større forfattar enn Jens Bjørneboe og Aksel Sandemose, som begge var nominerte, utan å få prisen. Og ein kunne nemna fleire prosaforfattarar som har vore nominerte og ikkje nådd opp, som Jon Fosse, Kjell Askildsen og Tor Åge Bringsværd (to gonger).

NÅR DET GJELD Stein Mehren og dei øvrige lyrikarane, er lista like lang og inneheld like mange imponerande namn på nominerte ikkjeprisvinnarar; Arnulf Øverland, Gunnar Reiss-Andersen, Hans Børli, Olav H. Hauge, Rolf Jacobsen, Georg Johannesen, Jan Erik Vold, Paal-Helge Haugen, Eldrid Lunden og Inger Elisabeth Hansen. Personleg meiner eg at den førre boka til Stein Mehren, «Den siste ildlender» var betre enn den nominerte, men då var altså turen komen til Inger Elisabeth Hansen, som heller ikkje nådde opp.

Nå er det eit viktig poeng at det er bøker som får prisen og ikkje forfattarskap. Ein må ikkje koma i den situasjonen at ein ønskjar så sterkt at ein viss poet skal få prisen at ein innstiller ut frå det, slik ein kunne få inntrykk av då ein i 1999 nominerte essaysamlingane «Storytellers» som presenterte formidlaren Jan Erik Vold meir enn poeten, i staden for til dømes diktsamlinga «Indre krets» av Arne Ruste. Det er sjølvsagt lett nå å seia at Jan Erik Vold skulle vore nominert i 1968. Sjølv om Vold sjølv kunne vore den første til å forsvara nominasjonen av den antirasistiske sakprosaen til Dagbladspaltisten Odd Hølaas, «Livstegn og speilinger» og Jens Bjørneboes «Frihetens øyeblikk», ville det ikkje vore sjokkerande for nokon den gongen om Vold hadde vorte nominert for «Mor Godhjertas glade versjon».

OG SKAL EIN seia noko generelt om nomineringa av norsk lyrikk, så må det vel vera at ein i motsetnad til Sverige, Danmark og Finland, har vore litt meir tilbakehaldne med å nominera lyrikarar. I dei andre landa ser regelen, ikkje utan unntak, til å vera ei prosabok og ei diktsamling. Både Sverige og Finland har til og med nominert to diktsamlingar år om anna! Medan Noreg har hatt ein sterkare tendens til å nominera to prosabøker. Når ein har innstilt norske lyrikarar har det jamt over vore svært solide og veldig godt etablerte namn. Ein noko friskare tendens representerer nominasjonen av Bjørn Aamodt (to gonger) og Inger Elisabeth Hansen. Ein slik nominasjon som Anna Hallberg representerer, har aldri Noreg drista seg til når det gjeld lyrikk. Hadde ein nominert unge Pedro Carmona-Alvarez med den glitrande «Prinsens gate», ville det vore eit trygt val i høve til Hallbergs utfordrande tekstar!

Og fordi ein sjeldnare har nominert norske dikt, er det faktisk òg ein god del solide, kvalifiserte og etablerte namn som ikkje har vorte innstilte. Her har eg tidlegare nemnt Terje Johanssen, men kan ta med Einar Økland, Kjell Heggelund, Tor Obrestad, Sigmund Mjelve og Ellen Einan. Men det å plukke ut to bøker av bokhausten og få med alle sentrale namn let seg ikkje gjera. Kanskje kunne ein like gjerne slå til med nokre unge stemmer innimellom?

Og i alle fall bør ein vel ha som mål å retta opp undernomineringa av lyrikk i høve til grannelanda?

MEN DET KAN lagast liknande lister av poetar frå dei andre nordiske landa. Her skal bare nemnast eit par nominerte: Pentti Saarikoski, som er eit stort internasjonalt namn, vart innstilt fire gonger, me fekk dessverre ikkje prisen. Heller ikkje ein annan internasjonalt kjend poet som Paavo Haavikko (innstilt fleire gonger) oppnådde denne æra. Danske Inger Christensen er òg ein stor poet som har vore innstilt fleire gonger. Og elles er det jo verdt å nemna at prosaforfattaren Halldór Laxness frå Island var blant dei nominerte både i 1962 og 1967, men kom ikkje opp. Eit aldri så lite plaster på såret var det vel at han hadde Nobels litteraturpris frå før!

Mange poetar har altså vorte nominert år etter år, utan å få prisen. Og det kan sjølvsagt vera surt. Men det finst òg mange svært gode forfattarar som aldri har vorte nominerte, og som bør finna god trøyst i følgjande anekdote om den store lyrikaren Dylan Thomas: Ein gong då han overhøyrde eit par andre kundar på puben som krangla kvast om kven dei heldt for å vera den største poeten i landet, gjekk Dylan Thomas bort og spurde med heva augebryn: «Oh, is it a competition?».

NORDISK PRIS: Lista over nominerte ikkjeprisvinnarar er lang og inneheld mange imponerande namn, ikkje bare Stein Mehren og Jan Erik Vold, skriver kronikkforfattaren Helge Torvund (bildet).