Synsing og historie

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

På grunn av utanlandsopphald og andre gjeremål kan eg først i dag kommentere eit par innlegg i Dagbladet i haust. Dei høyrer vel helst til i den kategorien som Dagbladet kallar «sterke meninger». Om styrken ligg i meiningane eller i språkbruken, kan diskuterast.

Olav Engen utnemner meg til «hoffhistoriker». Det går fram at med dette meiner han eit slags underdanig penneknekt, som ikkje har eigne meiningar eller sjølvstendig kritisk vurdering, men lydig kolporterer ferdigsydd historie for å halde seg inne med makthavarar og hauste vinning av det. Denne olympisk suverene diskvalifiseringa er underbygd med ymt, lause påstandar, synsing og personleg mishag. Eg avstår frå å diskutere historieforsking på dette nivået.

I staden innbyr eg Engen til - om mogleg - å leggje fram ei fagkyndig, grundig, sakleg og kritisk gransking av slike deler av mitt arbeid som han finn mest kompromitterande. Skulle dette skje, så lovar eg svar.

Aage Sivertsen har to ærend til meg. Det første er å forkynne at eg har gjort ein feil så grov og stor at eg burde ha manna meg opp til å stå fram og vedgå det. Den andre er at når eg ikkje har gjort dette, så er det ut frå skumle, men uspesifiserte motiv («en skam å skjule»). Eg skal svare på den saklege delen.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer