SPØR RIISE: Spør John Arne Riise eller Martin Ødegaard, om dei helst skulle hatt alle dei timane dei har brukt aleine etter treningar saman med ein utdanna fotballtrenar og spelerutviklar i staden, skriv innsendar. Foto: Berit Roald / NTB Scanpix
SPØR RIISE: Spør John Arne Riise eller Martin Ødegaard, om dei helst skulle hatt alle dei timane dei har brukt aleine etter treningar saman med ein utdanna fotballtrenar og spelerutviklar i staden, skriv innsendar. Foto: Berit Roald / NTB ScanpixVis mer

Ta heller eit oppgjer med deg sjølv, Esten

Den desidert største faren for norsk talentutvikling er den bakvendte gjengen som tviheld på «den norske modellen».

Meninger

Dei «fotballpappaene» som Esten «Bakvendt» Sæther skildrar i Dagbladet tysdag 2. august, er nok ikkje bra for fotballutviklinga. Og i profesjonelle klubbar må familien gjerne skrive under på kontrakt om å ikkje snakke fotball med den lovande ungen.

Men den desidert største faren for norsk talentutvikling er jo den bakvendte gjengen Sæther ofte står i spissen for, som tviheld på «den norske modellen» trass i at vi vert akterutkøyrt av nasjonar som Wales og Island.

Vi kan sjå langt etter land som Belgia, som no er det landet med flest proffar i Premier League. Det var Noreg ein gong på 90-talet. Fotballen har endra seg. Det har ikkje pottitlandet Noreg.

Så medan resten av Europa utviklar akademi, let alle born verte trent av utdanna trenarar (ofte med løn), har ballfokuserte treningar (der borna får sparke ball, ikkje trene kondis), og born får bestemme treningsmengde sjølv, så sit NFF og mumlar om «spissing av lag», «øydelegging av treningsglede» og anna vås. Ein skulle tru dei ikkje anar kva dei snakkar om.

Det handlar ikkje om å utelukke nokon. Det handlar om å gje dei som har motivasjonen ein sjanse. Spør John Arne Riise eller Martin Ødegaard, om dei helst skulle hatt alle dei timane dei har brukt aleine etter treningar saman med ein utdanna fotballtrenar og spelerutviklar i staden. Eg er rimeleg sikker på at svaret ville vere ja.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook