STOLT: Om eg med truverde skal seie at ein må like den kroppen ein har, så må eg og vise det, skriv Kristian Fjellanger (på biletet), forfattar av boka «Feit». Han tek eit bredt oppgjer med maset om å være smal.

Foto: Andreas Øverland
STOLT: Om eg med truverde skal seie at ein må like den kroppen ein har, så må eg og vise det, skriv Kristian Fjellanger (på biletet), forfattar av boka «Feit». Han tek eit bredt oppgjer med maset om å være smal. Foto: Andreas ØverlandVis mer

Ta sommarkroppen tilbake

Kan eg i det heile teke gå ut i sommar, eller må eg gøyme meg i skogen om eg skal sole meg? Kronikk.


FETT:
Det er over oss igjen. Det samme helvete kvart år. Det har ulma i vekesvis, men no har det slått ut i full blomst. Det er overalt, og sjølv om ein ikkje merkar det, snik det seg inn i kropp og sjel. Nei, dette handlar ikkje om pollen. Det handlar om «slikfårdueinfantastisk-perfektsupersexysommarkropp».

Om ein gjer eit kjapt søk på internett med orda sommar og slank, får ein så mange treff med så mange ulike kurar og treningstips at ein truleg kan slanke seg resten av livet med ein ny kur kvar veke - utan å nokonsinne meir lese ein einaste artikkel. Om ein panisk raskar med seg Norsk Ukeblad, Hjemmet og Allers, kan ein finne dei mest fantastifulle kurar og glade treningstips for korleis du kan få «rompa til Tone» og den perfekte magen.

Og Dagbladet. Herrejesus. Ein skulle tru at desken har eit ynskje om at folk flest skal hate og skamme seg over kroppen sin. Den eine framsida etter den andre, som eigentleg berre seier at me alle saman ser forjævelege ut og strengt tatt har kroppar som gjer at me burde halde oss inne. Og unngå at folk ser oss.

Det mest irriterande med desse artiklane er at dei som all anna propaganda sakte men sikkert sig inn og vert noko ein trur på. Ein får dårleg samvit når ein et ein lefsebete til kaffien eller brukar ein skvett med fløyte i sausen på sundagen. - Kan eg i det heile teke gå ut i sommar, eller må eg gøyme meg i skogen bak eit svært tre om eg skal sole meg?

Forsking syner at borna våre arvar sosial status, haldningar og vanar. Og dei vil og arve våre vanar og tankar rundt kropp. Om mor går på det eine meir meiningslause Grete Roede-kurset etter det andre og far får hjarteproblem etter å ha pressa det gamle skinnet sitt for hardt i Birken - så er det tankar og idear som vert vidareført til borna våre.

Ei undersøking frå nokre år tilbake syner at nærare halvparten av alle jenter på 15 år i Noreg sjølv syns dei er for tjukke. Det vil med andre ord seie at halvparten av alle 15 år gamle jenter i dette landet går rundt å skammar seg over kroppen sin på ein dagleg basis. Truleg gjeldt dette for begge kjønn og langt fleire aldersgrupper enn 15-åringane. Og her har me som er vaksne eigentleg all skulda. Me kjøper trykksaker med slankeoppskrifter og treningsmetodar på framsida - med krigstypar. Høglydt speglar, slankar, syt og skammar me oss over kroppen vår. Og dette vert sjølvsagt overført til dei som er på veg til å verte vaksne, og vert forma av alle inntrykka rundt dei.

No er jo sjølvsagt utviklinga knytt til fedme og overvekt noko ein skal ta på alvor. Og handsame med den seriøsitet den fortener. Men alvorleg talt. For dei aller fleste vil ein kunne halde vekta i sjakk og være i akseptabel form med å trene nokre gongar i veka. Og halde laurdagskosen til laurdag og ikkje kose kvar einaste dag.

Det enkle er ofte det beste. Om du som forelder tar med ungane dine på tur nokre gongar i veka og bytar ut sukkerhaldig brus med sukkerfri brus, så er du langt på veg. Både med tanke på å være i god form - og til og gje gode vanar og haldningar til ungane dine. Du treng ikkje dure i gong med personlege trenarar eller lese oppskriftshefta til crazylavkarbodoktor Hexeberg. Det er regelrett ikkje naudsynt. Gå tur og bytt ut brusen. Og arbeid med å like kroppen din slik den er. For borna dine merkar at du skammar deg over din kropp.

Etter at eg gav ut boka «Feit» i 2010 er eg kontakta av mange hundre ungdommar som vil snakke om kroppen sin med meg. Eg har reist rundt på ungdomsskular og snakka om kropp og skam. Fått mange og vanskelege spørsmål om kropp. Og blitt testa og utfordra på mine eigne haldningar og mine eigne kroppskompleks. For når ein har vore smellfeit slik som eg var, så får ein aldri kroppen til David Beckham eller Andreas Thorkildsen uansett kor mykje ein trenar.

Men til slutt måtte eg konkludere med at om eg med truverde skal seie at ein må like den kroppen ein har, så må eg faen i meg og vise det. Så da forlaget ville gje ut boka «Feit» på nytt, var eg ikkje i tvil. Eg måtte være naken på framsida. Med laus hud på magen, og ei ræv som bær preg av at den har vore altfor stor, samt strekkmerker her og der. Men samma faen. Det er min kropp. Og eg liker den.

Den kroppslege klassereisa frå å være eit fleskeberg på 140 kilo til å tørre å være ei vaskeekte mjukpornostjerne som er naken på bokcover, er lang. Eg vil tørre å seie at eg har tatt kroppen min tilbake, og eg syns at me som er vaksne menneske skal bruke sommaren til nettopp det: Ta kroppen tilbake - og syne at den kroppen du har til vanleg, og kan fungere som ein sommarkropp.