Tafatt Gule

AMERIKABREVET: Lars Gule har heilt rett: Eg ser demokratiet, menneskerettane og den vestlege kulturen som uendeleg verdfulle storleikar. Om eg meiner Vestens kultur er overlegen? Ja, på mange vis! Når det gjeld kva som er oppnådd i levekår, velstand, fridom, geografisk og sosial mobilitet, menneskelege rettar, humanisme, likestilling og likeverd, kulturell variasjon, kunstnarleg opplevingsnivå, rettspraksis, respekt for minoritetar, etc. etc., har verda snautt sett eit betre system for folk flest enn det som er utvikla i dei sosialkapitalistiske demokratia i Europa og Nord-Amerika dei siste par-tre mannsaldrane. Eg meiner alle desse nemnde verdiane er viktige, og at dei er verdt å kjempe for.Det er ein interessant debatt kor vidt islam i seg sjølv - ikkje berre den politiske og militante islamismen - som religion er eit faktisk og praktisk hinder mot å kunne oppnå dei same godene for folket som under kristendomen og demokratiet. Lone Nørgaard og Tabita Wulff si bok «Storm over Europa» kunne unekteleg vera ein bra start for den gode Gule i sine vidare studiar. Jesu forkynning er foreinleg med føresetnadene for ein demokratisk samfunnsorden, medan det motsette er tilfelle med Profeten, seier filosofen Kai Sørlander.

LARS GULE må få analysere og analysere, og relativisere og relativisere om religionar og kulturar. Men han må vera varsam og ikkje gå for langt på nytt, for då blir me nøydde til å sitere Pål Veidens vidgjetne Morgenblad-artikkel frå 2002 om Gule sine store bragder.

DET BESTE FOR Dagbladet sine lesarar no er at Lars Gule og eg sluttar om dette temaet - at han les mi bok Amerikabrevet ein gong til, utan fordommar, og at me møtest i Oslo når lauvet sprett, tek oss eit par øl og syng Ole Paus sine to songar frå 1978: Stevet til herr Lars Gule og Balladen om fru Gunvor Galtung Haavik.