<p><br>
</p>


Vis mer

Kvil i fred, Prodigy

Takk for musikken. Hvil i fred.

Sjølvsagt er «Shook Ones» vekas Vers: Ein tidstypisk hardcore hip-hoplåt i 1994. I dag ein tidlaus klassikar. To generasjonar fortel kvifor låten fungerer.

København 2014. Eg er endeleg på konsert med eldste son min igjen, det er lenge sidan sist. Me var ofte på barnekonsertar då han var liten, og i tidleg ungdom tok eg han med på både hip-hop- og jazz-konsertar. Han var til og med på Roskilde Festival då han var ni år. I midten av tenåra vart det forståeleg nok mindre kult å vere med far sin på konsert.

Men i 2014 har vesle Sigurd vorte 18 år, og eg treng ikkje å ta han med. Me går berre i lag på konsert for å sjekke ut to veteranar som me begge likar svært godt: Mobb Deep frå Queens, New York. Dette er også det beste med konserten, at me går i lag – dét, og så avslutningslåten. Resten av konserten er berre OK. Rapparane, Prodigy og Havoc verkar litt slitne, og engasjementet svingar ein del. Det som dreg opp, er den sterke settlista. Mobb Deep har ein dunge med gode låtar, og mange av dei er ekte hip-hopklassikarar. Berre det å høyre beatsa, og især trommene på eit stort anlegg, er ei oppleving. Men duoen har éin monsterhit, éin song som alle alltid krev å høyre.

Det er ikkje godt å seie om Prodigy er stolt eller lei når han annonserer avslutningslåten: «We know you all really came to hear this one …» Ein hi-hat startar, og alle i salen, om lag tusen personar, klikkar fullstendig.

Det er på Mobb Deeps andre album og store gjennombrot, «The Infamous» frå 1995, me finn dette meisterverket: «Shook Ones» i daglegtale, sjølv om låtens fulle tittel er «Shook Ones, Pt. II», for det er snakk om ein ny versjon av ein låt som ikkje kom på albumet (men som allereie var ute på ein promo-singel, og seinare dukka opp på ein internasjonal versjon av tredjealbumet, «Hell On Earth»).

Låten vart ein «instant classic» då han kom ut, og vart viktig for ein ny generasjon hip-hopparar då han vart brukt som intromusikk – og Eminem-karakterens store inspirasjon – i filmen «8 Mile» i 2002. I dag er «Shook Ones» ein av dei aller mest sampla og refererte låtane i hip-hophistoria, og det er som regel Prodigys opningsvers og refrenget det er snakk om. Havoc er ikkje eit like stort talent på mikrofonen, men det er han som har laga musikken, både til denne og mange av dei beste låtane av Mobb Deep.

Albert Johnson aka Prodigy døydde tysdag denne veka, berre 42 år gammal. Han døydde truleg av følger av sigdcelleanemi, ein arveleg blodsjukdom som han har levd med og vore open om heile tida. Han levde òg eit hardt liv, heilt frå starten, oppvaksen i dei sosiale bustadblokkene i Queensbridge. Han var ein hissigpropp som var glad i dop, og han la seg ut med dei fleste. Mobb Deep laga heller ikkje så glad musikk; det var mørke og låke forteljingar frå dei harde gatene. Og når dei rappa om våpen og vald, så var det ikkje metaforar for å battle med rim. Det var det det var. Prodigy sat òg inne frå 2008-2011, dømd for å bere våpen ulovleg.

Det legendariske opningverset på «Shook Ones» er på heile 32 takter, men er likevel eit vers som mange hip-hopfans kan heilt eller delvis utanåt. Det er endå ein tekst om livet på gatene, territoriale krigar, vald og overleving. I alt består låten av to lange vers, og to lange refreng. Beatet går og går, og det er hardt og monotont, men Prodigy er både oppfinsam og leiken.

For det fyrste, er starten uvanleg og overraskande; han begynner verset etter ti takter (det mest vanlege ville vere etter åtte eller tolv). Så rappar han vidare, kaldt og roleg. Han er så sikker på sine eigne lydar, og så sikker på si eiga evne til å måle knivskarpe bilete, at han treng ikkje å rime heile tida heller. Nesten alle linjene eller linjepara er isolerte kunstverk i seg sjølve, ofte med sin eigen vesle melodi, som gjer at du kan få enkeltlinjer på hjernen. Ein kunne tru at rapparen hadde samla alle dei beste linjene og ideane sine, og på magisk vis fått dei til å henge i hop som eitt genialt verk. Men slik er det nok ikkje. Prodigy var berre ein nittenåring som prøvde å skrive sitt livs beste vers, som han gjorde kvar dag, og akkurat denne dagen lukkast det svært godt.

«I’m only 19, but my mind is older / When the things get for real, my warm heart turns cold» rappar han, og set fingeren på eit temperatur-tema som for meg er viktig i Mobb Deeps univers. Prodigy rappar så kaldt, roleg og distansert, men med ei svært varm stemme. Tekstuniverset er òg stor sett kaldt og jævlig, men rapparens varme hjarte viser heile tida glimt av håp. Og beatsa; den varme lyden og dei kjølige gjentakingane. Desse kontrastane, og Prodigys enorme nærvær og karisma, dreg meg inn, og gir meg kjensla av å vere der – og dét er både og. «I might crack a smile, but ain’t a damn thing funny», seier Prodigy i «Eye for a Eye». Av og til er det bortimot nifst å høyre på Mobb Deep.

Eg ringer til Sigurd, som sit i København og lagar beats.

– You ain’t a crook, son! Nei, då. Du, kvifor er fyrsteverset på Shook Ones så frykteleg bra?

– Det handlar mykje om beatet. Det er så tøft, og enkelt. Trommer, bass, og ein choppa sample. Berre to akkordar, typisk for eit beat brukt til battlerapp, for det kan berre gå og gå utan at ein vert lei. Og ikkje minst, starten er veldig viktig. Det er jo eminent bruk av kjøkenvifta her!

Det uttrykket har Sigurd laga sjølv, og må forklarast. Det er eit triks som er mykje brukt i hip-hop frå slutten av åttitalet og framover: At beatet har eit slags støyande eller urovekkande element heilt frå starten, som forsvinn i det rapparen begynner. Det kan vere susing, ein høgfrekevent tone, eller som i «Shook Ones», nokre nifse strykarar sampla frå Quincy Jones.

– Alle kjenner til det, forklarer Sigurd. Du har gløymt å slå av kjøkenvifta, men legg eigentleg ikkje merke til den sjenerande lyden – ikkje før nokon plutseleg slår av vifta, og då berre «ah! …» Det er behageleg.

– Men Prodigy, då?

– Han rappar berre bra, heilt utan å anstrenge seg. Eg synest ikkje det er Prodigys beste tekst, han har laga mange betre og meir ærlege tekstar. Eg meiner han var ein av dei fyrste «conscious gangsta»-rapparane, litt det same som Vince Staples driv med i dag. Men «Shook Ones» er så bra fordi beatet er genialt, og fordi Prodigy har så mange tøffe «one liners» i det verset. Det er også derfor så mange har sampla linjer frå verset, og derfor me har høyrt dei så mange gongar, og derfor dei er så bra.

– Men kva handlar teksten om?

– Eg trur den handlar om å gjere det beste ut av situasjonen. Ein må spele med dei korta ein får utdelt. Ein kjem frå den plassen ein kjem frå. Og han er jo også stolt, og seier at han vil døy i Queens.

Det ønsket fekk han ikkje oppfylt. Albert Johnson døydde i Las Vegas, på turné med Mobb Deep.

Takk for musikken, Prodigy. Kvil i fred. Helsing Runar (45) i Hovdebygda og Sigurd (21) i København.