Takk for paviljongen!

JENS ULLTVEIT-MOE

har gitt 37 millioner kroner til Nasjonalmuseet for kunst, slik at den planlagde paviljongen til arkitekturmuseet på Bankplassen 3 blir realisert. Paviljongen er teikna av vår store arkitekt Sverre Fehn. Dette var ei gladmelding for meg og alle andre som arbeider for at presentasjonen av arkitekturen skal få betre forhold. Paviljongen vil bli eit flott byggverk!

I ein kommentar i Dagbladet same dag påstår Gudleiv Forr at Kulturdepartementet har sett på prosjektet som ein pest og ei plage. Dette kjenner eg meg ikkje igjen i. Det er heller ikkje i samsvar med det min forgjengar, Ellen Horn, uttalde då planane vart kunngjorde i juni 2001. I pressemeldinga 19. juni 2001 framheva Kulturdepartementet at museet med tilbygg vil få ein sterk symbolkraft, med arkitekt Grosch som ansvarleg for den opphavlege bygningen og Fehn for ombygginga og tilbygget. Arkitektoppdraget til to av Kulturdepartementets byggjeprosjekt det siste tiåret har også blitt gitt til Sverre Fehn: Nynorsk kultursenter i Ørsta og Fotomuseet i Horten.

STATEN HAR

eit overordna ansvar for norsk kulturliv, også økonomisk. Men at private, næringsliv og frivillige også bidrar, er naudsynt for at kulturen skal bløma.

At Gudleiv Forr gir uttrykk for at dette skulle vera problematisk, og synast å sjå noko suspekt i dette, har eg ingen forståing for. Departementet har ansvar for at dette byggjeprosjektet og andre prosjekt blir realisert innanfor tilgjengelege ressursar. Når ombygginga av Grosch-bygningen og tilbygget blir realisert ved at staten tek om lag 2/3 av utgiftene og Ulltveit-Moe om lag 1/3, er dette eit av dei mest spennande eksempla på samarbeid mellom private og offentlege aktørar. Ein stor takk til Jens Ulltveit-Moe!