TANGO FOR FLEIRE: Telenors avgåtte direktør Jon Fredrik Baksaas, avsatte styreleiar Svein Aaser og ryddegut Sigve Brekke. Foto: Berit Roald / NTB Scanpix
TANGO FOR FLEIRE: Telenors avgåtte direktør Jon Fredrik Baksaas, avsatte styreleiar Svein Aaser og ryddegut Sigve Brekke. Foto: Berit Roald / NTB ScanpixVis mer

Tango for mange

Det er vanskelig å bevara møydommen i eit horehus.

Kommentar

DENNE VEKA døydde Nora Brockstedt. I et lite land langt mot nord er det mange som har problem med danserytmen, både i televimsinga og i asylpolitikken. It takes two to tango, men når det blir fleire, går det i ball. Noen snublar, mens andre blir ståande der og glo og klaga over den tapte tid. Men alle er samde om at russarane burde bygga ein mur og stenga grensene, for Blostrupmoen kan ikkje ta mot alle.

TELENORS tidligare wonderboy, Jo Lunder, som nå seglar under den bekvemmelige vimpelen til den reinhårige og marine John Fredriksen, er sikta for korrupsjon og suspekt tango med dottera til den usbekiske presidenten. Ho skal vera dyktig i det faget etter å ha fått opplæring av Gunnar på Mo.

TELENORS avsette styreleiar Svein Aaser har gitt avgått direktør og spesialrådgjevar Jon Fredrik Baksaas ein etikkbonus på 1,7 millionar. Det er omtrent som om Trygg Trafikk skulle gjera Petter Northug til ambassadør. Baksaas sin etterfølgar og ryddegut, Sigve Brekke, bygde opp Telenor i Asia. Om han klarte det på tvers av normal og korrupt forretningspraksis der, den som Yara levde opp til i India, så er det ein like stor prestasjon som å bevara møydommen i eit horehus.

HALVE KONGERIKET er Are Kalvøs musikal på Det Norske Teatret. Helten i stykket er Martin Kolberg. Som flygande supermann framfører leiaren i kontroll- og konstitusjonskomiteen ein habil hyllest til Systemet. Nå blir han skulda for å vera litt inhabil fordi han kjenner Sigve Brekke. Men den einaste som kan avgjera om Martin Kolberg inhabil, er Martin Kolberg. Sådan er parlamentarismen. Sjøl om vi er få her i landet, er det mange i nomenklaturen som har ei fortid saman i AUF.

KRUSPRINSEN har venner med god råd og fine båtar. Det er ikkje mye dignity over å halda slikt hemmelig. Stesonen, Vesle Marius (18), arbeider også med å bygga opp vennskap og nettverk. Han fekk helsa på Justin Bieber, men har så langt sloppe å vera med og tørka opp sølet.

DEN LISTIGE Sylvi Listhaug (First House og Framstegspartiet) blir stadig oftare framført i full frihet. Nå har ho tatt på seg å snakka biskopane sin preses Helga Haugland Byfuglien til rette om kva Jesus ville ha gjort i nærområda. Oss he ei bøn til Erna Solberg: Kunne ikkje den listige bli pålagt å halda seg til landbrukstango og bare plaga og godhetstyrannisera bøndene?

VI HAR SAKNA Karl Eirik Schjøtt-Pedersen. Derfor er det ei glede at Schjøtten nå har dukka opp som ein hjulvisp frå ein brønn i Barentshavet med innovative argument for at snill, norsk petroleum kan redda verden frå klimakrisa.

DEN KATOLSKE biskopen Bernt Eidsvig er ille ute og kan bli bura inne. Det var ingen inkurie at kurien heldt fram med å bedra stat og kommune for millionar med katolsk-klingande namn dei fann i telefonkatalogen. Det går nok ikkje lenge før Eidsvig må søka asyl i Vatikanet. Der kan han møta att sin pedofile bispe-kollega frå Nidaros som lever i eit fornemt og komfortabelt kloster.