Taper vi kampen mot svolten?

EIN AV

av sju, eller drygt 840 millionar menneske, har ikkje nok mat til å eta seg mett, og utviklinga går feil veg. Dette er den dystre konklusjonen i ein ny rapport frå FN sin matvareorganisasjon, FAO. Kva kan så Noreg gjera for å snu denne trenden?

FAO peikar på at dei rike landa må satsa meir på jordbruksinvesteringar i u-land og opna sine eigne marknader for eksport frå dei fattigaste landa.

Denne veka er landbruksministrane i FAO samla i Roma for å evaluera FN sine tusenårsmål. Samstundes sit dyktige forhandlarar frå snautt 150 land i Genève for å samla trådane etter ministerkonferansen i Verdas handelsorganisasjon, WTO, i Cancùn i september. Dette arbeidet er ein krevjande prosess som kan ta lang tid.

VERDIEN AV HANDEL

for å sikra utvikling kan ikkje understrekast for ofte. Velstandsutviklinga i den vestlege verda, og ikkje minst i Noreg, har vore heilt avhengig av eit omfattande varebytte. Det same gjeld for vidare utvikling i Sør. Denne handelen må vera i ordna former, og derfor er regelutforminga i WTO sentral.

Kva rolle kan handel med jordbruksvarer spela i denne velstandsutviklinga? I ei utgreiing som Landbrukets Utredningskontor og Universitetet i Oslo er i ferd med å avslutta vert det peika på at det ikkje finst noko døme frå moderne historie på at land har blitt rike på handel med jordbruksvarer. Nyindustrialiserte utviklingslanda har alle, som namnet seier, funne sin rikdom utanfor jordbruket. Taiwan, Singapore, Korea og Hong Kong er alle døme på det. Utviklinga i Kina peiker i same retning.

Jordbruket kan likevel spela ei viktig rolle på eit tidlegare utviklingstrinn. Ein viktig føresetnad er då at jordbruket ikkje blir ei agrar felle som nasjonaløkonomien låser seg inn i, men at jordbruket og jordbrukshandelen tvert i mot blir eit springbrett for satsing på auka verdiskaping og vidareforedling, både innanfor og, ikkje minst, utanfor jordbruket.

DETTE ER UTGANGSPUNKTET

for Regjeringa si satsing på handel med utviklingsland generelt, og ikkje minst prioriteringa vår av dei 49 minst utvikla landa, MUL. I tillegg vil eg peika på tre berebjelkar som satsinga vår kviler på:

1.

Når det gjeld jordbruksvarer er dette ikkje et spørsmål om frihandel eller ikkje. I dei fleste land, utviklingsland så vel som industrialiserte land, speler jordbrukssektoren ei nøkkelrolle for å ivareta viktige samfunnsmål som ikkje let seg måla i rupees, pesos eller kroner og øre. Statleg styring og vern om nasjonal jordbruksproduksjon vil difor stå sentralt. Matvaresikkerhet, busetting, identitet og kulturarv og biologisk mangfald kan i liten grad bytast til seg på ein marknadsplass. Fritt etter ein tidlegare sjeføkonom i Verdsbanken vil eg difor peika på at for at frihandel skal vera verkeleg fri må den også innebera fridom til ikkje å handla. Med andre ord: Innafor regelverket i WTO må det vera rom for å sikra ein viss nasjonal jordbruksproduksjon, også i marginale og lågproduktive område med vanskelege produksjonstilhøve.

2.

Eg vil understreka at det ikkje er mogeleg å gjera alle til lags. Ei bevisst satsing på dei fattigaste landa tilseier at desse landa får handelsprivilegium som mindre fattige land, og særleg rike industrialiserte land, ikkje kan få. Regjeringa har gjeve dei 49 minst utvikla landa toll- og kvotefri tilgang til den norske marknaden for alle varer gjennom ei særordning. Denne positive diskrimineringa er ei naudsynt drahjelp for fattige land som satsar på auka eksport. Dersom rike og meir konkurransedyktige eksportnasjonar får betre tilgang til den norske marknaden vil handelsprivilegia som dei fattigaste i dag nyt godt av, bli tilsvarande redusert.

3.

Det er viktig å vera klar over at marknadstilgang er ein nødvendig, men ikkje tilstrekkeleg føresetnad for auka eksport. Det er i dag auka forståing for at det hjelper lite med tilgang til nye marknader dersom eksportkapasiteten ikkje vert oppgradert. Det dreier seg rett og slett om å levera varer til ein pris og kvalitet som er konkurransedyktig. Særleg har dei høge krava som industrialiserte land stiller innafor det sanitære og veterinære området skapt store problem for mange u-land. I dei fleste tilfelle ligg løysinga neppe i ei lemping på krava. Det er snarare eit spørsmål om å støtta u-landa med teknisk assistanse slik at dei i større grad vert sett i stand til å innfri desse krava.

KORLEIS FUNGERER

dette i praksis? Er dette nok eit døme på mykje preik og lite ull? Det norske Felleskjøpet si satsing på soyaimport frå fattige og krigsherja Mosambik tyder på at ord kan bli handling.

I dag importerer Noreg proteinrikt kraftfôr frå konkurransedyktige storeksportørar som USA og Brasil. Soyaimporten frå Mosambik er garantert fri for genmodifiserte organismar, og sjølv om kontrakten som no er inngått mellom Felleskjøpet og 3000 soyaproduserande småbønder i Mosambik, berre gjeld 1500 tonn, er det meininga at det samla importbehovet til Felleskjøpet på om lag 60000 tonn årleg etter kvart skal dekkast opp gjennom denne importen.

Produksjonspotensialet i Mosambik er stort, og i avtalen med Felleskjøpet er det ein føresetnad at soyaproduksjonen ikkje skal omfatta meir enn fjerdeparten av bonden sitt jordbruksareal. Det er difor ikkje fare for at denne eksporten går ut over produksjon for lokalt forbruk, snarare tvert om. Bonden får styrka sin eigen økonomi, noko som kan auke produksjonen også for den innanlandske marknaden. Felleskjøpet si satsing på småbønder er difor ei fattigdomsorientering som gir positive ringverknader for lokalsamfunnet.

DET ER DERFOR

liten tvil om at det norske landbrukssamvirket viser veg i dette spørsmålet. No går ballen til andre aktørar. Noreg importerer om lag 50% av forbruket av jordbruksvarer. Brorparten av denne importen kjem i dag frå industrialiserte land. Det burde vera mogleg å auka importen frå dei fattigaste u-landa monaleg. Og samstundes betra fattigdomsprofilen. Kven tek utfordringa?