Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Tar omvegar

Språket legg ein ornamental avstand mellom stoffet og lesaren.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Karin Haugane er ein poet som gjev seg i kast med store prosjekt. «Ruiner av forbindelse. Et episk dikt (Ostinato)» frå 1995 fortalde på ein særmerkt og fragmentarisk måte om ei jente sine opplevingar av søsken som døydde, seksuell utnytting, mobbing og stoffmisbruk.

I «Oktavfeltet» er det gjennomgåande temaet kjærleiken, og mange av dikta har titlar som byrjar med «du»: «du mellom furutrær», «du i regnet på karl johan». Av og til får forholdet mellom «du» og «jeg» enkle og lysande uttrykk som rører ved oss, men problemet med mange av desse dikta er ein gjennomgåande omveg til stoffet. Det poetiske har noko ordmålande, ornamentprega og adjektivfylt over seg. Til dømes med uttrykk som «i minnefeberens orkanmørke kast».

Det får meg til å tenkja på det beste hjå Odd Abrahamsen og det svakaste hjå Joseph Brodsky, men mest er det nok dei same inspiratorane i bakgrunnen.

Karin Haugane har glimt av originalitet, men det finst ein avstand i metoden som gjer at mange linjer står fram som vakre, men ikkje som inderlege overføringar av energi. Av og til opplever ein at ei heil historie av sivilisert språk står mellom oss og det intime og kjærlege, det erotiske og lengtande. Ei kulturell tyngd ligg då over setningane og stiller seg mellom lesaren og dei rørslene som Haugane har villa uttrykkje. Men i korte glimt kan alfabetet gli inn i oktavfeltet og bli levande musikk.

Hele Norges coronakart