Taterane må få oppreising

Norge er stadig best - særleg når det gjeld menneskerettar. Menneskerettsminister Hilde Frafjord Johnsons handtering av dei som overlevde taterutryddingspolitikken vil vise om norsk menneskerettspolitikk framleis berre handlar om at det er typisk norsk å vere god - i utlandet.

For nokre dagar sia var eg så heldig å møte dr. Ian F. Hancock. Han er president i International Romani Union og har nyleg tatt mot Rafto-prisen på vegne av r omanifolket . Vi fekk ein kort prat nokre timar etter at han hadde hatt eit svært lovande møte med den norske menneskerettsministeren. Statsråd Frafjord Johnson hadde stilt seg svært så positivt til synspunkta som romani-presidenten la fram. Han vart derfor litt forundra da eg fortalde at noverande menneskerettsstatsråd Johnson for eit år sia tilhøyrde det svært breie stortingsfleirtalet som avviste forslag om oppreising og erstatning til dei som leid tap og skade på grunn av den statlege taterutryddingspolitikken.

Utdelinga av Rafto-prisen må sette nytt søkelys på Stortingets og regjeringas manglande vilje til å ta eit verkeleg oppgjer med den norske taterpolitikken. Tidlegare stortingsrepresentant Åge Hovengen oppsummerte i ei setning si erfaring med stortingsmiljøet si haldning til taterane, da eg diskuterte dette med han i våres: «Hvis du her i Stortinget tok til orde for erstatning til noen av de reisende, da hadde du dumma deg ut.» Det står litt betre til i dag.

Ein seigliva myte går ut på at det var naziregimet frå 1940 som lanserte forsøket på å utrydde taterane i Norge. Eit lite tilbakeblikk på den rasehygieniske innsatsen til humanisten Johan Scharffenberg bør avlive den myten for alltid. Da Scharffenberg for få år sia vart heidra med kransenedleggjing m.m., var det heldigvis nokre få verkelege humanistar som laga ei motmarkering under parolen «ingen krans til en taterhater». Men i eit nokså nytt leksikon (Caplex 1990) les eg om Scharffenberg at han «virket for avholdssak, sosial rettferd og toleranse, og ble en av førerne i kampen mot nazismen» . Dette er rett dersom taterutrydding er uttrykk for «sosial rettferd og toleranse» .

Artikkelen fortsetter under annonsen

Vi bør også vere ærlege nok til å innrømme at teoriane om rasehygiene i mellomkrigstida fekk stor tilslutning også blant kjende intellektuelle på venstresida i arbeidarrørsla. Karl Evang skreiv f.eks. i 1934 at «den tanke f.eks. å begrense antallet dårlige arvebærere, er en helt rasjonell tanke, som socialismen alltid har gått inn for» . Johan Scharffenberg utvikla dette til ei ideologisk grunngiving for å utrydde taterbefolkninga, bl.a. i ein artikkelserie i Arbeiderbladet: «Samfunnet må ha rett til å gripe inn mot deres forplantning, og da ekteskapsforbud ikke hindrer barneavl, er de eneste brukbare midler internering eller tvungen sterilisasjon.» Han var heilt klar på at det ikkje nytta å påverke taterane til å bli gode menneske slik som han var sjøl: «For det som er urent av natur, kan det ikke være håp. Ingen vask kan gjøre tateren hvit.» Scharffenberg konkluderte på ein måte som var enkel å forstå: «Arvelæren har allerede i høi grad rasjonalisert avlen av husdyr og kulturplanter. Den bør også bli grunnlaget for rasjonell menneskeavl. Ellers vil vi mennesker fra en fin rasehunds synspunkt være kjøtere.» Slike synspunkt hadde brei tilslutning da Odelstinget i 1934 vedtok steriliseringslova - mot 1 stemme.

Scharffenberg skapte ikkje taterhatet, han laga berre ei moderne grunngiving. Den rasistiske behandlinga av taterane var fleire hundre år gammal, og fekk nye uttrykk kvart einaste år. Nord-Odal kommunestyre drøfta f.eks. 31. januar 1921 eit framlegg frå ein Ap-representant om å drepe taterar som våga å kome over kommunegrensa. Dei folkevalde avviste framlegget med 15 mot åtte stemmer. Forslagsstillaren meinte «det greieste var at skyte dem» . Men ettersom han vart nedstemt, står det i møteboka at «herefter skal det være forbudt at skyte tatere» .

Ingen hevdar denslags offentleg i dag. Men det offisielle Norge har heller ikkje tatt eit verkeleg oppgjer med dette. I ein av Dagbladet sine artiklar om taterutryddingspolitikken las eg at myndighetene no arbeider med korleis dei skal gi oppreising og erstatning til dei overlevande. Eg er redd for at den meldinga er departemental desinformasjon. Så seint som 6. desember i fjor avviste eit svært solid stortingsfleirtal RV sitt forslag om oppreising til taterane som gruppe og erstatning til dei som lei tap og skade på grunn av taterpolitikken.

Det var eit viktig framsteg at alle i Stortinget - utanom Frp - var einige i at den norske staten har begått store overgrep mot taterane. Det var første gong taterane stod på Stortinget sin dagsorden uten at dei sjøl var skyteskive. Men stortingsfleirtalet meinte det var godt nok å innrømme dette i ei komitéinnstilling: «Fleirtalet viser til at desse utsegnene frå Stortinget gjev dei reisande som gruppe ei oppreising. » Dette er for lettvint. Det er omtrent som å seie: Unnskyld, det var stygt gjort av oss å prøve å utrydde taterane , og så meine at den norske staten dermed er ferdig med det moralske og politiske oppgjeret. Dette må følgjast opp i handling. Romanifolket sine organisasjonar og kulturelle tiltak må få statleg pengestøtte og gode arbeidsvilkår. Både taterkulturen og den norske utryddingspolitikken må inn i lærebøker og historiebøker, for berre å nemne eit par tiltak som enda er ugjort.

Ei taterkvinne har fortald meg om korleis ho vart sterilisert med tvang på 60-talet, «på sosialt og eugenisk grunnlag» , som det står i sjukehusjournalen. Eugenisk er doktorspråk for rasehygienisk , eller rasistisk viss vi skal snakke tydeleg. Andre - som ikkje har opplevd det sjøl - har fortald at tvangssterilisering av taterar i Norge skjedde fram til slutten av 1970-talet. Dette er ferske spor av den undermennesketeorien som Johan Scharffenberg var ein forkjempar for.

Når Scharffenberg likevel får vere stor humanist i eit nytt oppslagsverk på 90-talet, seier det mykje om den norske vilje til å skjule sanninga om taterutryddingspolitikken. Dr. Hancock fortalde om eit langt grovare eksempel frå Ceausescu skal egentlig ha en cédille nede på første s-en, men jeg finner ikke s med hake eller selvstendig hake i tegnene vi har. Må settes inn på sida, om mulig. Ceausescus Romania. (Dei som har godt minne, hugser at den norske regjeringa heidra Ceausescu med St. Olavs-ordenen.) Ein nederlandsk menneskerettsorganisasjon sendte ein observatør til Romania, bl.a. utstyrt med skjult utstyr for lyd- og filmopptak, for at han skulle dokumentere Ceausescu-regimets forfølgjing av romanifolket. Han filma bl.a. ei fersk massegrav og konstaterte sjøl at han kjende igjen ein av ungane som låg i grava. Han hadde sett denne ungen på ein barneheim nokre få dagar tidlegare. Dette var ein del av Ceausescus politikk for å utrydde romanifolket. Omfanget var større og verkemidla var råare enn i Norge. Men målet for politikken var ikkje så veldig ulikt.

Eit anna fellestrekk bør og nemnast: Den filmen som den nederlandske menneskerettsforkjemparen hadde med seg tilbake, skapte verken mediestorm eller ei stor sympatibølgje i Vesteuropa. Ceausescu-regimets massive overgrep mot romanifolket og Johan Scharffenbergs rasistiske agitasjon er begge utestengt både frå norske oppslagsverk og frå engasjementet til dei fleste vesteuropeiske humanistar. Det rår ei slags felles forståing på det feltet.

Menneskerettsminister Frafjord Johnson har ein jobb å gjere her heime, før ho med nemneverdig truverdighet kan reise utanlands og kritisere andres krenking av menneskerettane.

menneskerettar

Dr. Ian F. Hancock er president i International Romani Union og har nyleg tatt mot Rafto-prisen på vegne av romanifolket. Tidlegare stortingsrepresentant for RV Erling Folkvord meiner vi nå må reise nye spørsmål til Stortinget og regjeringa om oppreising for taterfolket. Orda må følgjast opp i handling, meiner han.