Teatersystemet bør leggjast om

Mange hevdar at ein i dagens Kultur-Norge står overfor ein overgang til auka prosjektløyvingar og ei nedbygging av institusjonane. Kva for konsekvensar får dette for kunstlivet i distrikta?

Det umiddelbare svaret er at dette vil vere negativt for distrikta. Prosjektmidlar til kunstnarleg verksemd skal tildelast ut frå strenge faglege kvalitetskrav, og kvaliteten finn vi i sentrum, her finn vi rg dei beste kunstnarane, her finn vi smaksdommarane og portvaktarane, den varierte smaken og dei mangslungne sosiale miljøa. Alt ligg til rette for at auka prosjektfinansiering vil styrke kunsten og kunstnarane i sentrum.

Men samanhengane er langt frå så enkle. Viss det er noko periferien kan mykje betre enn hovudstaden, så er det nettopp å ta initiativet til og å utvikle, setje i gang og få til kunstnarlege prosjekt. Kulturlivet og kulturstyresmaktene i Oslo er på langt nær så dyktige til dette som det periferien er. Det regionale kulturlivet er van med å kjempe, sy saman finansieringsmodellar, og verkeleggjere spennande kunstnarlege prosjekt, f.eks. Skulpturlandskap Nordland og den nye operasatsinga på Nordfjordeid. Kvalitetsforskjellane mellom regionale og urbane kulturprosjekt er små. Derimot er det store forskjellar i kvalitet mellom regionale og sentrale kunstinstitusjonar. Der er t.d. enorme kvalitetsforskjellar mellom Det Norske Teatret og Sogn og Fjordane Teater. Det er små forskjellar i kvalitet mellom Ultima-festivalen og Førde Internasjonale Folkemusikkfestival.

Ei delvis oppløysing av institusjonsmodellane i kunstlivet vil derfor ikkje få negative konsekvensar for kunst- og kulturlivet i i Distrikts-Norge. Heller tvert om. Den statlege institusjonaliseringa av det regionale kunstlivet på 1970- og det tidlege 1980-talet har i eit lengre tidsperspektiv synt seg å vere lite vellykka. Kunstinstitusjonane i Distrikts-Norge er prega av lite dynamikk, lite fornying og lita kunstnarleg skaparevne, og er svært lite attraktive som arbeids- og utstillingsplassar for yngre, lovande og dyktige kunstnarar, noko som er godt dokumentert i fleire rapportar frå Norsk kulturråd. Vi har fått andre- og kanskje tredjeklasses institusjonar som gjerne vil skape profesjonell kunst på høgt nivå, men som ikkje i særleg grad lykkast med det. Smaksdommarane i hovudstaden bryr seg ikkje med kunsten som vert skapt ved dei regionale institusjonane. Det kan ein i og for seg leve godt med. Verre er det å leve med at heller ikkje publikum i regionane i særleg grad synest å bry seg. Dei regionale institusjonane har ikkje makta å foreine kunstnarleg kvalitet og regional forankring. Dei har aldri - kanskje med eit visst unntak på 1970-talet - klart eller vore så veldig opptekne av å finne den optimale balansen mellom desse omsyna. Dei regionale forskingsstiftelsene som vart etablerte på 1980-talet, har klart denne balansen mykje betre; i dette tilfellet balansen mellom regional relevans og forskingsmessig fagleg kvalitet. I aukande grad har desse også orientert seg internasjonalt. På kunstfeltet gjeld dette særleg teater og biletkunst; dvs. regionteater og kunstnarsentra. Musikklivet er unntaket. Norsk musikkliv er langt meir desentralisert enn andre delar av norsk kulturliv, og samtidig mykje mindre institusjonsbasert enn f.eks. scenekunsten. Det er ein klar samanheng mellom eit prosjektbasert og eit regionalisert musikkliv og mellom eit sterkt institusjonsbasert og sentrumsorientert scenekunstliv.

Distribusjonsfasen med R-ane blei på 1970-talet og byrjinga av 1980-talet avløyst av ein institusjonsfase i det regionale kunstlivet; med oppbygging av regionteater og kunstnarsentra. Vi fekk derimot ikkje ei tilsvarande institusjonalisering av musikklivet. Samanliknar vi på regionalt nivå dei tre områda scenekunst, biletkunst og musikk, er det vel ikkje særleg tvil om at vi finn både det høgaste nivået og den største kulturelle/kunstnarlege aktiviteten innan det regionale musikklivet. På dette feltet har vi rg sett svært gode resultat av samarbeidet mellom amatørkulturlivet og dei profesjonelle instruktørane; «dei kunstnarlege pedagogane» som dei noko nedlatande har vorte kalla (jf. igjen operasatsinga i Nordfjord). Medan det i dag ikkje er særleg tvil om at Oslo så desidert er sentrum for norsk scenekunst og norsk biletkunst, er det langt frå opplagt at hovudstaden er det musikalske sentrum. Musikken har ikkje noko sentrum; han finst overalt i ulike sjangrar og toneartar. Det utvida kulturomgrepet frå 1970-talet har gjennom norsk musikkliv på 1990-talet blitt verkeleggjort på ein slik måte at det utvida kulturomgrepets far - ekspedisjonssjef Johs. Aanderaa (de hugsar han?) - ville ha gledd seg storleg. Men evnar dagens embetsmenn i Kulturdepartement å gle seg på same måte?

Norske regionale kulturstyresmakter var tidleg ute når det galdt å prøve å utvikle ein prosjektorganisert og prosjektfinansiert regional scenekunst. Som påpeikt i rapporten med den illustrerande tittelen «Thalias utpost eller lokalsamfunnets speil» er den regionale teaterhistoria på 1980- og byrjinga av 1990-talet prega av regionanes kamp mot eit bakstreversk Kulturdepartement i Oslo. Regionane lanserte sine eigne teatermodellar som alternativ til institusjonsteatermodellen; teaterverkstader og prosjektteater - begge i samarbeid med amatørteatret; særleg teaterverkstadene. Av departementet blei desse definerte som pedagogisk verksemd og følgjeleg som eit reint regionalt ansvar. Departementet vende også tommelen ned for dei to regionteatra som gjennom ulike eksperiment prøvde å frigjere seg frå den tradisjonelle institusjonsteatermodellen.

Kulturdepartementet var motstandar av ei prosjektretting av den statleg finansierte regionale teaterpolitikken. Dei ville ha faste institusjonelle strukturar. Departementet motsette seg eksperiment og forsøk ved dei etablerte regionteatra, og hadde eit svært avventande syn på regionane sitt forsøk på å integrere profesjonelt og amatørretta teaterarbeid. Amatørar og profesjonelle vart oppfatta som to skilde kategoriar; ikkje som det dei er: glidande overgangar langs mange aksar. Det skjedde ein gradvis overgang frå ein vilkårsorientert til ein meir innhaldsorientert teaterpolitikk. Departementet sjølv operasjonaliserte og implementerte bestemte normer for kunstnarleg og fagleg kvalitet. Regionane ønskte ei annleis organisering, og evaluerte på den måten den statlege institusjonaliserte teaterpolitikken. Mange av dei norske fylkeskommunane arbeidde for 10 år sidan mykje for ein overgang til ei prosjektfinansiert regional teaterverksemd med vekt både på regional forankring og kunstnarleg kvalitet. Som m.a. innebar sterkare integrasjon mellom profesjonelle teaterkrefter og delar av amatørteatret, noko som for øvrig er eit vilkår for vidare utvikling av den regionale scenekunsten. Forsøka har lykkast i den forstand at mange av dei nyskapte teaterinstitusjonane no paradoksalt nok har fast plass på statsbudsjettet. Og det var kanskje dette som var meininga? Å bli institusjonar med faste årleg løyvingar. Om dei også har lykkast kunstnarleg - eller med å finne den optimale balansen mellom regional forankring og kunstnarleg kvalitet - torer eg ikkje seie. Vi har lite å tape - men kanskje ein del å vinne; dvs. vinne kunstnarleg - ved ei organisatorisk og finansiell omlegging av det regionale teatersystemet i retning av sterkare prosjektverksemd.

Dei delvis statlege finansierte kunstinstitusjonane i regionane har ikkje lykkast særleg godt, korkje ut frå kriteriet kunstnarleg kvalitet , slik sentrum definerer dette, eller ut frå kriteriet regional relevans slik dette vert oppfatta av regionane. Ein gradvis overgang til statlege og andre prosjektretta verkemiddel vil bidra til ei nødvendig fornying og vitalitet av det regionale kunstlivet. Å leggje ned eit par av dei minst attraktive regionteatra kan vere første steget i ei slik omlegging. Det er berre å gå i gang; kvifor skal ein vente på nok ei utgreiing frå departementet?