MANGE VIL MYKJE: Initiativa er ofte gode, men forvaltinga av kulturarven er noko vi gjer i fellesskap, skriv innsendaren. Her er gruppa Frikar under dansen som tok dei til finalen i Norske Talenter i 2008. Året etter blei dei verdenskjende etter MGP-seier med Alexander Rybak. Foto: Sigurd Fandango / Dagbladet
MANGE VIL MYKJE: Initiativa er ofte gode, men forvaltinga av kulturarven er noko vi gjer i fellesskap, skriv innsendaren. Her er gruppa Frikar under dansen som tok dei til finalen i Norske Talenter i 2008. Året etter blei dei verdenskjende etter MGP-seier med Alexander Rybak. Foto: Sigurd Fandango / DagbladetVis mer

Debatt: Kulturforvaltning

Tek du eit råd?

I 1972 samla folkemusikk- og folkedansmiljøa i Noreg seg under ny paraply; Rådet for folkemusikk og folkedans. Her skulle ulike miljø i ei rekke sektorar samordnes, miljø med sprikande interesser og småe ressursar. I dag spriker interessene meir enn nokon gong. Har vi ikkje lenger behov for Rådet?

Meninger

Det går føre seg ein prinsipiell diskusjon i folkemusikk- og folkedansmiljøet. Korleis forvaltar vi musikk- og dansearven – og korleis organiserer vi oss for framtida?

Ole Aastad Bråten.
Ole Aastad Bråten. Vis mer

Sidan 80-talet har feltet endra seg mykje og nye aktørar har kome til. Det er ikkje lenger dei frivillige laga som åleine tek hand om folkemusikken og folkedansen, også festivalane, musea, arkiva og plateselskapa formidlar nasjonens dans og musikk. Og nett her skjer det mykje. Dansekompaniet Kartellet, plateselskapet Ta:lik, Førdefestivalen og Valdres folkemusikkarkiv er nokre av dei som i dag formidlar og vidareutviklar folkemusikken og folkedansen.

Og mange vil mykje. Mellom anna dansekompaniet Frikar som i brev til Kulturdepartementet seier dei vil ta eit nasjonalt ansvar i utviklinga av tradisjonsdansen.

Initiativa er ofte gode, men forvaltinga av kulturarven er noko vi gjer i fellesskap. Ein levande folkekultur blir ikkje til i hovudet hjå enkeltaktørar åleine, men i samspel menneske i mellom; spelemenn, kritikarar og besteforeldre, folk i ulik alder og med ulik erfaringsbakgrunn.

Dette har også ligge til grunn for Rådet for folkemusikk og folkedans sin tilskottspolitikk, å sikre breidde og mangfald i arbeidet med vern og vidareutvikling av ein levande folkekultur. Vi treng samordning av alle gode krefter. Her kviler Rådets mandat.

Men ikkje alle ser det slik, ikkje eingong Rådets eige organ, Senter for folkemusikk og folkedans. Dei vil helst sysle med danseforsking og -undervising. Og berre det.

Senteret har lenge vore navet i den breie folkemusikk- og folkedansinnsatsen i Noreg. I dag brukar 14 tilsette det meste av tida si på dans. For ynsket om å drive danseundervising på høgare nivå har lenge vore ein draum.

Men er det Senterets oppgåve å tilby slike studie? Nei, i staden er det vår oppgåve å syrgje for at styresmaktene og utdanningsinstitusjonane sikrar utdanning på området. Derfor er vi no i prosess med å stake ut ny kurs for eige organisasjon – og der interessepolitikken vonleg skal få stå i sentrum. For interessemotsetningane er mange og kampen om ressursane er stor.

Dei store organisasjonane snakkar gjerne for seg og sine medlemmer. Men også dei mindre aktørane ser seg sjølv gjennom tronge brilleglas. Og når mange spring til torgs med bøn om meire pengar, då høyrest ingen.

Mange har stilt spørsmål ved Rådets rolle. Dei store organisasjonane femner jo så mange, blir det sagt. Det er delvis rett, men dei store råkar på langt nær alle.

I høyringane på Stortinget blir det mest vesentlege sjeldan nemnt. At vinnarar i landskappleik blir løna som ufaglærte og at formalkompetanse trumfer realkompetanse ved tilsetting i kulturskulene. At stipenda er fåe til trass for auke i talet på profesjonelle utvarar. At det framleis manglar ein digital infrastruktur for sikring av folkemusikklyden og folkedansfilmen. At det enno ikkje finst utdanningsløp for instrumentmakarar. At samværsdansen lir. At det er store forskjellar i kommunane sin innsats med folkemusikk- og folkedans. At Oppland er vinnaren medan ein i Nord-Norge knapt mottek tilskott i det heile. At forskinga er marginal og at det manglar ressursar til drift av Noreg sin nasjonalkomité i International Council for Traditional Music.

Og derfor treng vi Rådet for folkemusikk og folkedans. Som samordnande organ og drivkraft for alt dette. Mandatet til langsiktig forvalting av folkemusikken og folkedansen kviler ikkje i hendene på to-tre organisasjonar og dei meste kjende artistane, åleine, men på oss alle. Derfor skal vi jobbe for auka merksemd og auka ressursar til alle dei som arbeider med folkemusikk og folkedans. Derfor treng vi Rådet for folkemusikk og folkedans.