INVASJONSHÆR: - Telefonen invaderer oss og tilranar seg meir og meir av vår merksemd og tid utan at vi ein gong merkar at det skjer. Smart(!)phonen har gradvis blitt eit snedig, kontrollerande tankepoliti, skriver artikkelforfatteren. REUTERS/Charles Platiau  TPX IMAGES OF THE DAY
INVASJONSHÆR: - Telefonen invaderer oss og tilranar seg meir og meir av vår merksemd og tid utan at vi ein gong merkar at det skjer. Smart(!)phonen har gradvis blitt eit snedig, kontrollerande tankepoliti, skriver artikkelforfatteren. REUTERS/Charles Platiau TPX IMAGES OF THE DAYVis mer

Telefonavhengighet:

Telefontankepoliti

Slik skulle jeg aldri bli.

Meninger

For nokre år sidan, omtrent i (den telefoniske) steinalderen, var eg i hyggeleg lag på restaurant i Oslo. Eit ungt par kom eg sette seg ved eit ledig bord. Plutseleg tok ho fram mobilen og byrja å snakke. Like etter gjorde han det same. Vi såg oss forundra rundt og lurte på om vi hadde hamna i eit skjult-kameraopplegg der dei skulle filme reaksjonane våre. Eller i eit vitskapeleg eksperiment. Ikkje eit kamera å sjå. Vi konkluderte med at dei av ein eller annan merkeleg grunn sat og snakka med kvarandre via telefon.

Spaltist

Jarl Wåge

er tidligere lærer ved Norsk Toppidrettsgymnas, skribent og forfatter. Han vant forteller-konkurransen «Storyslam» på Rockefeller i Oslo i november 2016. Foto: Sunniva Halvorsen

Siste publiserte innlegg

Dette var lenge før forldre byrja å gå med andletet langt inne i mobilskjermen for å tekste eitt eller anna dødsviktig medan dei trillar barnevogn og såleis lukkar seg ute frå å kommunisere med nurket i vogna.

Lenge før folk byrja å kollidere med lyktestolpar og ramle over reklameskilt fordi dei bare må få med seg den siste kattevideoen på fjesboka. Lenge før syklistar byrja å våge liv og lemmar for å «laike» eit bilde på Insta. Og lenge før alle offentlege transportmiddel blei ein arena der alle deler alt med alle så vi kan få vite kven Anne hamna til sengs med kvelden før, at svigermor er eit hespetre, bli med på krangel med ein kjærast eller kva vi no absolutt må inviterast inn i.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Vi fossilar hugsar då det fanst enkle reglar for bruk av telefon. Ikkje ringe nokon etter klokka 22:00 eller før 09:00. No er telefonverda regelrett (eller regellaus) Vill Vest, og vi er vidopne, døgnopne og tilgjengeleg 24/7.

Som når nokon rett og slett er nøydde til å gjennomføre ein samtale medan dei betaler på KIWI og såleis arrogant ignorerer hen som sit i kassa og gjer ein så viktig jobb for oss.

På eit anna restaurantbesøk hamna vi ved nabobordet til ein lystig gjeng frå Hammerfest på Tigerstad-tur. Plutseleg kom dei på at dei måtte ringe Ronald som ikkje kunne vere med på turen. På Face! Ronald var på nattevakt på sjukeheimen og var overlukkeleg over eit avbrekk. Det blei eit rabalder med skrik og skrål så eg til slutt høfleg spurte om dei kunne vere vennlege å ta med seg Ronald utanfor så vi fekk høyre kva vi tenkte.

Langdistansebussing, til dømes ti og ein halv time frå Oslo til Måløy, kan vere så keisamt at det å sjå maling tørke fortonar seg som ei festforestilling. Spesielt om reisa blir eit telefonskravlemareritt i tillegg. Då kan å sove nokre timar på nattbuss vere eit alternativ. Om ikkje dama på setet foran har endelause samtalar med Bente, Arne og Asbjørn. Då bussen kjørte vidare etter nattstopp på Sinclair Kro og ho på nytt ringte Bente, pikka eg henne på skuldra med den moralske peikefingeren min og sa: «Kan du helse Bente og seie at ho må sove no? Det skal eg òg prøve på. Om du sluttar å snakke i telefonen.» «Jævla idiot,» freste ho. Men ho la vekk mobilen og reiste sikkert gjennom eit abstinenshelvete før ho kunne gå av i Sjåk.

Alle turistar i Marrakech blir oppfordra til å besøke ein tropisk hage i byen. Så der gjekk eg og nytte synet av eksotiske plantar, vakre trapper, sildrande vatn og karpedammar. Då la eg med eitt merke til at mange gjekk med telefonen foran andletet og tok bilder i eitt køyr som om dei var betalte for å dokumentere kvar liten flik av hagen. Det slo meg at dei ikkje ante kva dei hadde sett før dei kom heim og bladde gjennom bilda. Men då blei det vel så mykje retusjering og bearbeiding at dei ikkje fekk sjå kva dei hadde sett uansett.

Mobilen er aldri meir enn ei armlengd unna. For vi må sjekke. Stadig oftare. Nesten alltid. Om det kan ha tikka inn eit livsviktig bilde av ein matrett, solnedgang eller enda ein kattevideo som bare roper etter å bli kommentert, likt og delt. Enkelte går like godt med telefonen trygt plassert i handa konstant. Av og til sa eg til elevar: «Pass på at ikkje mobilen gror fast i handa di.» Då såg dei rart på meg. Kanskje han allereie hadde grodd fast?

Sånn skulle eg aldri bli. Mobilavhengig, meiner eg. Men eg må bryte saman og tilstå: Eg er ikkje lenger han eine som sit på trikken utan mobilen i hendene. Og pinadø har ikkje duppedingsen like godt krøpe opp på nattbordet òg. Sånn for sikkerheits skuld.

Nokia, Samsung, Apple og andre aktørar med all makt i Cyberspace og på jord, har tilsett dei skarpaste knivane i skuffen til å komme opp med stadig nye bruksområde og landevinningar. Og tru for all del ikkje at dei lanserer alt i ein modell. Nei, dei porsjonerer det ut slik at vi stadig må dra kredittkortet om vi skal få tak i det aller siste av fiffige finessar.

Sånn invaderer telefonen oss og tilranar seg meir og meir av vår merksemd og tid utan at vi ein gong merkar at det skjer. Smart(!)phonen har gradvis blitt eit snedig, kontrollerande tankepoliti i ei slags «Brave New 1984 World».

Så til alle som er så livredde for ein islamistisk invasjon at dei kikkar under senga kvar kveld for å sjekke om det ligg ein skjeggete muslim der; have I got news for youI Det er ikkje snikislamisering som umerkeleg gneg seg inn til margen av våre verdiar og tankegods. Det er sniktelefonisering.