KJOLEBYTTE:Tidligare med djupraude leppestiftar - nå med aggressive stjerneskot på valkampåpning i  Ålesund. Foto: Øistein Norum Monsen / Dagbladet
KJOLEBYTTE:Tidligare med djupraude leppestiftar - nå med aggressive stjerneskot på valkampåpning i Ålesund. Foto: Øistein Norum Monsen / DagbladetVis mer

Terningen er kasta

Den jensenske parlamentarismen i fri utfoldelse.

Kommentar

DENNE VEKA starta kommunevalkampen i lisenskanalen. Med ein dansande og syngande intro som var reint  misbruk av Stortingets heilage hallar. Kvar er amatørskodespelaren Olaf Michael Thommessen når parlamentarismens verdighet har bruk for han? Dei kunne vel ha brukt baktrappa, som Dalai Lama.

DET TIDLIGARE ARK har lagt seg på show-lina i valdekninga. Med komikarane Niklas og Mathias frå P3 som uvitande utspørjarar: Terningkast 2. Med Ingunn Solheim og Ingerid Stenvold som informerte utspørjarar. Terningkast 4. (Men terningkast 2 når Solheim blir pålagt å gjera seg til og posera.) Den passiv-aggressive og påpasselige Atle Bjurstrøm: Terningkast 5.

PÅGÅANDE OG KRITISK programleiing er bra, men blir lett forveksla med påståelig og manisk avbryting. Som då den pene og velpleide Anders Magnus prøvde å rævkøyra Raymond Johansen og den grøne Lan Marie Nguyen Berg: Terningkast 1. Om då ikkje den fordums posør-moraliserende radikalaren hadde ein skjult agenda: Å skapa sympati for ofra. Han hadde uansett eit enormt forbetringspotensial, og han greip det i møtet med ikkje-politikaren Fabian Stang, det skal han ha. Terningkast: Ein solid 4-ar.

FORLEGGET for den pøbelaktige stilen må vera arven etter Bjørn Hansen og Tom Berntzen (NRK, Sponsor Service, NAF, Rikstoto, Strømsgodset og Corporate Communications). Då dei to hersa med politikarane tidlig på 80-talet, var det bare noen få som sto mot: Carl I. Hagen (som nå seier «alea iacta est» og kryssar Middelhavet) og Arne Fjørtoft (korttidsvikar som leier i Venstre) såg rett inn i kamera og snakka direkte til folket, same kor mye dei blei formante om å sjå på programleiarane. Men best var Jo Benkow: Han trassa alle avbrytelsar og snakka ufortrødens vidare til han var ferdig. Så snudde han seg til Bjørn Hansen og sa på sitt mest elskverdige: «Unnskyld, De ønsket visst å avbryte?» Terningkast 6.

HATTEBYTTE er ein krevjande øvelse i politikken, særlig for finansministrar/partileiarar. Kristin Halvorsen fylte dobbelrolla på sitt moderlig og ironisk tilgjevande vis. Siv Jensen opptrer alltid hattelaus. I staden bytter ho kjole: Med djuprøde leppestiftar og Morn'a Jens på valvaker, med aggressive stjerneskot på partiets valkampåpning i Ålesund, men i uskuldskvitt som finansminister og visestatsminister i TV-debattar - med Erna Solberg som assistent.

FEIL, TØV OG VÅS er blitt standard utsagn i valkampen. Det er som kjent fire former for løgn: Svart løgn, kvit løgn, statistikk, og tal som Siv Jensen ikkje liker. Ho har elles tatt på seg å skrota Fremskrittspartiets grunnleggande posisjon: Nå er det om å gjera å ha to tankar i hovudet på ein gong. Det heiter ikkje enten/eller lenger; heretter heiter det både/og. Og dette er den jensenske parlamentarismen: Ein statsråd skal setta ut i livet det Stortinget vedtar i rikspolitikken, dog slik at statsråden står fritt til å motarbeida vedtaket i kommunepolitikken.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook