Politifolk utenfor åstedet der en bilfører meide ned muslimer utenfor en moske i Finsbury Park, London. - All terror er blind, ond og barbarisk. Absolutt alltid, same kva drivkrafta måtte vere, handlar det om hat og/eller hemn, skriver artikkelforfatteren. Foto: REUTERS/James Cropper
Politifolk utenfor åstedet der en bilfører meide ned muslimer utenfor en moske i Finsbury Park, London. - All terror er blind, ond og barbarisk. Absolutt alltid, same kva drivkrafta måtte vere, handlar det om hat og/eller hemn, skriver artikkelforfatteren. Foto: REUTERS/James CropperVis mer

Terror er terror er terror

Byrjar ein å gradere terror som meir eller mindre forståeleg og meiningsfull, er ein på ville vegar.

Meninger

Spaltist

Jarl Wåge

er tidligere lærer ved Norsk Toppidrettsgymnas, skribent og forfatter. Han vant forteller-konkurransen «Storyslam» på Rockefeller i Oslo i november 2016.

Siste publiserte innlegg

På 1970-talet deltok eg i ein Nei til atomvåpen-marsj frå Stavanger til Sandnes. Ein lokal journalist omtala deltakarane som «fredstanter med himmelvende blikk».

Hadde eg vore ung og idealistisk mann på 1930-talet, hadde eg truleg ikkje vore «fredsonkel». I staden hadde eg kanskje blitt framandkrigar i Spania under borgarkrigen der. Kjempa på republikanarane si side mot fascisten Fransisco Franco som fekk hjelp av flyvåpenet til nazisten Adolf Hitler. Eit flyvåpen som fekk «øve» i Spania, blant anna ved å bombe byen Guernica.

Eller eg kunne meldt meg som friviljug på finnane si side i Den finske vinterkrigen der Sovjetunionen gjorde krav på delar av Finland for blant anna å sikre innløpet til Leningrad mot eit eventuelt tysk åtak.

Om eg hadde vore ung muslim i dag, usikker, lett påverkeleg, marginalisert, hadde eg kanskje latt meg forføre av ekstremistar til å la meg verve som framandkrigar av IS og slåss for deira sak i Syria.

Det pågår alltid ein krig der ute som vi, om vi vil, kan finne ei palusibel årsak til å verve oss til, kjempe og eventuelt dø i.

Sånn er det med terror òg. Då USA 9/11 2001 blei utsett for det mest spektakulære og verste terroråtaket verda har sett, var reaksjonane fyrst og framst sjokk og sorg. Men det var òg mange som jubla. USA, Store Satan, hadde fått ein nesestyvar av dimensjonar. «Fullt fortent,» meinte mange islamistar etter at landet i årevis hadde leika verdspoliti og deltatt i ei rekke brutale krigar i muslimske land.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Då Noreg opplevde sitt aller verste terroråtak 22/7 2011, var sjokk og botnlaus sorg dei framste kjenslene i det norske folk. Men enkelte jubla. Høgreekstremistar som meinte at AP fekk som fortent. For dei er «kulturmarxistane» i AP, i tillegg til all verdas muslimar, Store Satan. Dukkar ein ned i fb-sidene deira, oppdagar ein at det er fleire og fleire som meiner at Fjotolf, som ABB no kallar seg, gjorde det einaste rette.

Etter at Storbritannia i den seinare tid har vore mål for ei rekkje groteske terroråtak frå islamistiske ekstremistar, opplevde landet 19. juni eit åtak med motsett forteikn. Utanfor ein moskè i Finsbury i London, køyrde ein bil inn i ein flokk muslimar, skadde mange og tok livet av ein. Sjåføren av varebilen ropte, då han blei tatt til fange, at han var ute for å drepe muslimar.

Den høgreekstreme leiarstjerna, Hege Storhaug, var raskt ute og kommenterte åtaket. «I natt var ikke terroren uforståelig eller meningsløs,» skreiv ho. «Dette var hevn og/eller hat.» Kommentarane fann snart klangbunn i ekkokammeret hennar i dei brungrumsete fb-sidene Folkedypet og Fedrelandet viktigst. Der poppa det opp kommentarar som: «Terrorist? Dette var ikke terror, men hevn.» «Koser meg,» skreiv ei, «endelig noen som tør å ta igjen.» «Kampen er endelig i gang,» proklamerte ein. Ein annan slo fast fylgjande: «Dette er det eneste språket den voldelige, muslimske religionen forstår.»

Sidan terroren i fylgje Hege Storhaug ikkje var «meiningslaus», betyr det at ho fann meining i åtaket utanfor moskéen i Finsbury. Det inneber vel at ho ser på terror mot muslimar som meiningsfull hemn som fylgje av hat?

Då vesttyske Røde Armé Fraksjon med Andreas Baader og Ulrike Meinhof i spissen, dreiv med terror på 1970-talet, var det mange venstreekstremistar som fann meining i aksjonane deira.

Då IRA i årtier terroriserte Nord Irland og Storbritannia, var det mange katolikkar som såg på handlingane deira som meiningsfulle. Det same gjorde mange baskarar då separatistorganisasjonen ETA utløyste bombeeksplosjonar i Spania og Frankrike.

Det dei ikkje klarer å fatte dei som heiar på terror, anten det er radikale islamistar, Hege Storhaug med sine kumpanar, venstreekstremistar eller IRA- og ETA-sympatisørar, er at terror er terror er terror. Dei lukker augo for at all terror er blind, ond og barbarisk. Dei nektar å ta innover seg at det absolutt alltid, same kva drivkrafta måtte vere, handlar om hat og/eller hemn. Byrjar ein å gradere terror som meir eller mindre forståeleg og meiningsfull, er ein på ville vegar. Då gjev ein ekstremisme legitimitet og viser tommelen opp for feige drap på uskuldige menneske. Alltid uskuldige.

Blir det arrangert ein marsj mot terror i dag, vil det heilt sikkert stille hopetal med fredstanter og -onklar med roser og mangestemt «Barn av regnbuen.» Like forbanna sikkert er det at ingen ekstremistiske islamistar eller høgreekstreme vil delta. Ideologen bak fascismen, Benito Mussolini, såg på vald som noko positivt. «Vald lutrar sjela,» påstod han. Ekstremistar ser på terror som noko som lutrar sjela. IS gnir seg i nevane om det blir utøvd terror mot muslimar. Høgreekstreme gjer det same når IS går til åtak mot vestlege mål. Det gjev dei påskot til å gjere gjengjeld og bruke hat/hemn-motivet som grunngjeving for stadig nye åtak. Terror avlar terror. Det veit kvar einaste ekstremist som dyrkar vald. Dei oppnår akkurat det dei vil; frykt, destabilitet og legitimitet til nye gruoppvekkjande aksjonar. Som han sa ein i Fedrelandet viktigst: «No skal vi ut i krigen.»

Han om det. Eg skal òg ut og krige, men aldri som framandkrigar eller terrorist. For alltid skal eg vere fredsonkel med rose i hand og himmelvendt blikk på marsj mot enden av regnbogen.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook