Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Terrorens rotsystem

Anne Bøe snittar krigslogikkane i tynne skiver.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

« Looked through the paper. / Makes you want to cry. / Nobody cares if the people / live or die. And the dealer wants you thinking / That it's either black or whit e,» syng Leonard Cohen.

Også Anne Bøe har skapt denne frustrasjonen om til ord.

Svart-kvitt

I ei tid der Janne Haaland Matlary går til åtak på biskopar fordi dei viser «nærast pasifistiske haldningar» og Per Edgar Kokkvold påstår at det er uforpliktande konvensjonelt å vera mot bombing av sivile, er det med velvilje ein tek Anne Bøe si bok i handa. Når denne vanlegvis lågmælte poeten gjev ut eit opprørt diktverk, avdekkjer ho på ein forståeleg måte det svart-kvite verdsbiletet som ligg bak krigslogikkane, og manar fram sterke visjonar av korleis fleirtalet «velger det enkleste svar, det eneste mulige for et korhode», der «det svarer og svarer seg selv nesten som et magisk trylleformular».

Inntrengjande

Bøe kallar det diktpamflett, då det ikkje har vore tid til finpuss. Dette gjev, trass temperamentet, ein «lettare» tekst som ikkje har like stor poetisk etterverknad på alle sidene. Og i avstandstakinga til dei to terroristpartane opnar ho for ei ny svart-kvit teikning av «dei andre». Det er prisen for å ikkje gå djupare inn stoffet. Dei beste tekstane er dei som handlar om språket og forståinga, og der skriv ho manande og inntrengjande om korleis logos vert til legoklossar, og korleis barnas naivitet vert utnytta slik at dei står fram og seier at dei «vil gi pappen sin til presidenten».

Eg kjenner dette sinne som driv Anne Bøe, og eg er full av sympati med det når ho kritiserer dei som vil «ødelegge det ødeleggende med nye ødeleggelser».

Mest sympati kjenner eg likevel når ho skriv gode dikt, og skapar noko nytt.

Hele Norges coronakart