VANSKELEG: Påfallande mange norske mastergradssøkarar som har store problem med å finne forelesarar som kjenner dei godt nok til å skrive eit anbefalingsbrev. Foto: Ole C. H. Thomassen
VANSKELEG: Påfallande mange norske mastergradssøkarar som har store problem med å finne forelesarar som kjenner dei godt nok til å skrive eit anbefalingsbrev. Foto: Ole C. H. ThomassenVis mer

Tettare oppfølging må til

Kvalitetsreformen gjekk ikkje langt nok.

Debattinnlegg

I kommentaren «Kvalitetskvaler» i Dagbladet 5. februar peikar Cornelia Kristiansen på samanhengen mellom færre studentar per forelesar og kvalitet i norsk høgare utdanning. Som Kristiansen har eg sjølv erfaring både frå bachelor- og masterstudiar ved Blindern, samt utveksling i løpet av studietida, og eg kjenner meg veldig att i det ho skriv. Eg starta studia mine halvtanna år før Kvalitetsreformen trådde i kraft, og i mi erfaring blei fleire ting betre med reformen. Timeslange skuleeksamenar mot slutten av studieåret, der alt vi hadde lært i løpet av ti månader skulle skriblast frenetisk ned på metervis med papir, blei bytta ut til fordel for fleire innleveringar undervegs i semesteret, og tettare oppfølging frå forelesarar. Skuleeksamenen måtte i stor grad vike for heimeeksamen.

Samtidig er det liten tvil om at Kvalitetsreformen rett og slett ikkje gjekk langt nok i forsøket på å gi studentane tettare oppfølging. Då eg skulle søke på utveksling til USA i løpet av mastergraden min trengte eg eit anbefalingsbrev frå ein tidlegare forelesar, og då fekk eg vite at UiO opererte med eit standardbrev til studentane sine for dette føremålet, sidan det framleis ikkje var vanleg at forelesarane ved universitetet kjende studentane sine godt nok til å skrive slike sjølve.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Nesten ti år seinare møter eg framleis denne problemstillinga i jobben min som studierettleiar i SONOR (Study Outside Norway), der eg rettleiar norske søkarar til universitet i engelskspråklege land. I fleire av landa vi jobbar med er slike brev eit absolutt krav til søkarane, og det er påfallande mange norske mastergradssøkarar som har store problem med å finne forelesarar som kjenner dei godt nok til å skrive eit slikt brev. I tillegg får vi også tilbakemeldingar frå bachelorstudentane vi sender ut at dei set veldig stor pris på den tette oppfølginga dei får i desse studielanda.

Og før nokon kjem med argumentet om at land som USA og Storbritannia krev skulepengar frå sine studentar, og dermed har meir pengar å rutte med til studentoppfølging: Studentane vi møter kjem både frå private og offentlege lærestader i Noreg, og i vår erfaring er det ikkje noko betre ved dei private, kanskje snarare tvert i mot.

Utvekslingssemesteret mitt i USA var truleg det mest lærerike eg hadde i heile studietida mi, og kontrasten blei stor mellom erfaringa mi frå UiO og den oppfølginga eg fekk ved UNC Chapel Hill, og, dei krava som blei stilt til meg der. Små grupper og få studentar per forelesar er ein føresetnad for at oppfølginga blir god, men det må også stillast tydelege krav til studenten om å møte til undervisninga, delta i diskusjonar og levere inn oppgåver regelmessig, og det må vere konsekvensar når dette ikkje blir gjort. Eg har aldri lese så mykje og skrive så mange innleveringar som eg gjorde i løpet av tida mi i USA, noko som både motiverte meg og utvida kapasiteten min. Mi påstand er at studentar, i alle fall dei som i utgangspunktet er motiverte for høgare utdanning og har funne fram til rett studium, set pris på å bli stilt krav til, og veit å bruke dette til sin fordel.

Mi erfaring tilseier altså at færre studentar per forelesar i kombinasjon med større krav til studentane er ein måte å heve kvaliteten i norsk høgare utdanning, men kva må til for å oppnå dette?

Eg synes NSO (Norsk studentorganisasjon) har eit poeng når dei påpeikar at satsinga på å opprette fleire studieplassar har ført til at norske utdanningsinstitusjonar ikkje har kapasitet til å følje opp studentane sine. Løysinga dei foreslår er at ein større del av finansieringa må bli gjeve gjennom grunnløyvingar, og at den prestasjonsbaserte komponenten blir mindre viktig.

I tillegg kan ei større satsing på internasjonal studentmobilitet lette på trykket her heime, noko som ANSA seier klart og tydeleg i sitt innspel til ny regjeringsplattform: Gjer det enklare og billegare for norske studentar å ta delar av eller heile utdanninga si i utlandet, slik at fleire veljer denne løysinga. Ikkje berre kan den norske staten spare på at fleire utdannar seg i utlandet, men i tillegg får Noreg tilbake studentar med nyttige erfaringar og kunnskapar dei ikkje ville fått her heime, og impulsar som kan bidra til å endre det norske utdanningssystemet til det betre.