DEBATT

The impossible dream

Heretter kan det berre gå nedover.

ORDNAR OPP: Statsminister Erna Solberg, utenriksminister Børge Brende og klimaminister Tine Sundtoft har delteke på toppmøte i FN. Foto: SCANPIX.
ORDNAR OPP: Statsminister Erna Solberg, utenriksminister Børge Brende og klimaminister Tine Sundtoft har delteke på toppmøte i FN. Foto: SCANPIX. Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert
Sist oppdatert

Denne veka har Erna Solberg og resten av verdens mektige vore samla i New York for å ordna opp. Vår konservative statsminister har undervist i å motarbeida radikalisering. Ho fekk sitja nesten like nær Barack Obama som Thorbjørn Jagland og hans taleskrivar utan kontor, Geir Lundestad. Det var bare Irak som kom imellom. Kinas leiar, Xi Jin-ping lovar peng til u-hjelp og fredsbevaring. Men i forhold til folketalet er han langt bak Norge, som med Erna Solberg i FN på ny har befesta godhetsregimets favorittposisjon: å vera formann i giverlandsgruppa.

Den nøytrale verdensorganisasjonen av sameinte nasjonar, som er øvste vaktar av fred og menneskerettar, har fått fleire hyggelige gåver til 70-års dagen. Jens Stoltenberg lover at We Are The World-NATO skal ta seg av opplæring, utstyr og etterretning ved FN-operasjonar. Og utan eit piskeslag har Saudi-Arabia påtatt seg presidentskapet i FN's menneskerettighetsråd.

Alle som lurer på kvar den runde og pragmatiske Erna Solberg har sitt ideologiske fundament, har endelig fått svar. Ho måtte til FN for å røpa at det ikkje er Edmund Burke, Ayn Rand eller Kåre Willoch. Det er Elvis Presley som er hennar favoritt-filosof med devisen «litt mindre prat og meir handling». Elles står sjølsagt Blue Suede Shoes høgt i kurs. Men etter kommunevalet må ho øva på You've Lost That Lovin' Feelin'. Ny valsiger i 2017 nærmar seg The Impossible Dream.          

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.