Ti sanger om Dublin

I boka «Dublin - forfatterens guide» velger Frode Grytten ti sanger om den irske byen:

Prefab Sprout: «Dublin» Pady McAloon frå Newcastle hyllar sine irske røter med dette vesle portrettet av Dublin, ein søt liten song som kan spelast om og om igjen.

Van Morrison: «On Raglan Road» Protestanten Morrison frå Belfast syng irske folkesongar saman med republikanarane i The Chieftains, provoserande for mange, men resultatet er formidabelt, med eit flott dikt av Patrick Kavanagh som utgangspunkt for denne songen.

Thin Lizzy: «Dublin» Phil Lynott var Dublins første verkelige rockestjerne, og på debutalbumet til Thin Lizzy finst denne songen om å forlate både kjæraste og Dublin.

The Pogues: «Dirty Old Town» Ein av dei mest kjende songane om Dublin, ein du ikkje kjem unna på besøk i hovudstaden, men The Pogues gjør han på enkelt, vakkert vis.

Nanci Griffith: «On Grafton Street» Den amerikanske folksongaren vandrar rundt som framand i Dublin, ho lengtar heim og vil vere alle andre stader enn i Dublin rundt juletider.

Townes van Zandt: «Dublin Blues» Meir heimlengt. Townes van Zandt syng denne Guy Clark-songen om ein som helst vil vere i Austin i Texas, men som har hamna i Dublin der han vansmektande rullar sine sigarettar.

The Chieftains & The Rolling Stones: «Rocky Road to Dublin» Underlig blanding av folkemusikkgamlingar og råkkenrållgamlingar sparkar liv i denne gamle songen om å komme seg av garde til gamle Dublin.

Sinéad O'Connor: «The Foggy Dew» Tradisjonell irsk folkemelodi om påskeopprøret i Dublin i 1916, ei oppfordring til kamp som i O'Connor sin versjon blir meir poetisk enn krigersk.

Johnny Cash: «Forty Shades of Green» Johnny lengtar seg grøn, vil ha ein time i Dublin, vil loffe frå Cork til Larne og ikkje minst: vil sjekke opp jentene i Tipperary.

Mike Scott: «City Full of Ghosts (Dublin)» Akustisk blueslåt frå Waterboys-sjefen. Mike Scott hyllar Dublin, men tenker på byen mest som ein stad full av fortid, også hans eiga musikalske fortid.