Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Tid for nytenkning om 6-timersdagen

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

ARBEIDSTID: I eit merkeleg oppslag 3. oktober hevdar Dagbladet at eg prøver å stoppe arbeidet med sekstimarsdagen. Men det er jo tvert om! Det er denne regjeringa som har sett sekstimarsdagen høgt opp på den politiske dagsordenen. Utgangspunktet er ei av dei viktigaste utfordringane for den norske velferdsstaten: Det blir knapt med arbeidskraft i åra som kjem. Kan redusert arbeidstid få fleire hender i arbeid?Ei oversikt over forskinga i Europa som er utarbeidd for departementet, viser at kunnskapsgrunnlaget for debatt og vedtak om arbeidstid dessverre er lite. I dei få forsøka som er gjennomførte, har det vore vanskeleg å dokumentere og trekkje konklusjonar av verknadene. Det er krevjande å lage gode forsøk, få har delteke i forsøka, og datamaterialet har vore ufullstendig.

AMBISJONEN vår med prosjektet om sekstimarsdagen er å betre kunnskapsgrunnlaget vesentleg. Vi vil vite konsekvensane av ulike typar endringar, til dømes redusert arbeidstid per dag eller veke, eller andre reformer, til dømes fleksibelt uttak av nedsett arbeidstid. Vi satsar på eitt stort forsøk framfor fleire små. I statsbudsjettet for 2007 blir det foreslått å løyve 20 millionar kroner til eit forsøk med redusert arbeidstid for seniorar i staten. I spørjeundersøkingar svarer mange eldre arbeidstakarar at dei vil vente med å pensjonere seg dersom dei får redusert arbeidstid. Målet med forsøket er å teste ut i praksis om redusert arbeidstid bidreg til å utsetje pensjoneringstidspunktet. Forsøket skal utviklast i nært samarbeid med organisasjonane til dei tilsette og evaluerast av forskarar.

PARALLELT med forsøket legg eg opp til å få gjennomført forskings- og analyseprosjekt, også når det gjeld fleire målgrupper og tema enn seniorar. Vi skal mellom anna kartleggje dei makroøkonomiske konsekvensane av ein eventuell reduksjon i normalarbeidstida, undersøkje kva arbeidstid folk ønskjer seg, og analysere arbeidstid, tidsklemme, sjukefråvær etc.Mange jobbar turnus, både i privat og offentleg sektor. Arbeidsforskingsinstituttet har laga eit notat for departementet med spennande synspunkt på korleis forsøk med turnus kan organiserast. Arbeidsforskingsinstituttet åtvarar mot bastante meiningar om turnusordningane og peiker på at fleire kommunar har fått nyttige erfaringar ved å jobbe systematisk for å betre turnusordningane. Eg har òg fått gode innspel frå LO Stat og Unio, som ønskjer at det blir sett i verk forsøk med redusert arbeidstid for dei som jobbar turnus i helsesektoren. Kanskje kunne KS eller Navo, saman med arbeidstakarsida, utvikle eitt eller fleire forsøk? Eg kunne eventuelt bidra, til dømes ved å dekkje utgifter til planlegging, evaluering, o.l.

ÅTTE-TIMARSDAGEN blei innført i 1919. Sidan har det skjedd store endringar i samla arbeidstid. Det er innført laurdagsfri, lengre ferie, lågare pensjonsalder, omsorgspermisjonar o.a. Kravet om sekstimarsdag kom for fleire tiår sidan. Men enno er den vanlege arbeidsdagen om lag åtte timar lang. Vi bør nytte 90-årsjubileet for åttetimarsdagen til å tenkje nytt om arbeidstida.Eg meiner at vi bør møte ny kunnskap om sekstimarsdagen med eit ope sinn. Kanskje gir det vidare arbeidet oss overraskande resultat som utfordrar etablerte sanningar og avdekkjer mytar?