TRE FORFATTERE: : Tor Jonsson (th) sammen med Einar Skjæraasen (i midten) og Jan Magnus Bruheim.  Foto:  NTB / Scanpix
TRE FORFATTERE: : Tor Jonsson (th) sammen med Einar Skjæraasen (i midten) og Jan Magnus Bruheim. Foto: NTB / ScanpixVis mer

Tida eldest aldri

Skapte er vi te bera, og lette børene for kvarandre. Til fånyttes lever ingen. - Den mannen ber tyngste børi som ingen ting har å bera.

Kommentar

Slike strofer lagrar seg som livsvisdom utan at ein veit heilt kvar dei kjem frå. Kan det ha vore eit ønskedikt, der det var forfattaren sjølv som las? Kan det vera Olav H. Hauge, Halldis Moren Vesaas, Tor Jonsson eller andre frå den nynorsk lyrikk-kanonen?

Men så er det altså frå Um å bera av Jan-Magnus Bruheim. Han var ein av dei sentrale, trufaste og uthaldande slitarane i norsk poesi med 18 diktsamlingar mellom 1941 og 1987. Like mange samlingar med barnerim, illustrert av Reidar Johan Berle, fulle av undring, alvor og skjemt. På 70-talet sju prosabøker med småstykke i ulike sjangrar. Tittelen I kveldseto kan stå som samlande merkelapp for aforismar, refleksjonar om dikting, allegoriske fortellingar og kritiske samfunnskommentarar.

Som person var Jan-Magnus Bruheim smålåten: «Å dikte vart min lagnad. Stille skulle mine ord vera.» Men han åtte også intens kraft når han framførte testane sine på skulebesøk og turnear for Folkeakademiet.

Med unntak av noen år som lærar på Vestlandet, levde den ugifte Jan-Magnus Bruheim i heimbygda Skjåk, og det er kommunen som står bak Ove Eides nye og kommenterte utgåve av dikt i utval. Sigrid Moldestad har tonesett tekstar av Bruheim på CD-en Brevet til kjærleiken. Andre jubileumstiltak er godt dokumentert på www.janmagnusbruheim.no.

Einsemd, kjærleik og draum er kjernetema hos Bruheim. Han grov djupt under yta og ville bak stengde dører, på leiting etter det som er lengst inne, etter Du i meg. Men han skreiv også om ansvar og fellesskap i menneskehagen, med dikt om krig, atombombetrusselen og politisk undertrykking.

Eit sentralt dikt er På skålvekti i samlinga med same namn frå 1947. På den eine sida av skålverka ligg «klok av forstand, og kald, den store hjerne, løyst i frå live, øyder si kraft til det destruktive.» For å skapa jamvekt slik at menneska aldri skal tapa, må vi legga vårt «levande hjarte» og «alt som vil skapa» i den andre skåla.

Bruheim var ein diktar i si tid og for vår tid, for som det heitte i 1974: Aldri eldest tidi.

SLUTTHELSINGA frå Bruheim er siste strofe i diktet Den annsame frå den siste samlinga hans, Årringar (1987). Det er om han som aldri har tid til å stogga eller ansa på menneske han møter. Han hadde så mykje å gjera, og det blei meir dess meir han fekk gjort.

Slik jaga han gjenom livet

utan å få det fatt.

Ei glede sprang etter på vegen

men nådde han aldri att.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook