Tidsklemmefolket og barna

20 % av det norske folk sit fast i tidsklemma. Tidsklemmefolket består i hovedsak av tre grupper: unge karrierefamiliar i storbyane, sjølvstendige næringsdrivande i spreidtbygde strok og lønnsarbeidarar med låg inntekt og utdanning.

Mens dei to siste meiner dei prioriterer familien når dei blir pressa, prioriterer karrierefolket arbeidet. Er det ikkje rart at noen da spør om det er barna som må betale moderniseringas pris?

Viktige institusjonar i samfunnet vårt er under press på grunn av moderniseringa. Ein av dei er barnefamilien, som har gått frå eit mønster med storfamiliar i bondesamfunnet, via kjernefamiliar i det moderne industrisamfunnet til seriemonogamiet i eit samfunn dominert av tenesteproduksjon. Ingen med mot til å sjå realitetane i dagens samfunn bør vera ukjent med dei negative konsekvensane av denne utviklinga. Mitt fag, sosiologien, kan seiast å ha oppstått for å forstå og forklare dei sosiale endringane og problema som følgde av moderniseringa. Samfunnsfaga, og dei profesjonane som står samfunnsfaga nær, har hatt problem med å ta inn over seg konsekvensane av moderniseringa. Framtida vil felle ein hard dom over den forskinga som ikkje seier ifrå om den prisen vi betaler for moderniseringa. Særleg alvorleg blir det dersom det er barna som må betale ein stor del av prisen for flytting og familieoppløysing.

Det kan vera interessant å sjå denne problemstillinga i eit by-land-perspektiv. Fordi bygdesamfunnet er meir gjennomsiktig, så er ein del av dei sosiale konsekvensane av moderniseringsprosessen meir tydelege og synlege i spreitt busette småsamfunn. Dei norske bygdene var lenge beskytta imot noen av dei negative konsekvensane av industrialisering og urbanisering. På mange måtar fekk bygdene her i landet det beste frå to verder. Takka vera sterk offentleg styring og statleg utjamning, fekk bygdene institusjonar for utdanning, helse og aldersomsorg der nivået var på linje med standarden i byane. Institusjonsbygginga kunne nok gå seinare i bygdene, men da kom frivillige organisasjonar som Nasjonalforeningen for folkehelsen og Norske Kvinners Sanitetsforening på banen og framskynda prosessen.

Familien og andre stabiliserande nettverk har vore ein av dei institusjonane som lenge bidrog til å redusere den negative «prisen» ved moderniseringa. Men også bygdene er no på veg inn i ein periode med meir familieoppløysing, og seriemonogamiet vinn fram på bekostning av det livslange samlivet. Sentraliseringa skyt fart under den noverande høgkonjunkturen, og folk flytter meir, både i by og på land. Dette er jo nettopp ein ønskjesituasjon for den nyklassiske økonomi: folk bidrar i større grad til verdiskaping og den økonomiske vekst ved å skifte jobb og ta seg arbeid der dei får best betalt for arbeidskrafta. Sosial og fysisk mobilitet fører til at det blir frigjort arbeidskraft og ressursar i lågproduktive primær- og sekundærnæringar, som så stillest til rådighet for meir høgproduktive tertiær- og kvartærnæringar. Både nye marknader og offentleg sektor veks no mest innan dei nye tenesteytande og kunnskapsbaserte næringane.

Ingen kan ha unngått å legge merkje til den hissigare takt og det aukande tempo som landet vårt har opplevd dei siste femten- tjue åra. Både på arbeidsplassane, i frivillig arbeid og i heimande har vi fått det travlare. Kampen om tida vår er skjerpa, og mange hevdar at arbeidet og arbeidsgjevaren har vorte meir krevande enn før, ikkje minst på grunn av den skjerpa - globale - konkurransen. Men også vi som ikkje konkurrerer globalt merkar trykket, vi skal tenke kvikkare, skrive meir, snakke med fleire, springe fortare, reise oftare og presse meir ut av tida vår enn før. Som gamle Marx ville sagt: porene i arbeidsdagen blir borte.

Så kjem vi heim frå arbeid eller reise og skal vera ektefeller, foreldre, barn og vener for våre kjære. Da er det noen som kjenner tidsklemma stramme ekstra godt, og kvardagslivet blir ei pine. Kven er så desse? I prosjektet «Prioritering av eiga tid» har Senter for bygdeforskning fått Nielsen Norge til å spørje eit representativt utvalg av det norske folk om kor ofte dei er i ein slik situasjon at dei må prioritere det eine framfor andre ting som dei gjerne skulle gjort. Ved eit første blikk på data kan det sjå ut som heile tidsklemma kan vera ei myte. Av 1005 spurte (i januar 1996) var det berre 5 % som svarte at prioritering av eiga tid mellom arbeid, vener og fritidsaktivitetar er eit «meget stort problem». Legg vi til dei som såg tidsprioritering som eit «ganske stort problem» (15 %), er vi oppe i 20 % som kan seiast å sitte fast i tidsklemma. Skal vi tru på dette, så har 80 % av oss, eller fire av fem vaksne nordmenn og kvinner, ingen problem med å prioritere vår tidsbruk.

Går vi derimot vidare og bryt ned materialet, forandrar bildet seg betrakteleg. Djupt nede i tidsklemma finn vi særleg personar frå dei følgjande gruppene, folk mellom 25 og 39 år, sjølvstendige næringsdrivande, dei som har låg familieinntekt og dei som bur spreidt, særleg på Sør- og Vestlandet. Kor blir det av alle suksessdirektørane som gir intervju om korleis dei angrar at dei har forsømt familien? Tidsklemmefolket blir ei meir ueinsarta gruppe enn den offentlege visdomen i Akersgata vil ha det til. Og når folk først har hamna i tidsklemma, seier eit fleirtall i alle aldersgrupper mellom 15 og 60 år at dei i størst grad prioterer omsynet til arbeid.

Dei som opplever tidsklemma og i størst grad prioriterer familien bur spreidt, har låg inntekt og låg utdanning. På den andre sida; dei som prioriterer arbeid framfor andre ting har høg familieinntekt, lang utdanning og bur i Oslo. Her teiknar det seg fleire grupper: For det første karrierefolket i Oslo, små barn, to inntekter, men berre ei tid og eitt liv. Arbeidet blir prioritert i denne karrierelivsforma. Den andre gruuppa er sjølvstendige næringsdrivande, særleg i distrikta, som når dei blir pressa meiner dei prioriterer familien. I denne livsforma er det ikkje noe klart skilje mellom arbeid og fritid, så derfor er det også lettare å prioritere samver med familien. Familien er også ei viktig arbeidskraft i mange tilfelle. Den tredje gruppa er folk med låg inntekt og låg utdanning, og dei prioriterer også familien når dei må velje. Her finn vi den typiske lønnsarbeidarlivsforma, der arbeidet er til å skaffe utkomme til fritida, og ikkje noe mål i seg sjølv.

Tidsklemma er eit moderne fenomen. Så blir spørsmålet: korleis går det med barna når foreldra har hamna i tidsklemma? Dagens barn blir på same måte som vaksne i stor grad offer for grådige institusjonar. Mens arbeidslivet tar store jafs av foreldra si tid og sine krefter, er det barnehage og skole som har kolonisert barndomen. Med ein rytme og ordningar som til forveksling liknar arbeidslivet, blir ungane tidleg lært opp til å stå tidleg opp, smøre niste, koma seg «på arbeid» i rett tid, ha pausar, fritid og til og med leik i ordna former. På same måten som vi kan sjå skole og barnehagar som grådige institusjonar i offentleg sektor som legg beslag på barns tid, kan vi også sjå på kommersialiseringa av barns kvardagsliv som eit tilsvarande trekk ved marknaden som institusjon. Å sjå barns kjøpekraft som eit eige marknadssegment er relativt nytt, sjølv i byane. Det er bevisst skapt eit trend- og motepress som har mangedobla konsumet. Marknadsføringa rettar seg imot barna i trua på ein slags tostegshypotese: først påverka barna, så vil dei kunne påverke foreldra til å kjøpe. Eit anna trekk ved fritidsmarknaden, er framstillinga av barn i vaksenham. Personifisert ved «Spice Girls» blir unge langt ned i barnealderen opptatt av å etterlikne sine kommersielle idol. Barn får ikkje vera barn, men blir framstilt som vaksne i miniutgave. Når ein veit kor fortrylla barn kan vera av vaksenlivet og vaksenlivets symbol, og kor høgt dei ser opp til vaksne ideal, skjønar ein kva for magnetisk tiltrekningskraft slike sosiale konstruksjonar har.

Som eg var inne på innleiingsvis, blir mange tendensar meir synlege i grisgrendte strok og i småsamfunn. Bygdeskolane møter mange av dei same utfordringane som byskolane møter, for eksempel på grunn av oppløyste parforhold. Lærarane opplever ungar som dregst mellom to foreldre. Ungane kan vera skuffa og sinte fordi deira føresette sviktar. Vandringane mellom to heimar med ulike verdisett og dagsorden kan vera ei stor påkjenning for eit barnesinn. Så må skolen ta over rollen som meklar, trøystar og elementær oppsedar. Meir flytting, både ut og inn, bidrar til å auke skolens omstillingsproblem.

Resultatet av desse prosessane er ein individualisering som slit ned den sosiale kapitalen meir enn godt er. Individualisering og modernitet er to sider av same sak. Folk tenker meir på seg sjølve, egoismen-materialismen er også på frammarsj, slik Ottar Hellevik har påvist. Det blir lagt mindre vekt på kollektive gode og fellesløysingar, både i bygd og by. Det ser ein også ved at frivillig arbeid har minkande oppslutning og organisasjonane har problem med å skaffe tillitsvalgte. Må dette vera moderniseringas pris, eller finst det måtar å kombinere moderne individualisme med kollektive løysingar der folk tar ansvar? Men dette kan ikkje hjelpe oss unna det faktum at vi står framfor utfordringar i heim og skole som i omfang og konsekvens er på linje med dei store sosiale problema under industrialiseringa si første fase. Og barna betaler ein høg pris for å vekse opp i det høgmoderne samfunn.

folkehelse

Viktige institusjoner som til dømes familien er under press på grunn av moderniseringa, meiner professor Reidar Almås ved Senter for bygdeforskning. Nasjonalforeningen for folkehelse har satt problemstillinga på dagsorden med konferansen «Det moderne samfunn setter spor», som åpner i dag. I denne kronikken ser Almås dette mellom anna i eit by-land-perspektiv.

Hard

dom

over

forsking

Tids-

klemme

eit moderne

fenomen

# TIDSKLEMME - Korleis går det med barna når foreldra har hamna i tidsklemma og må løpe etter stoppeklokka? # Foto: TOM MARTINSEN