I GRUNNLOVENS TEIKN:  Men Høgre og stortingspresident Olemic Thommessen har overtatt som knehøner for dei kapitalistiske kommunistane. 
Foto: Berit Roald / NTB scanpix
I GRUNNLOVENS TEIKN: Men Høgre og stortingspresident Olemic Thommessen har overtatt som knehøner for dei kapitalistiske kommunistane. Foto: Berit Roald / NTB scanpixVis mer

Til dogme faller

Ingress

Kommentar

DENNE VEKA står i Grunnlovens teikn, men det er uklart om det handlar om symbol eller realitetar. Gråsossen Martin Kolberg har åpenbart høyrt for mye på The Beatles: All you need is lov, mens Kristelig Folkeparti lurte seg sjøl som Gudbrand i Lia. Dei selde eit språklig dogme for ein liten menneskerett, men utan å få familien att. Statsråd Villveys kulturpolitiske støttekontakt, Knut Olav Åmås, kom heller ikkje inn i Grunnloven. Til Magasinet lanserte han sitt personlige credo for ikkje-utagerande homsar: «Det er en menneskerett å være konvensjonell».

DEN SOM GREV ei grav for andre, kan sjøl falla i den. Det opplevde professor Graver som på bestilling frå Stortinget laga språklig oppdaterte grunnlovstekstar på bokmål og nynorsk. Men professor Vinje vann kampen om språklig oppjustering, dog ikkje meir dristig enn at boslod er døypt om til boslodd, så mystikken er stadig vel bevart. Heldigvis kan ein gå til nynorskversjonen for rimelige forklaringar, så Mållagets gamle slagord har fått ny aktualitet: «Nynorsk is a better language».

FINN-ERIK VINJE har elles solid bakgrunn for språklige justeringar. Då han begynte å studera filologi, endra han namn frå Dahl til Vinje. Michael Tetzschner har tatt på alvor Grunnlovens forbod mot nye adelskap og fideikommiser i §108. Men anane ligg latent i dativ: aus, mit, von, zu. Dattera Jenny Clemet i Oslo Unge Høire ber namnet von Tetzschner. Det er jo slik i det 21. århundre at arv betyr stadig meir, når ein er av godtfolk fødd.

Artikkelen fortsetter under annonsen

HØGRE OG RØDT har hatt landsmøte og bytta posisjonar. Før var det Rødts revolusjonære opphav AKP(m-l) som drog til Den himmelske freds plass, bøygde kne for Mao og følgde det minste vink frå det kinesiske kommunistpartiet. Nå er det Høgre som har overtatt som knehøner for dei kapitalistiske kommunistane, med stortingspresident Olemic Thommessen som talerør, tidligare leiar av Stortingets Tibetkomite og Høyt Lysende Salomos Betrodde Broder i Frimurarlosjen. Dalai Lama trudde han kom til sine eigne, men dei ville ikkje kjennast ved han. Kina har fått det som dei vil, men dei gir seg neppe før Børge Brende serverer dei Døyparen Jaglands hode på eit fat, og knapt nok då.

KOMMUNISTISK universitetslag (KUL) var ei lita, dogmatisk, fin-marxistisk og høgt teoretisk skulert gruppering, alliert med den vesle Hovden-klikken KA (Kommunistisk Arbeiderforbund). Dei raljerte med AKP(m-l) som dei kalla «et svært høyreorientert parti» og «en gjeng til dels hysteriske småborgerpopulister». KUL var seinare justisminister og LO-leiar Gerd-Liv Vallas politiske ungdomsherberge, men ho braut med sekta og ideologen Harald Berntsen på spørsmålet om Stalin. Valla var ikkje politisk stalinist, men ho fall i LO fordi ho blei skulda for stalinistisk personalpolitikk.

KRETSEN RUNDT KUL er som eit vardøger med meir standhaftige fangliner til 70-talet enn dei opportunistiske reformistane i Rødt. Harald Berntsen, Jon Langdal, Espen Søbye og Kjartan Fløgstad (70) gir sitt bidrag til grunnlovsjubileet med den alternative historieboka «Dovre faller». For dei er ikkje det svunne ein draum. Enige og troe, indtil Dogme falder.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook