Til: Jens. Frå: Framtida.

Framtidsombodet kan hjelpa deg med å passa på at det er nok snop igjen til laurdagskveldar i all uoverskodeleg framtid.

TRENG FRAMTIDSOMBOD:  31 norske organisasjonar tar til orde for etableringa av ein ombodsperson for framtidige generasjonar.  Foto: Jacques Hvistendahl
TRENG FRAMTIDSOMBOD: 31 norske organisasjonar tar til orde for etableringa av ein ombodsperson for framtidige generasjonar. Foto: Jacques Hvistendahl Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

Dei eldre vil sleppa å bu på badet og dei unge vil ha eigen bustad. Distriktet vil ha autostradaer og byen vil ha fleire tog.

Mange grupper skal tilfredstillast no før valet, og det er difor ikkje rart at røysta til framtidige generasjonar ikkje blir høyrd oppi det heile. Deira interesser bør likevel bli tald med, og difor tar 31 norske organisasjonar til orde for etableringa av ein ombodsperson for framtidige generasjonar.

Å sørgja for at ressursane våre blir forvalta på ein berekraftig måte er ei av dei viktigaste oppgåvene me har som samfunn. Framtidige generasjonar vil merka til det fulle konsekvensane av dagens politiske avgjersler. Likevel ser me at langsiktige omsyn for ofte blir ignorert til fordel for ynskje om kortsiktig økonomisk gevinst. At regjeringa leflar med tankar om uansvarleg oljeboring i sårbare naturområde er eitt eksempel. At 10 000 dekar matjord leggjast brakk årleg er eit anna. Sjølv om vern ikkje alltid vil trumfa vekst, kan eit framtidsombod iallfall bidra til å setja miljømessige og sosiale konsekvensar på dagsorden med meir tyngde, og vise oss dei førebyggjande tiltaka. Ville ikkje det vera kjekt å ha ein slik institusjon, Herr Statsminister?

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer