Rett før min eigen skulestart starta, slutta skulegongen til Hector Pieterson med eit skarp skot i Soweto i Sør-Afrika. Kva er det med skuleborn som gjer at styresmakter ser seg nøydd å drepe dei?
Biletet av den 13 år gamle Hector med skotskadar, i armane på ein anna skulegut medan søstera Antoinette spring fortvila ved sidan av, vart første sjølve symbolet på brutaliteten til apartheidstyret i Sør-Afrika. Soweto-opprøret som skuleungane starta 16. juni 1976 var skuleungars protest mot at afrikaans, «språket til undertrykkarane», skulle nyttast som lærespråk på skulane. Meir enn 10.000 skuleungar gjekk i demonstrasjonstog i Soweto. Då starta politiet å skyte ungar, og dei slapp politihundane laus i folkemengda.
Norad legg fram resultatrapporten sin over norsk bistand denne veka. Tema for i år er mellom anna utdanningsbistand. Rapporten kjem i ei tid med framgang: No får 90 prosent av alle born oppleve å sitje ved ein skulepult. Norske bistandspengar har vore med på å støtte framgangen. Noreg er store på utdanningsbistand og er mellom anna verdas største gjevar til FN barnefonds arbeid for at jenter og gutar skal ha lik rett til utdanning.
Les artikkelen gratis
Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger