Til statsministerkadidaten

KJÆRE JENS STOLTENBERG. Du uttalte under LO-kongressen at Ap har «anbefalt noen av de forslagene som skal redusere veksten i trygdeutgiften». Dette har Ap gjort «sånn at vi kan se folk i øya og garantere at vi kan betale for framtidens pensjoner», fortalte du. Då tenkte kanskje mange av delegatane at det blir veldig, veldig dyrt for skattebetalarane når «eldrebølgen» kjem. Og det trur eg mange andre tenkjer også. Det er derfor dei har akseptert innstramming. Men i den same talen uttalte du, Stoltenberg, at kjøpekrafta vil meir enn doblast fram til 2050. Dette er ei viktig opplysning. For det blir mindre dramatisk med større pensjonsutgifter når det samtidig er sånn at produktiviteten aukar og kjøpekrafta går opp. Og sjølv den pessimistiske Bondevik-regjeringa sine prognosar viser dobling av kjøpekrafta fram til 2050. Ta eit praktisk eksempel: Ein gjennomsnittleg industriarbeidar i 2002 hadde 213.000 kroner igjen etter skatt. Med ei dobling av kjøpekrafta, vil han ha 426.000 kroner igjen etter skatt i 2050. I høve til 2002-prisar! Spørsmålet er: Må verkeleg denne personen gå inn for innstramming i Folketrygda no, for å ha til salt på maten også i 2050?

KOR MYKJE må til for å ta heile den store, stygge pensjonsrekninga inn med skatt? Det er snakk om fem prosentpoeng skatteauke. Er dette dramatisk? Kor mykje sit industriarbeidaren igjen med? Svaret er 396.000 kroner. I året. Etter skatt. Mot 2002-prisar. Kan du ikkje «se folk i øya» om dette skjer, Stoltenberg? Er det uakseptabel Ap-politikk å la kjøpekrafta om 50 år auka til 185 prosent av 2002-nivå, i staden for 200 prosent? Og dersom vi treng meir til eldreomsorg også: Ville det vore uakseptabelt om industriarbeidaren vår hadde igjen 360.000 etter skatt? Kor mange bilar skal han ha i garasjen før Ap-toppane er nøgd?

TIL DEG, Stoltenberg: Kvifor vil du senda innstrammingsrekninga berre til pensjonistane? Ville ikkje ei solidarisk løysing vore at vi alle bidrar, gjennom skatt? Var det ikkje slik vi fekk råd til veldferdsstaten? Og var det ikkje alltid Høgre som stod for den motsatte løysinga, å stramma inn på fellesgodene?